St.prp. nr. 82 (2006-2007)

Om lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2007 mv.

Til innhaldsliste

2 Regulering av statspensjonane per 1. mai 2007 og andre pensjonsforhold mv.

2.1 Pensjonar mv.

Ved handsaminga av St.meld. nr. 29 for 1985-86 føresette Stortinget at pensjonar skal regulerast i takt med grunnbeløpet i folketrygda. Dette vart første gang gjort med verknad frå 1. mai 1986 og seinast 1. mai 2006.

Grunnbeløpet i folketrygda vert i ein eigen stortingsproposisjon foreslått auka frå 62 892 kroner til 66 812 kroner frå 1. mai 2007. Dette medfører ein meirkostnad for dei faste statspensjonane på 499,511 mill. kroner, av dette er 0,971 mill. kroner på kap. 1541 Pensjonar av Statskassen og 498,540 mill. kroner på kap. 1542 Tilskot til Statens Pensjonskasse. Kap. 1546 Yrkesskadeforsikring er auka med 1,621 mill. kroner og kap. 1547 Gruppelivsforsikring er auka med 3,270 mill. kroner.