St.prp. nr. 87 (1998-99)

Om endringar i «Regulativ for tillegg mv til utskrivne vernepliktige mannskap»

Til innhaldsliste

4 Vurderingar

Dei økonomiske ytingane det dreier seg om har som eit viktig mål å sikre den vernepliktige og familien hans ein rimeleg god levestandard. Det bør takast omsyn til at kjøpekraftutviklinga for lønstakarar og vernepliktige ikkje direkte kan samanliknast, då vernepliktige har relativt små tillegg og behovsprøvde ytingar. Etter ei samla vurdering er Forsvarsdepartementet kome fram til at dei vernepliktige bør få ei regulering av tenestetillegget med 5,1%, medan dei andre primærgodtgjerslene kan få ei auke på 2,7%. Av praktiske omsyn lyt reguleringa skje frå 1. juli 1999, sjølv om oppgjera for statstilsette har seinare verknadsdato. Reguleringa av denne godtgjersla har då same verknadsdato som i fjor, då verknadsdatoen for oppgjeret i staten var 1. mai.

Til forsida