St.prp. nr. 87 (1998-99)

Om endringar i «Regulativ for tillegg mv til utskrivne vernepliktige mannskap»

Til innhaldsliste

5 Oppfølging av Haaker-utvalet si innstilling

I samband med oppgjeret i fjor vart første etappe i Haaker-utvalet si innstilling følgt opp. Utvalet har mellom anna foreslått å innføre til saman fire ekstra gratis permisjonsreiser og den første blei innført i fjor. Meirkostnadene for 1999 for reisa som blir føreslått innført frå 1. juli i år, er utrekna til ca 2 millionar kroner, då mesteparten av kostnadane, ca 9,4 millionar kroner, vil bli dekt ved omfordeling av midlar frå flyhaikkvoten. Landsutvalet for tillitsvalde i Forsvaret/Sekretariatet la i si høringsuttale til utvalet si innstilling vekt på kor viktig fleire gratis permisjonsreiser er og føreslo sjølv ei omdisponering av midlar frå flyhaikordninga.

Med ei auke på 5,1% i 1999 vil utviklinga av tenestetillegget følgje planen for å nå 100 kroner i 2000. Skilnaden mellom 2,7% og 5,1% på tenestetillegget utgjer 6,6 millionar kroner i 1999, noko som vil bli dekt innanfor ramma av forsvarsbudsjettet.

Til forsida