St.prp. nr. 89 (2008-2009)

Om endringar i «Regulativ for tillegg mv. til utskrivne vernepliktige mannskap»

Til innhaldsliste

2 Samandrag og tilrådingar

Forslaget til regulering er basert på ei tilråding til lønsoppgjeret mellom staten og LO Stat, Yrkes­organisasjonenes Sentralforbund Stat, Akademikerne og Unio Stat. Det er óg teke omsyn til at låglønsgruppa i lønsramme 01, i samband med justeringsoppgjeret pr. 1. juli 2008, fekk ei særskilt justering frå lønstrinn 16 til lønstrinn 18, då lønsramme 01 vart fjerna og erstatta med lønsramme 02. Det er naturleg og rimelig at denne særskilte justeringa for låglønsgruppa, som er basis for soldatreguleringane, óg får verknad for regulering av soldatanes primærgodtgjerdsler. Forsvarsdepartementet foreslår difor at denne justeringa kjem i tillegg til justeringa på lønstrinn 18 på A-tabellen, og at samla justering får verknad frå 1. juli 2009.

Med grunnlag i lønsoppgjeret for statstilsette, blir primærgodtgjersler til vernepliktige mannskap tilrådd auka med 3,8 % frå 1. juli 2009.

Meirutgiftene for 2009 er utrekna til 15,919 millionar kroner.