St.prp. nr. 89 (2008-2009)

Om endringar i «Regulativ for tillegg mv. til utskrivne vernepliktige mannskap»

Til innhaldsliste

7 Verknad for siviltenesta

Regulativendringane får same verknad for dei sivile vernepliktige som for militære vernepliktige mannskap. Dette følgjer av militærnekterlova § 18. Meirkostnadane for siviltenesteforvaltninga for andre halvåret 2009 er utrekna til 768 000 kroner. Heilårseffekten er utrekna til 1,135 mill. kroner.