St.prp. nr. 89 (2008-2009)

Om endringar i «Regulativ for tillegg mv. til utskrivne vernepliktige mannskap»

Til innhaldsliste

3 Bakgrunn

I mange år har dei økonomiske ytingane til soldatane blitt regulert med basis i lønsoppgjeret for tilsette i staten. Forsvarsdepartementet har dei seinare åra, i tråd med synet til forsvarskomiteen, lagt lågaste lønstrinn for vaksen, ufaglært arbeidskraft til grunn for reguleringa.

I samband med justeringsoppgjeret i staten pr. 1. juli 2008, blei lønsramme 01, som har vært basis for soldatreguleringane, fjerna og erstatta med lønsramme 02, der lågaste lønstrinn er 18. Låglønsgruppa fekk dermed eit opprykk frå lønstrinn 16 til lønstrinn 18. Då denne justeringa, som medfører ei regulering på 2,8 %, ikkje kom med i fjorårets soldatproposisjon, vil Forsvarsdepartementet tilrå at den kjem i tillegg til justeringa i lønstrinn 18 på A-tabellen ved årets regulering.

Det tilrådde lønsoppgjeret for statstilsette i lønsramme 02, alternativ 1, tenesteansiennitet 0, gav som resultat ei auke med om lag 1,0 % med verknad frå 1. mai 2009. I tillegg kjem reguleringa på 2,8 % frå justeringsoppgjet pr. 1. juli 2008. Dette utgjer til saman ei regulering avrunda til 3,8 %.