St.prp. nr. 9 (2001-2002)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i ei fellesskapsramme for samarbeid for å fremje berekraftig byutvikling

Til innhaldsliste

4 Avgjerda i EØS-komiteen

Med sikte på deltaking frå EFTA/EØS-statane i fellesskapsramma for samarbeid om berekraftig byutvikling vil EØS-komiteen vedta ei endring av artikkel 3 i protokoll 31 i EØS-avtala, slik at avtala òg omfattar denne fellesskapsramma for samarbeid. I innleiinga til utkastet til avgjerd blir det vist til artikkel 86 og 98 i EØS-avtala, som gjer det mogleg for EØS-komiteen å endre vedlegga til og visse protokollar i avtala. Vidare blir det slått fast at avtalepartane skal utvide samarbeidet til å omfatte europaparlaments- og rådsavgjerda om fastsetjing av ei fellesskapsramme for samarbeid for å fremje berekraftig byutvikling.

Artikkel 1 i utkastet slår fast at denne avgjerda blir teken inn i artikkel 3 i protokoll 31 i EØS-avtala.

Artikkel 2 i utkastet slår fast at avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke den siste meldinga etter artikkel 103 nr. 1 i avtala. Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2001.

Artikkel 3 slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.