St.prp. nr. 9 (2001-2002)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i ei fellesskapsramme for samarbeid for å fremje berekraftig byutvikling

Til innhaldsliste

5 Administrative, økonomiske, budsjettmessige og rettslege konsekvensar

Norsk deltaking i den framlagde fellesskapsramma for samarbeid krev ingen lov- eller forskriftsendringar. Fellesskapsramma har eit samla budsjett på 14 millionar euro over fire år (om lag 112 millionar kroner). Ved deltaking vil den norske løyvinga bli på om lag 500 000 kroner per år. Utgiftene vil bli dekte over budsjettet til Miljøverndepartementet, kap. 1463 post 01.