St.prp. nr. 9 (2001-2002)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i ei fellesskapsramme for samarbeid for å fremje berekraftig byutvikling

Til innhaldsliste

6 Konklusjon og tilråding

Byutvikling er eit stadig viktigare politikkområde så vel i Noreg som i resten av Europa. Målet med avgjerda om å inngå ei avtale om ei felles ramme for samarbeidet om berekraftig byutvikling, er å medverke til å styrkje dette området gjennom å gje støtte til samarbeidsprosjekt som involverer ikkje berre lokale styresmakter i byane, men også næringsliv og folk flest. Etter Miljøverndepartementet si vurdering vil deltakinga i fellesskapsramma vere i tråd med norske interesser. Programmet vil vere eit godt supplement til vår nasjonale innsats, og deltakinga vil truleg stadfeste at internasjonalt samarbeid på området berekraftig byutvikling kan gje vinstar.

På bakgrunn av dette tilrår Miljøverndepartementet at Stortinget gjev samtykke til at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om å innlemme ei fellesskapsramme for samarbeid for å fremje berekraftig byutvikling i EØS-avtala. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.