St.prp. nr. 9 (2001-2002)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i ei fellesskapsramme for samarbeid for å fremje berekraftig byutvikling

Til innhaldsliste

1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. /2001 av . . . 2001 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane

EØS-KOMITEEN HAR -

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 86 og 98, og på følgjande bakgrunn:

  1. Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. . . . av . . . 1

    .

  2. Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatte europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1411/2001/EF av 27. juni 2001 om ei fellesskapsramme for samarbeid for å fremje berekraftig byutvikling 2

    .

  3. Protokoll 31 til avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida samarbeid mogleg frå 1. januar 2001-

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I protokoll 31 til avtala skal følgjande leggjast til etter nr. 3 i artikkel 3:

«4.EFTA-statane skal frå 1. januar 2001 ta del i det fellesskapstiltaket som er nemnt i nr. 6.»
5.EFTA-statane skal frå innleiinga av samarbeidet i det tiltaket som er nemnt i nr. 6, fullt ut ta del i dei organa som støtter EF-Kommisjonen i forvaltinga eller utviklinga av dette tiltaket.
6.Avtalepartane skal særleg freiste å styrkje samarbeidet innan ramma av dei fellesskapsaktivitetane som kan verte resultatet av følgjande fellesskapsrettsakt:
-32000 D 1411:Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1411/2001/EF av av 27. juni 2001 om ei fellesskapsramme for samarbeid for å fremje berekraftig byutvikling (TEF L . . .).»

Artikkel 2

Denne avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke den siste meldinga etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 3

.

Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2001.

Artikkel 3

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

Utferda i Brussel, . . ..

For EØS-komiteen

Formann

Sekretærar for EØS-komiteen

Fotnotar

1.

TEF L . . . av .., s . . ., og EØS-tillegget til TEF nr. . . . av . . ., s . . ..

2.

TEF L . . .

3.

[Forfatningsrettslege krav oppgjevne./Ingen forfatningsrettslege krav oppgjevne.]