St.prp. nr. 9 (2004-2005)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 790/2004/EF av 21. april 2004 om fastsetjing av eit fellesskapshandlingsprogram for å fremje europeiske organ på ungdomsområdet (programmet for ungdomsorganisasjonar)

Til innhaldsliste

2 Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 790/2004/EF av 21. april 2004 om fastsetjing av eit fellesskapshandlingsprogram for å fremje europeiske organ på ungdomsområdet

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR -

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 149 nr. 4,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen,

med tilvising til fråsegna frå Det europeiske økonomi- og sosialutvalet 1

,

etter samråd med Regionutvalet,

etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 251 i traktaten 2

, og

ut frå desse synsmåtane:

  1. Ved traktaten er det innført unionsborgarskap, og det er fastsett at Fellesskapet skal medverke til innsats på området utdanning, yrkesopplæring og ungdom m.a. ved å oppmuntre til å fremje utviklinga av ungdoms- og ungdomsleiarutveksling.

  2. I Laeken-fråsegna, som er lagd ved konklusjonane frå møtet til Det europeiske rådet 14. og 15. desember 2001, er det stadfesta at ei av dei grunnleggjande utfordringane for Den europeiske unionen er spørsmålet om korleis borgarane, særleg dei unge, skal kunne førast nærmare det europeiske prosjektet og dei europeiske institusjonane. Internasjonale ikkje-statlege ungdomsorganisasjonar gjer det mogleg for ungdom å verte aktive borgarar, utvikle ansvarskjensle, uttrykkje meiningane og verdiane sine og ta del i utveksling over landegrensene. Såleis kan desse organisasjonane medverke til å føre Europa nærmare dei unge borgarane.

  3. I kvitboka «Ny innsats for europeisk ungdom», som vart lagd fram av Kommisjonen 21. november 2001, vert det hevda at ungdom bør oppmuntrast til deltaking, og at organisasjonar der ungdom kan gje uttrykk for meiningane sine, bør styrkjast. Det vert òg hevda at informasjon er ein føresetnad for utviklinga av eit aktivt borgarskap. I resolusjonen sin 3

    om kvitboka streka Europaparlamentet òg under den viktige rolla som internasjonale og europeiske ungdomsorganisasjonar spelar når det gjeld å gjere det mogleg for ungdom å ta varig del i det demokratiske livet i Europa.

  4. I kvitboka si om europeiske styringsmåtar 4

    oppmodar Kommisjonen til ei allmenn open framferd og til samråd med representantar for det sivile samfunnet, og til at desse bør ta del i utforminga av politikken til Den europeiske unionen. Kommisjonen sannkjenner den rolla som ikkje-statlege organisasjonar spelar når det gjeld å gje borgarane høve til å gje uttrykk for sine ønske.

  5. I resolusjonen av 27. juni 2002 om rammene for europeisk samarbeid på ungdomsområdet 5

    , som vart vedteken av Rådet og representantar for regjeringane til medlemsstatane samla i Rådet, vert dei prioriterte temaområda som vart lagde fram i kvitboka om europeisk ungdom, godkjende, særleg dei prioriteringane som gjeld deltaking og informasjon m.a. for å oppmuntre ungdom til å ta del i utøvinga av eit aktivt borgarskap, samstundes som det vert gjort framlegg til ordningar for å gjennomføre den opne samordningsmetoden som inneber samråd med ungdom etter eigne metodar på nasjonalt plan, og samråd med Det europeiske ungdomsforumet på europeisk plan.

  6. Det europeiske ungdomsforumet representerer ungdom overfor Den europeiske unionen og andre internasjonale institusjonar. Forumet gjer ein svært viktig innsats for å samordne og formidle synspunkta til ikkje-statlege ungdomsorganisasjonar til europeiske institusjonar, og når det gjeld å gje desse organisasjonane informasjon om europeiske saker som er av interesse for dei. Internasjonale ikkje-statlege ungdomsorganisasjonar kan tilby ungdom både ikkje-formell og uformell utdanning, opplæring og informasjon. Dei utgjer nettverk som representerer ideelle organ som driv verksemd i medlemsstatane og i andre europeiske statar.

  7. Gjennom postane A-3023 og A-3029 i det allmenne budsjettet til Den europeiske unionen for rekneskapsåret 2003 og tidlegare rekneskapsår er det gjeve støtte til Det europeiske ungdomsforumet og internasjonale ikkje-statlege organisasjonar.

  8. Etter rådsforordning (EF, Euratom) nr. 1605/2002 av 25. juni 2002 om finansreglementet som får anvendelse på De europeiske fellesskaps alminnelige budsjett 6

    , heretter kalla «finansforordninga», skal det vedtakast ei grunnleggjande rettsakt som desse eksisterande støttetiltaka skal byggje på.

  9. Då finansforordninga vart vedteken, tok Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen på seg å syte for at denne grunnleggjande rettsakta kan ta til å gjelde med verknad frå rekneskapsåret 2004.

  10. Med tanke på kor viktig det er å styrkje banda mellom den utvida unionen og nabostatane på det europeiske kontinentet, bør det leggjast til rette for at programmet vert utvida slik at det omfattar tilmeldingsstatane, og når det gjeld nokre av tiltaka, alle statane i Europa.

  11. Eventuell finansiering som ikkje kjem frå midlar i Fellesskapet, bør stette føresegnene i artikkel 87 og 88 i traktaten.

  12. I denne avgjerda er det for heile det tidsrommet som programmet varer, fastsett ei finansiell ramme som utgjer det viktigaste referansegrunnlaget for budsjettstyresmakta ved den årlege budsjetthandsaminga, slik det er definert i nr. 33 i den tverrinstitusjonelle avtala av 6. mai 1999 mellom Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen om budsjettdisiplin og betre budsjetthandsaming 7

    .

  13. Eventuell støtte som vert gjeven innanfor ramma av denne avgjerda, bør fullt ut stette nærleiksprinsippet og prinsippet om rimeleg samhøve -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

Måla for og verksemda til programmet

  1. Ved denne avgjerda vert det skipa eit fellesskapshandlingsprogram for å fremje organ som driv verksemd på europeisk plan på ungdomsområdet (heretter kalla «programmet»).

  2. Det overordna målet for programmet er å støtte verksemda til desse organa. Denne verksemda går fram av det jamlege arbeidsprogrammet til eit organ som arbeider for å verkeleggjere eit mål av allmenn europeisk interesse på ungdomsområdet eller eit mål som utgjer ein del av politikken til Den europeiske unionen på dette området. Denne verksemda må særleg medverke til eller kunne medverke til ei aktiv deltaking frå unge borgarar i det offentlege livet og i samfunnet, og til utvikling og gjennomføring av samarbeidstiltak på ungdomsrådet i ei vidare tyding i Fellesskapet. Samarbeidet med Det europeiske ungdomsforumet medverkar til dette overordna målet ved at dette forumet representerer og samordnar ikkje-statlege ungdomsorganisasjonar og formidlar informasjon om ungdom til dei europeiske institusjonane.

  3. Programmet skal gjennomførast i tidsrommet 1. januar 2004-31. desember 2006.

Artikkel 2

Tilgang til programmet

For å ha rett til å få driftstilskot må eit organ stette krava i vedlegget og dessutan følgjande kriterium:

  1. det må drive verksemd som er i samsvar med dei prinsippa som ligg til grunn for fellesskapstiltaka på det ungdomspolitiske området, og ta omsyn til dei prioriteringane som er fastsette i vedlegget,

  2. det må ha vore skipa på lovleg måte i minst eitt år,

  3. det må drive verksemd på europeisk plan, anten aleine eller i form av ulike samordna samanslutningar, og det må ha ein struktur og drive ei form for verksemd som kan ha innverknad i heile unionen, eller som kan omfatte minst åtte av dei statane som er nemnde i artikkel 3, medrekna medlemsstatane.

Artikkel 3

Deltaking for tredjestatar

  1. Tiltaka innanfor ramma av programmet kan vere opne for deltaking for organ som er etablerte i følgjande statar:

    1. tilmeldingsstatar som skreiv under tilmeldingstraktaten 16. april 2003,

    2. EFTA-EØS-statane i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i EØS-avtala,

    3. Romania og Bulgaria, i samsvar med dei vilkåra for deltaking som skal fastsetjast i samsvar med dei høvesvise europeiske avtalene, i tilleggsprotokollane deira og i avgjerdene til dei høvesvise assosieringsråda,

    4. Tyrkia, i samsvar med dei vilkåra for deltaking som skal fastsetjast i samsvar med rammeavtala av 26. februar 2002 mellom Det europeiske fellesskapet og Republikken Tyrkia om dei generelle prinsippa om deltakinga til Republikken Tyrkia i fellesskapsprogram 8

      .

  2. Deltaking i dette programmet kan òg vere open for organ som er etablerte i dei statane på Balkan som tek del i stabiliserings- og assosieringsprosessen i for statane i Søraust-Europa 9

    , og for nokre av statane i Samveldet av uavhengige statar, i samsvar med dei vilkåra og framgangsmåtane som skal avtalast med desse statane 10

    .

Artikkel 4

Utveljing av støttemottakarar

Programmet omfattar to typar støttemottakarar:

  1. gruppe 1: driftstilskot som skal gjevast direkte til dei støttemottakarane som er nemnde i nr. 2 i vedlegget;

  2. gruppe 2: driftstilskot til varig verksemd som vert driven av eit organ som arbeider for å verkeleggjere eit mål av allmenn europeisk interesse på ungdomsområdet, og som skal gjevast i samsvar med dei allmenne kriteria som er fastsette i vedlegget gjennom innbyding til framlegg.

Artikkel 5

Tildeling av tilskot

Grants under the different actions of the programme shall be awarded in compliance with the provisions set out in the relevant part of the Annex.

Artikkel 6

Finansielle føresegner

  1. Den finansielle ramma for gjennomføringa av programmet er 13 millionar euro for det tidsrommet som er fastsett i artikkel 1 nr. 3.

  2. Dei årlege løyvingane skal godkjennast av budsjettstyresmakta innanfor ramma av dei finansielle overslaga.

Artikkel 7

Gjennomføring

Kommisjonen skal ha ansvaret for å gjennomføre dette programmet i samsvar med føresegnene i vedlegget, og skal jamleg gje Europaparlamentet, Rådet og medlemsstatane melding om gjennomføringa.

Artikkel 8

Overvaking og vurdering

Kommisjonen skal seinast 31. desember 2007 leggje fram for Europaparlamentet og Rådet ein rapport om verkeleggjeringa av måla for dette programmet. Denne rapporten skal mellom anna byggje på ein ekstern vurderingsrapport som må vere tilgjengeleg seinast ved slutten av 2006, og som minst skal vurdere om programmet er allment relevant og samanhengande, kor effektiv gjennomføringa har vore (førebuing, utveljing og gjennomføring av tiltaka) og kor effektive dei einskilde tiltaka har vore når det gjeld å oppnå dei måla som er fastsette i artikkel 1 og i vedlegget.

Artikkel 9

Iverksetjing

Denne avgjerda tek til å gjelde dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen.

Utferda i Strasbourg, 21. april 2004.

For EuropaparlamentetFor Rådet
P. COXD. ROCHE
PresidentFormann

Vedlegg

1.Verksemd som får støtte
Det overordna målet som er fastsett i artikkel 1, er å styrkje fellesskapsinnsatsen på ungdomsområdet og gjere han meir effektiv ved å fremje organ som arbeider på dette området.
1.1.Hovudverksemda som desse ungdomsorganisasjonane driv, og som truleg vil medverke til å styrkje og effektivisere fellesskapsinnsatsen, omfattar m.a. følgjande:
-representasjon av mangfaldet i synspunkta og interessene til ungdom på fellesskapsplan,
-ungdomsutveksling og volontørteneste,
-uformelle og ikkje-formelle lærings- og arbeidsprogram,
-fremjing av fleirkulturell læring og forståing,
-drøfting av europeiske spørsmål og EU-politikk eller ungdomspolitikk,
-spreiing av informasjon om fellesskapsinnsats,
-tiltak for å fremje deltaking og inititativ frå unge borgarar.
1.2.Hovudverksemda til Det europeiske ungdomsforumet er følgjande:
-representasjon av ungdom overfor Den europeiske unionen,
-samordning av haldningane til medlemmene sine overfor Den europeiske unionen,
-formidling av informasjon om ungdom til dei europeiske institusjonane,
-formidling av informasjon frå Den europeiske unionen til nasjonale ungdomsråd og ikkje-statlege organisasjonar,
-tiltak for å fremje og leggje til rette for at ungdom kan ta del i det demokratiske livet,
-medverke i arbeidet innanfor dei nye rammene for samarbeid på ungdomsområdet som er fastsette på EU-plan,
-medverknad i utviklinga av politikken, arbeidet og utdanninga på ungdomsområdet, formidling av informasjon om ungdom og utvikling av representative strukturar for ungdom i heile Europa,
-deltaking i drøftinga og utgreiinga om ungdom i Europa og i andre delar av verda og om innsatsen som Den europeiske unionen gjer for å støtte ungdom.
2.Gjennomføring av den verksemda som får støtte
Verksemd som skal utførast av organ som har rett til å få fellesskapsfinansiering innanfor ramma av programmet, høyrer inn under eitt av dei følgjande områda:
2.1.Tiltaksområde 1: Støtte til Det europeiske ungdomsforumet
2.1.1.Innanfor dette tiltaksområdet kan det gjevast tilskot for å støtte den varige verksemda til Det europeiske ungdomsforumet, som er eit organ som arbeider for å verkeleggjere mål som er av allmenn europeisk interesse, og som har nasjonale ungdomsråd og internasjonale ikkje-statlege ungdomsorganisasjonar som medlemmer, i samsvar med følgjande prinsipp:
-Det europeiske ungdomsforumet står fritt til å velje ut medlemmene sine, for såleis å sikre at ulike ungdomsorganisasjonar vert representerte på beste måte,
-Det europeiske ungdomsforumet står fritt til å utarbeide detaljerte spesifikasjonar for verksemda si, i samsvar med nr. 1.2,
-størst mogleg deltaking i verksemda til Det europeiske ungdomsforumet frå ungdomsorganisasjonar som ikkje er medlem i forumet, og frå ungdom som ikkje er medlem i nokon organisasjon,
-aktiv medverknad frå Det europeiske ungdomsforumet i dei politiske prosessane som er relevante for ungdom på europeisk plan, særleg ved å gje svar til dei europeiske institusjonane når dei rådfører seg med det sivile samfunnet, og ved å gjere greie for haldningane til desse institusjonane overfor medlemmene sine,
-medlemmene skal ha ei geografisk fordeling som omfattar dei statane som er nemnde i artikkel 3.
2.1.2.Innanfor ramma av tiltaksområde 1 kan Det europeiske ungdomsforumet få løyvingar som dekkjer driftstilskot og utgifter til at det kan gjennomføre tiltaka sine.
2.1.3.Tilskotet til Det europeiske ungdomsforumet skal ikkje dekkje alle dei utgiftene som gjev rett til støtte i det kalenderåret som støtta vart tildelt for. Minst 20 % av budsjettet til forumet må samfinansierast frå kjelder utanfor Fellesskapet. Slik samfinansiering kan delvis eller fullt ut ha form av naturalytingar, på det vilkåret at verdien av denne støtta verken overstig dei faktiske kostnadene som er dokumenterte ved vedlegg til rekneskapen, eller dei allment godtekne kostnadene på den aktuelle marknaden.
2.1.4.Driftsstøtte som vert tildelt Det europeiske ungdomsforumet i medhald av artikkel 113 nr. 2 i finansforordninga, skal ikkje vere omfatta av prinsippet om gradvis nedtrapping, ettersom forumet er eit organ som arbeider for eit mål som er av allmenn europeisk interesse.
2.1.5.Ettersom det er naudsynt å sikre kontinuitet i Det europeiske ungdomsforumet, skal det tildelast programressursar i samsvar med følgjande retningslinje: ressursane som skal tildelast innanfor ramma av tiltaksområde 1, skal vere minst 2 millionar euro.
2.1.6.Tilskota kan tildelast Det europeiske ungdomsforumet etter at det er motteke ein høveleg arbeidsplan og eit høveleg budsjett. Tilskota kan tildelast kvart år innanfor ei rammeavtale om partnarskap med Kommisjonen.
2.2.Tiltaksområde 2: Støtte til den varige verksemda til organ som arbeider for å verkeleggjere eit mål av allmenn europeisk interesse på ungdomsområdet, eller eit mål som utgjer ein del av politikken til Den europeiske unionen på dette området.
2.2.1.Innanfor ramma av dette tiltaksområdet kan det tildelast tilskot til dei førnemnde organa som støtte til driftskostnadene og dei administrative kostnadene deira. Dette kan omfatte:
a)eit ideelt organ som driv berre med ungdomsarbeid, eller eit organ som har vidare mål, men som i ein del av verksemda si driv berre med ungdomsarbeid; i begge tilfella må organet trekkje inn ungdom i leiinga av den verksemda som er retta mot ungdom,
b)eit europeisk nettverk som representerer ideelle organ som driv verksemd retta mot ungdom, og som trekkjer ungdom med i verksemda si.
Det kan tildelast eit årleg driftstilskot til støtte for det varige arbeidsprogrammet til eit slikt organ.
2.2.2.Innanfor ramma av tiltaksområde 2 skal det berre takast omsyn til dei kostnadene som er naudsynte for at den utvalde støttemottakaren skal kunne utføre den vanlege verksemda si på ein tilfredsstillande måte, særleg personalkostnader, diverse kostnader (leige, eigedomsutgifter, utstyr, kontormateriale, telekommunikasjon, porto osv.), kostnader til interne møte og kostnader til publisering, informasjon og spreiing.
2.2.3.Eit driftstilskot innanfor ramma av tiltaksområde 2 skal ikkje finansiere alle dei utgiftene som kvalifiserer til støtte i det kalenderåret som støtta vart tildelt for. Minst 20 % av budsjettet til dei organa som er omfatta av dette tiltaksområdet, må samfinansierast frå kjelder utanfor Fellesskapet. Omfanget av samfinansieringa skal fastsetjast kvart år gjennom innbyding til framlegg. Slik samfinansiering kan delvis eller fullt ut ha form av naturalytingar, på det vilkåret at verdien av denne støtta verken overstig dei faktiske kostnadene som er dokumenterte ved vedlegg til rekneskapen, eller dei allment godtekne kostnadene på den aktuelle marknaden.
2.2.4.I medhald av artikkel 113 nr. 2 i finansforordninga skal driftstilskot som vert tildelte på denne måten, gradvis nedtrappast dersom dei vert fornya. Denne nedtrappinga skal gjelde frå og med tredje året og fastsetjast til 2,5 % per år. For å kunne følgje denne regelen, som gjeld utan at han rører ved samfinansieringa som er nemnd ovanfor, skal den prosentvise delen av samfinansieringa frå Fellesskapet, dvs. støtta i eit fastsett rekneskapsår, vere minst 2,5 prosentpoeng lågare enn den prosentvise delen av samfinansieringa frå Fellesskapet som vart tildelt for det førre rekneskapsåret.
2.2.5.Organa som tek imot driftstilskot innanfor ramma av tiltaksområde 2, skal veljast ut på grunnlag av innbydingar til framlegg.
Det kan for heile den tida programmet varer, gjerast rammeavtaler om partnarskap med organ som vert valde ut på denne måten. Særskilde tilskot på grunnlag av rammeavtaler skal tildelast i samsvar med dei framgangsmåtane som er fastsette i desse avtalene.
Rammeavtalene skal likevel ikkje hindre at det kan veljast ut ytterlegare støttemottakarar på grunnlag av årlege innbydingar til framlegg.
2.3.Overgangsføresegner
2.3.1.For tilskot som vert tildelte i 2004, kan tidsrommet då det kan gjevast støtte til utgifter, ta til 1. januar 2004 på det vilkåret at utgiftene ikkje har kome på før datoen då søknaden om tilskot vart levert, eller før datoen då budsjettåret til støttemottakaren tek til.
2.3.2.Dersom budsjettåret til støttemottakaren tek til før 1. mars, kan det i 2004 gjerast unntak for plikta til å underskrive avtala før utgangen av dei første fire månadene i budsjettåret til støttemottakaren, slik det er nemnt i artikkel 112 nr. 2 i finansforordninga. I dette tilfellet bør avtala om tilskot underskrivast seinast 30. juni 2004.
3.Kriterium for vurdering av søknader om finansiering
3.1.Søknader om finansiering skal vurderast i lys av:
-samsvaret deira med måla for programmet,
-kvaliteten på den planlagde verksemda,
-den mangfaldiggjerande verknaden denne verksemda kan ha på ungdom,
-det geografiske omfanget av verksemda,
-medverknaden frå ungdom i organisasjonen til dei organa som det gjeld.
3.2.Kommisjonen skal gje søkjarane høve til å rette formelle feil innan ein fastsett frist etter at dei har sendt inn søknaden sin.
4.Innsyn
Alle som tek imot tilskot som vert tildelte innanfor ramma av eit av tiltaka i dette programmet, skal på ein godt synleg stad, t.d. på ei heimeside på Internett eller i ein årsrapport, opplyse om at dei har motteke finansiering frå budsjettet til Den europeiske unionen.
5.Forvalting av programmet
Kommisjonen kan, på grunnlag av ein nytte- og kostnadsanalyse og i samsvar med artikkel 55 i finansforordninga, avgjere at heile eller delar av oppgåvene i samband med forvaltinga av programmet, skal overførast til eit forvaltingskontor. Kommisjonen kan òg nytte seg av sakkunnige og nytte seg av anna teknisk og administrativ støtte som ikkje inneber noka utøving av offentleg avgjerdsmakt, ved å setje ut oppgåver på grunnlag av eingongsavtaler om tenesteyting. Han kan òg finansiere granskingar og skipe til møte mellom sakkunnige med sikte på å lette gjennomføringa av programmet, og setje i verk opplysnings- og spreiingstiltak som er direkte knytte til verkeleggjeringa av måla for programmet.
6.Kontroll og revisjon
6.1.Mottakaren av driftstilskot skal i fem år rekna frå den siste utbetalinga stille til rådvelde for Kommisjonen alle underlagsdokument, medrekna den reviderte finansrekneskapen, som gjeld utgifter som har kome på gjennom det året då tilskotet vart gjeve. Støttemottakaren skal syte for at underlagsdokument som eventuelt er å finne hjå partnarar eller medlemmer, vert stilte til rådvelde for Kommisjonen.
6.2.Kommisjonen kan ved hjelp av sitt eige personale eller eit anna kvalifisert eksternt organ som han sjølv vel ut, utføre ein revisjon av den måten tilskota er vortne nytta på. Slik revisjon kan utførast i heile det tidsrommet som avtala gjeld for, og i eit tidsrom på fem år etter dagen for utbetaling av den siste tilskotsdelen. Resultata av revisjonen kan føre til at Kommisjonen tek avgjerd om å krevje tilbakebetaling.
6.3.Personalet til Kommisjonen og eksternt personale som har fått fullmakt frå Kommisjonen, skal i den grad det er naudsynt for å gjennomføre revisjon, få eigna tilgang til lokala til støttemottakaren og til alle opplysningar, medrekna opplysningar i elektronisk format.
6.4.Revisjonsretten og Det europeiske kontoret for motkjemping av svik (OLAF) skal ha same rettar som Kommisjonen, særleg når det gjeld retten til tilgang.
6.5.For å verne dei finansielle interessene til Det europeiske fellesskapet mot svik og andre avvik kan Kommisjonen utføre kontrollar på staden og inspeksjonar innanfor ramma av dette programmet, i samsvar med rådsforordning (EF, Euratom) nr. 2185/96

TEF L 292 av 15.11.1996, s. 2.

. Dersom det er naudsynt, skal granskingar utførast av Det europeiske kontoret for motkjemping av svik (OLAF) i medhald av europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1073/1999

TEF L 136 av 31.5.1999, s. 1.

.
6.6.Dersom det ikkje er vist til noka anna forordning i denne grunnleggjande rettsakta, skal finansforordninga og gjennomføringsføresegnene for denne forordninga nyttast.

Fotnotar

1.

TEU C 10 av 14.1.2004, s. 18.

2.

Europaparlamentsfråsegn av 6. november 2003 (enno ikkje offentleggjord i TEU). Felles haldning frå Rådet av 22. desember 2003 (TEF C 72 E av 23.3.2004, s. 10), haldning frå Europaparlamentet av 10. mars 2004 (enno ikkje offentleggjord i TEU), og rådsavgjerd av 30. mars 2004.

3.

TEU C 180 E av 31.7.2003, s. 145.

4.

TEU C 287 av 12.10.2001, s. 1.

5.

EFT C 168 av 13.7.2002, s. 2.

6.

TEF L 248 av 16.9.2002, s. 1.

7.

TEU C 172 av 18.6.1999, s. 1. Avtala endra ved europaparlaments- og rådsavgjerd 2003/429/EF (TEU L 147 av 14.6.2003, s. 25).

8.

TEF L 61 av 2.3.2002, s. 29.

9.

Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia, Albania, Serbia og Montenegro, Bosnia-Hercegovina og Kroatia.

10.

Kviterussland, Moldova, Den russiske føderasjonen, Ukraina.