St.prp. nr. 9 (2004-2005)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 790/2004/EF av 21. april 2004 om fastsetjing av eit fellesskapshandlingsprogram for å fremje europeiske organ på ungdomsområdet (programmet for ungdomsorganisasjonar)

Til innhaldsliste

6 Konklusjon og tilråding

Ved deltaking i programmet vil EØS-EFTA-statane medverke, på same måte som EU, til å fremje europeisk samarbeid på ungdomsområdet. Programmet vil gjere det lettare for norske barne- og ungdomsorganisasjonar å ta del i det europeiske ungdomssamarbeidet, både gjennom dei internasjonale paraplyorganisasjonane sine og ved høvet til å ta del i særskilde samarbeidsprosjekt. I Kommisjonen sitt framlegg om nytt generelt ungdomsprogram for perioden 2007-13 er det gjort framlegg om vidareføring av tiltaka. Barne- og familiedepartementet tilrår difor at Noreg tek del i avgjerda i EØS-komiteen om å innlemme i EØS-avtala avgjerd nr. 790/2004/EF av 21. april 2004 om fastsetjing av eit fellesskapshandlingsprogram for å fremje europeiske organ på ungdomsområdet (programmet for ungdomsorganisasjonar). Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.