St.prp. nr. 9 (2007-2008)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 143/2007 av 26. oktober 2007 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 717/2007 om internasjonal gjesting i offentlege mobiltelefonnett i Fellesskapet osv.

Til innhaldsliste

6 Konklusjon og tilråding

Samferdselsdepartementet støttar forordninga, då dette er eit viktig steg i retning av å sikre forbrukarane lågare ringjeprisar i utlandet. Forordninga vil gjere slutt på dei urimeleg høge prisane som mobiltilbydarane har teke for internasjonal gjesting i mobilnett. Dette er særleg positivt for norske forbrukarar, som må seiast å reise relativt mykje i (Sør-)Europa. Samferdselsdepartementet har særleg støtta reguleringa av engrosnivået, men har òg forståing for den framlagde reguleringa på sluttbrukarnivået.

Det er viktig at reguleringa får verknad for forbrukarane i form av lågare prisar. Samferdselsdepartementet har spesielt teke opp med Kommisjonen at SMS-prisar burde vere omfatta av forordninga. Dette er ikkje med i forordninga per i dag. Det vert likevel vurdert som positivt at EU i forordningsteksta opplyser at Kommisjonen vil vurdere dette på nytt før utgangen av dei neste 18 månadene. Kommisjonen har uttalt at han vil følgje prisutviklinga på datatenester og SMS nøye, og dersom desse prisane vert verande høge, vil dette vere eit incentiv til at slike tenester òg vil verte omfatta av reguleringa.

Samferdselsdepartementet tilrår at Noreg godkjenner avgjerd i EØS-komiteen nr. 143/2007 av 26. oktober 2007 om innlemming av europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 717/2007 av 27. juni 2007 om internasjonal gjesting i offentlege mobiltelefonnett i Fellesskapet og om endring av direktiv 2002/21/EF. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.