St.prp. nr. 98 (2008-2009)

Om utbygging og finansiering av Samferdselspakke for Kristiansandsregionen fase 1

Til innhaldsliste

4 Trafikkgrunnlag

Bompengeopplegget for samferdselspakka byggjer i stor grad på dagens ordning, med vidareføring av innkrevjinga i eksisterande fem bomstasjonar. Statistikken frå Kristiansand bompengeselskap viser at årsdøgntrafikken gjennom bomstasjonane i Kristiansand var på 56 400 køyretøy i 2008. Utan bompengeinnkrevjing er det venta ein årsdøgntrafikk gjennom bomstasjonssnitta på om lag 58 500 køyretøy i 2010. Det er rekna med 5 pst eingongsbortfall av trafikk ved overgangen frå eksisterande til ny bompengeordning grunna bortfall av periodeabonnement og at takstane blir dobla. Med det framlagte opplegget er det derfor rekna med at årsdøgntrafikken gjennom bomstasjonane blir redusert til 55 500 køyretøy (5 pst) i 2010.

Ny rv 456 Kolsdalen - Lumberkrysset vil innebere eit nytt samband til Tinnheia. Hovudformålet med dette er å leie trafikk mellom bydelen Tinnheia og sentrum via E39 framfor rv 9. Dette vil samstundes gi eit nytt tverrsamband mellom E39 og rv 9 utanfor bomringen, noko som inneber at det er venta eit ytterlegare bortfall av trafikk gjennom bomstasjonane på om lag 800 køyretøy pr. år frå 2013.

For den generelle trafikkutviklinga er prognosane som blei utarbeidde i samband med Nasjonal transportplan 2010-2019 lagt til grunn. Dette inneber ein årleg trafikkvekst på 1,8 pst frå 2007, 1,6 pst frå 2010 og 1,3 pst frå 2014.

Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring av trafikkgrunnlaget som ligg til grunn for finansieringa av samferdselspakka.