St.prp. nr. 98 (2008-2009)

Om utbygging og finansiering av Samferdselspakke for Kristiansandsregionen fase 1

Til innhaldsliste

7 Samferdselsdepartementet si vurdering

Samferdselsdepartementet er positiv til at lokale styresmakter vil vidareføre satsinga på samferdselstiltak i Kristiansandsregionen gjennom ei ny Samferdselspakke fase 1. I tillegg til at ny rv 456 vil betre tilkomsten til bydelen Vågsbygd vil tiltaka innafor mjuk pakke føre til ei stor betring i framkomme og tryggleik for gåande og syklande trafikantar gjennom vidareutviking av samanhengande hovudnett for gang- og sykkeltrafikken i regionen. Kollektivtilbodet blir betra gjennom vidare utbygging av kollektivnettet, og det er også prioritert midlar til trafikktryggleikstiltak. Tiltaka vil gi et betre tilbod for miljøvennlege transportformer. Pakka vil bidra til at Kristiansand får eit transportsystem der ein lettare kan veksle mellom å vere bilist, kollektivtrafikant og syklist.

Samferdselsdepartementet syner til St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010 -2019 som fastset nasjonale mål for transportpolitikken. Samordna bruk av areal- og transportpolitiske verkemiddel skal bidra til:

  • Betre framkomme

  • Færre drepne og hardt skadde

  • Reduserte miljøskadelege verknader av transport

  • Universell utforming

Det skal òg utviklast strategiar for meir kollektivtransport, fleire reiser til fots og med sykkel i byane. Tryggleik, miljø og tilgjenge skal betrast vesentleg gjennom mindre investeringstiltak. I dei største byane trengst eit samarbeid over forvaltningsgrensene om ein politikk for eit styrka kollektivtilbod og utbygging av sykkelvegnettet kombinert med restriksjonar for privat biltransport.

Regjeringa syner til at Kristiansand er omfatta av programmet «Framtidas byar». Dette er eit nettverk av byar som i fellesskap skal møte klimautfordringane.

Dei nasjonale måla, strategiar og programmet «Framtidas byar» utgjer ein del av grunnlaget for prioriteringane av tiltak som skal finansierast med midlar frå Samferdselspakke fase 1.

Det er vidare inngått ein avtale mellom Samferdselsdepartementet og Kristiansandsregionen ved Vest-Agder fylkeskommune og Kristiansand kommune om belønningstilskott til betre kollektivtransport og mindre bilbruk for perioden 2009-2012. For slike fleirårlege avtaler gjeld atterhald om Stortingets årlege løyvingar. Det er eit mål at biltrafikken gjennom bomringen skal reduserast med 5 pst i avtaleperioden. Den samla biltrafikken i området skal ikkje auke frå og med 2010, og helst reduserast.

Regjeringa har merka seg at det er lagt opp til 30-50 pst rabatt i fase 1. Hovudregelen for nye bompengeringar i by skal vere flat rabatt, avgrensa til brikkebrukarar. Denne regelen skal nyttast ved framtidige endringar av rabattsystemet i Kristiansand.

Departementet legg til grunn at bruk av midlar til vidare planlegging og førebuing av ei eventuell Samferdselspakke for Kristiansandsregionen fase 2 blir utsett til regjeringa har tatt stilling til saka gjennom behandling av KS1. Vidare vil departementet kome attende til bruken av dei resterande midlane som er føresette til opprusting av rv 41/rv 451 mellom Timenes og Kjevik flyplass når lokale avklaringar ligg føre.

Med dei økonomiske føresetnadene som er lagt til grunn vil prosjekt og tiltak i fase 1 kunne finansierast gjennom innkrevjing i om lag 8 år. Samferdselsdepartementet sluttar seg i hovudsak til det skisserte opplegget for handtering av eventuelle endringar i kostnader og inntening.

Departementet føreset at bompengeinntektene etter ev. innføring av rushtidsavgift må vere tilstrekkelege til å ivareta bompengeselskapet sitt økonomiske ansvar.

Med bakgrunn i NTP 2010-2019 og avtalen med lokale styresmakter om belønningstilskott legg Samferdselsdepartementet særskilt vekt på dei lokale vedtaka om å skjerma mjuk pakke ved eventuell kostnadsauke på veganlegga. Det er såleis ein føresetnad at mjuk pakke blir minst så stor som det er lagt til grunn i denne proposisjonen.

Mange av prosjekta innafor samferdselspakka er på dagens øvrige riksvegnett. Det statlege ansvaret for investeringar på desse delane av det øvrige riksvegnettet blir overført til fylkeskommunane når forvaltningsreforma trer i kraft i 2010. Dette inneber at Aust- og Vest-Agder fylkeskommunar er ansvarlege for å løyve føresette statlege midlar til samferdselspakka frå 2010. Desse midlane framgår som fylkeskommunale midlar i finansieringsplanen i tabell 5.1.

Samferdselsdepartementet legg til grunn at framdrift og eventuelle omprioriteringar mellom enkeltprosjekt innafor mjuk pakke bli handtert av dei respektive fylkeskommunane. Den skisserte fordelinga av midlar mellom dei to fylka i tråd med lokalpolitiske vedtak står likevel fast.