St.prp. nr. 98 (2008-2009)

Om utbygging og finansiering av Samferdselspakke for Kristiansandsregionen fase 1

Til innhaldsliste

5 Forslag til finansieringsopplegg

Finansieringa av samferdselspakka er basert på fylkeskommunale midlar frå Aust- og Vest-Agder og bompengar. 87 pst av investeringskostnadene er føresett dekka med bompengar. Finansieringsplanen er vist i tabell 5.1.

Tabell 5.1 Forslag til finansieringsplan

2006-20092010-20132014-2017Sum
Fylkeskommunale midlar Vest-Agder0122100222
Fylkeskommunale midlar Aust-Agder010818
Bompengar801 2802001 560
Sum801 4123081 800

Det er lagt til grunn at omfanget av utbygginga blir tilpassa den økonomiske ramma for Samferdselspakke fase 1. All kostnadsauke må følgjeleg løysast innafor dei økonomiske rammene for pakka. I dei lokalpolitiske vedtaka er det føresett at ein eventuell kostnadsauke på rv 456 Kolsdalen - Lumberkrysset blir dekka ved fyrst å nytte kuttlista og deretter ved å omprioritere dei unytta bompengane som er planlagt til rv 41/rv 451 Timenes - Kjevik. Dersom dette ikkje er nok, er det føresett å nytte bompengar som er planlagt til mjuk pakke etter 2013 og eventuelt også bompengar til planlegging og førebuing av fase 2. Eit slikt opplegg inneber at bompengeselskapet ved kostnadsauke må ta opp større lån i perioden 2010-2013 enn føresett i tabell 5.1, noko som vil føre til større renteutgifter og ytterlegare reduksjonar i ramma til planlagde tiltak etter 2013.

Eventuell kostnadsreduksjon på rv 456 Kolsdalen - Lumberkrysset er føresett å bidra til å redusere innkrevjingstida for fase 1, og eventuelt tidlegare oppstart av fase 2. Ut over dette er det lagt til grunn at omfanget av tiltak innafor dei ulike områda blir tilpassa rammene i utbyggingsplanen, jf. tabell 2.1.

Bompengeopplegg

Finansieringsopplegget for samferdselspakka byggjer i stor grad på vidareføring av eksisterande innkrevjingsopplegg i Kristiansand sentrum. Dette omfattar fem automatiske bomstasjonar med einvegs innkrevjing på tilfartsvegane til sentrum: E18, E39, rv 9, fv 1 Sødalsveien, samt på kommunal veg Tretjønnveien, jf. figur 1.1. Til saman utgjer desse ein tett ring rundt sentrum. Bomstasjonane er føresett plasserte som i dagens bomring, men bygd om til automatiske bomstasjoner. Bomstasjonen på E39 vil kome i konflikt med veganlegget rv 456 Kolsdalen - Lumberkrysset, og vil derfor bli flytta om lag 300 meter mot sentrum.

Trafikkføresetnadene går fram av kap. 4. Følgjande takstar er lagt til grunn:

  • Lette køyretøy (totalvekt t.o.m. 3 500 kg): 20 kr (2007-kr).

  • Tunge køyretøy (totalvekt over 3 500 kg): 40 kr (2007-kr).

Abonnentar vil bli tilbydd rabattar frå 30 til 50 pst. i samsvar med gjeldande takstretningsliner. Det er vidare føresett at køyretøy med Autopass-brikke betaler berre ein gong pr. time og at abonnentane ikkje betaler for meir enn 50 passeringar pr. månad. Køyretøy med Autopass-brikke og der det ikkje er teikna rabattabonnement får 10 pst takstreduksjon. Takstane er føresett justerte i samsvar med prisutviklinga. Med desse føresetnadene er gjennomsnittleg inntekt pr. passering rekna til om lag 10 kr (2007-kr).

Følgjande basisføresetnader er elles lagt til grunn for finansieringsanalysen:

  • Lånerente: 8,0 pst

  • Årleg prisstigning: 2,5 pst

  • Årlege innkrevjingskostnader: 10 mill. kr.

  • Brikkebruk: 90 pst

Med desse basisføresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 8 år. Dette inneber ein auke på om lag eitt år i høve til det som er lagt til grunn i dei lokalpolitiske vedtaka. Bompengane skal dekke renteutgifter på om lag 220 mill. kr og innkrevjingskostnader på 80 mill. kr, i tillegg til utbyggingskostnader på 1 560 mill. kr. Samla bompengeinntekter er følgjeleg venta å utgjere om lag 1 860 mill. kr.

Det er også rekna på eit alternativ med følgjande føresetnader:

  • 10 pst trafikknedgang i opningsåret

  • Ingen årleg trafikkvekst

Med desse føresetnadene vil innkrevjingsperioden auke med eit halvt år. Dette viser at bompengeopplegget er robust i høve til endringar i trafikkføresetnadene.

8 pst. rente er ein standardføresetnad som Statens vegvesen bruker i bompengeprosjekt. I fleire andre bompengeproposisjonar den siste tida har det vore lagt inn 6,5 pst. Dette har vore nødvendig av omsyn til finansieringsplanen. Statens vegvesen stiller då krav om fastrenteavtale. Samferdselspakka for Kristiansand fase 1 er robust, og det er ikkje naudsynt å gå ned til 6,5 pst. Dermed er det heller ikkje krav om fastrenteavtale.

Bompengestasjonane er basert på Autopasssystemet og vil ha tilsvarande teknologiske løysingar som eksisterande bomstasjonar i Oslo, Bergen og Tønsberg. Betaling av bompengar vil skje ved bruk av ei elektronisk brikke eller ved etterskotsvis fakturering basert på videofotografering av registreringsnummer på bilen. Av omsyn til personvern blir det lagt opp til å kunne betale ved nærliggjande bensinstasjonar, eller tilsvarande, som har avtale med bompengeselskapet. Departementet viser til St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019 der det blir varsla eit interdepartementalt arbeid om anonymitet i heilautomatiske bomstasjonar, jf. også St.prp. nr. 40 (2007-2008) Om Oslopakke 3 trinn 1.