Revidert nasjonalbudsjett

2 millionar kroner til vidare utgreiing av hamna i Vardø

Regjeringa foreslår å setje av 2 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett til vidare utgreiing av tiltak i tilknyting til hamna i Vardø.

- Regjeringa vil ruste opp hamner og farleier for å sikre vekst i fiskeriavhengige kystsamfunn. Dette er eit viktig satsingsområde nedfelt i Hurdalsplattforma. Vardø er av stor verdi for fiskerinæringa i Aust-Finnmark. Regjeringa ønskjer derfor å kome i gong med dette prosjektet så raskt som mogeleg, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

I NTP 2022-2033 er det sett av 200 millionar kroner til tiltak i tilknyting til hamna i Vardø, og prosjektet skal etter planen kunne startast opp innan 2026-2027. - Regjeringa har stor forståing for utolmodet til Vardøsamfunnet. Samtidig kjem vi ikkje utanom at prosjekt som dette må utgreiast og planleggjast før det blir starta, slik at anslaget på kostnader er så riktig som mogeleg og for å sikre at alle relevante regelverk er overhaldne, seier fiskeri- og havministeren.

Som følgje av regionreforma har ikkje Kystverket oppdaterte planar for alle tiltaka som ligg inne i NTP 2022-2033, og fleire av dei krev derfor vidare utgreiingar og avklaringar. Dette gjeld bl.a. moloprosjektet i innseglinga til Vardø.

- Det er svært synd at Kystverket no er i ein slik posisjon. Dette må sjåast i samanheng med Solbergregjeringens avgjerd om å overføre staten sitt ansvar for fiskerihamner til fylkeskommunane, og nedbygginga av Kystverkets planleggings- og prosjekteringskapasitet. Dette har gitt ein stopp i planlegginga av denne typen prosjekt sidan 2017/2018. Vi er no i gong med å byggje denne kapasiteten opp igjen, seier Skjæran.