Statsbudsjettet 2023

Ei ny tid for norsk romverksemd – regjeringa opprettar romtilsyn og satsar på satellittbasert havovervaking

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Eit nytt romtilsyn og utvikling av eit nasjonalt system for satellittbasert havovervaking er ein viktig del i regjeringa si prioritering for romverksemd i 2023. Samtidig blir deltakinga i det industriretta romprogrammet til ESA vidareført.

– Vi går inn i eit tidsskilje for norsk romverksemd. Regjeringa ønsker å støtte opp om satellittoppskyting frå Andøya og sikre norsk eigenevne til satellittbasert havovervaking. Derfor opprettar vi eit nytt romtilsyn, vidarefører norsk deltaking i dei industriretta programma i den europeiske romorganisasjonen ESA og etablerer eit nasjonalt system for satelittbasert havovervaking, seier næringsminister Jan Christian Vestre.

Nytt romtilsyn i Bodø

Det nye Romtilsynet skal leggast til Luftfartstilsynet i Bodø. Eit nasjonalt tilsyn med romaktiviteter er nødvendig for at oppskytingar frå Andøya blir gjennomført på ein trygg og forsvarleg måte. Det er òg ein føresetnad for å utnytte næringspotensialet i Andøya Spaceport.

– Etablering av ein nasjonal tilsynsmynde vil bidra til stabile rammevilkår for næringslivsaktørar frå Noreg og andre land som vil gjere oppskytingar til bane frå Andøya. Vi forventar at dette vil utløyse privat kapital og skape nye arbeidsplassar, seier Vestre.

Romtilsynet vil i perioden 2023-2025 få fagleg bistand frå Norsk romsenter. Etter 2025 vil Luftfartstilsynet operere som eit uavhengig romtilsyn. Første oppskyting frå Andøya Spaceport er planlagt til neste år.

Satelittbasert havovervaking

Satsinga på satellittbasert havovervaking vil gjere det mogleg å bygge opp nasjonal satellittkapasitet for betre situasjonsforståing i nordområda, til nytte for forsvar, kyst- og fiskeriforvalting.

– Samarbeid med ESA om utvikling av småsatellittar for havovervaking vil medverke til betre fiskeri- og havforvalting og styrke situasjonsforståinga vår i nordområda. Data frå satellittar har svært stor betydning for ein moderne, effektiv og berekraftig forvalting av det store havområda i Noreg, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Vidarefører ESA sitt industriretta romprogram

Noreg er medlem i den europeiske romorganisasjonen ESA. Deltakinga i ESA gjev norske bedrifter høve til å konkurrere om romrelaterte forskings- og utviklingskontraktar. I statsbudsjettet gjer regjeringa framlegg om ei forplikting til industriretta program i den europeiske romorganisasjonen ESA på 45 millionar euro i perioden 2023-2030.

Norsk deltaking i internasjonale romprogram

  • ESA er en mellomstatleg organisasjon der europeiske land samarbeider om romrelatert forsking og utvikling. Deltakinga i ESA bidreg til auka konkurranseevne i norsk romindustri og til at Noreg har teknologisk eigenevne til å ivareta viktige samfunnsfunksjonar innan til dømes navigasjon, havovervaking og satellittkommunikasjon.
  • Det blir foreslått at Noreg totalt sett deltek med om lag 1,22 milliardar kroner i internasjonale romprogram gjennom ESA og EU i 2023.
  • Isolert sett representerer forslaget om deltaking i dei industriretta programma til ESA for programperioden 2023-2030 ein nedgang frå førre programperiode som vart i gangsatt i 2020. Den gong forplikta Noreg seg til ei deltaking på 161 mill. euro for perioden 2020-2028.