Ekspertutval foreslår endringar i inntektssystemet for fylkeskommunane

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Eit ekspertutval har gått gjennom inntektssystemet for fylkeskommunane og legg i dag fram si tilråding med forslag til endringar. Rapporten er sendt på høyring, slik at fylkeskommunane og andre kan uttale seg om framlegget.

Ekspertutvalet vart oppnemnd av Kommunal- og distriktsdepartementet i mars i år. Utvalet fekk i oppdrag å gjere ei heilskapleg vurdering av inntektssystemet for fylkeskommunane.

Fylkeskommunane har ansvar for viktige velferdstenester for folk og lokalsamfunn, som vidaregåande opplæring, fylkesvegar, kollektivtransport og tannhelse. Tenestene blir finansiert med dei frie inntektene til fylkeskommunane, som blir fordelt gjennom inntektssystemet.

– Vi må sørge for at inntektssystemet er tilpassa den nye fylkesinndelinga vi får frå 2024. Dagens inntektssystem er utforma med tanke på den fylkesinndelinga som blei innført i 2020. Inntektssystemet skal bidra til å gje folk likeverdige tenester i alle fylka i heile landet , seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Utvalet har vurdert alle sider ved inntektssystemet for fylkeskommunane og kjem med fleire forslag til endringar.

Utvalet er leia av seniorforskar Trond Erik Lunder ved Telemarksforsking og har hatt åtte medlemmer – fire med forskarbakgrunn og fire frå fylkeskommunane.

– Det er viktig at alle fylkeskommunar får høve til å uttale seg før vi gjer endringar i inntektssystemet. Vi sender derfor rapporten på offentleg høyring i dag, slik at vi kan vurdere innspel frå fylkeskommunane og andre før vi tek stilling til forslaga til utvalet, seier Gjelsvik.

Høyringsfristen er sett til 3. mars 2023.

 

Kommunal- og distriktsdepartementets pressetelefon: 22 24 25 00