Forsida

Høyring - Rapport frå ekspertutval om inntektssystemet for fylkeskommunane

Ekspertutvalet om inntektssystemet for fylkeskommunane blei oppnemnt 8. mars 2022, og fekk i oppdrag å gjere ei heilskapleg vurdering av inntektssystemet for fylkeskommunane. Departementet sender no rapporten til utvalet på høyring.

Status: På høyring

Høyringsfrist: 03.03.2023

Vår ref.: 22/7573

Rapport frå ekspertutval om inntektssystemet for fylkeskommunane - Høyring

Kommunal- og distriktsdepartementet sender med dette rapporten frå ekspertutvalet som har vurdert inntektssystemet for fylkeskommunane på høyring. Høyringsfristen er 3. mars 2023.

Ekspertutvalet blei oppnemnd av Kommunal- og distriktsdepartementet 8. mars 2022. Utvalet fekk i oppdrag å gjere ei heilskapleg vurdering av inntektssystemet for fylkeskommunane, med særleg vekt på utgiftsutjamninga. Oppdraget var delt i fire delar:

  • Utgiftsutjamninga gjennom kostnadsnøkkelen
  • Inntektsutjamninga av skatteinntektene
  • Andre tilskot og fordelingar: Nord-Noregtilskot, skjønnstilskot og bruken av særskilt fordeling (tabell C)
  • Behovet for overgangsordningar

Rapporten til utvalet blei overlevert Kommunal- og distriktsdepartementet 2. desember 2022.

Departementet ønskjer at fylkeskommunane og andre interesserte vurderer tilrådingane til utvalet og sender derfor rapporten på høyring.

Departementet legg ved to eksterne utgreiingar som er utarbeidd som grunnlag for vurderingane til utvalet. Dette gjeld rapportane Vedlikeholdskriteriet i delkostnadsnøkkelen for fylkesveg frå Senter for økonomisk forsking og Revidert modell til beregning av fergekriteriet i inntektssystemet for fylkeskommunene frå Transportøkonomisk institutt.

Høyringsuttalar skal sendast inn digitalt på regjeringen.no. Gå til «Send inn høyringssvar» nedst på nettsida.

Alle kan sende inn høyringsuttale. Høyringsuttalar er offentlege etter offentleglova og blir publisert på nettsida til høyringa.

Med helsing

Grete Lilleschulstad (e.f.)
underdirektør

Lars Tore Rydland
utgreiingsleiar

Fylkeskommunane
Kommunane
KS

Statsministerens kontor
Departementa

Sametinget
Riksrevisjonen

Helsedirektoratet
Direktoratet for e-helse
Statens vegvesen
Utdanningsdirektoratet

NHO
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Hovedorganisasjonen Virke

Landsorganisasjonen i Norge
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
Akademikerne
Unio

Utdanningsforbundet
Skolenes landsforbund
Skolelederforbundet
Norsk lektorlag
Den norske tannlegeforening
Norsk tannpleierforening

Elevorganisasjonen