Foreslår endringar i inntektssystemet for kommunane

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Inntektssystemutvalet har gått gjennom heile inntektssystemet for kommunane, og kjem i dag med si vurdering av systemet og forslag til endringar.

Inntektssystemutvalet vart oppnemnd av Regjeringa Solberg i mai 2020, og fekk i oppdrag å gå gjennom dei ulike delane av inntektssystemet for kommunane.

Statsråden mottar rapporten
Statsråd Gjelsvik får rapporten frå utvalsleiar Marianne Haraldsvik Foto: KDD

Inntektssystemet fordeler ein stor del av inntektene til kommunane, og er heilt sentralt verkemiddel for å utjamne geografiske og sosiale skilnadar.

Norske kommunar har ulik geografi, alderssamansetjing og levekår. Nokon kommunar har mange born i skulealder, andre har lange reiseavstandar eller spreidd busetjing. Det gjer at barnehagar, skuler og omsorgstenester ikkje kostar det same i alle kommunar. Samtidig er det store skilnader i skatteinntektene til kommunane.

− Eg er oppteken av at folk skal kunne  bu, arbeide og leve gode liv i heile landet. Ein føresetnad for det er å setje kommunane i stand til å tilby gode tenester til innbyggjarane uavhengig av kor dei bur, gjennom å utjamne dei økonomiske forskjellane, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Samfunnet og kommunane endrar seg over tid. Difor er det viktig å gå gjennom inntektssystemet med jamne mellomrom. Utvalet har gjort vurderingar av moglege endringar både når det gjeld skatteinntektene til kommunane og kriteria for  fordeling av rammetilskot.

Utvalet består av ti medlemmar, frå kommunesektoren, akademia, departement og KS. Dei har hatt ei stor og viktig oppgåve, og har levert eit fagleg grunnlag for ein vidare politisk diskusjon om utforminga av inntektssystemet. Utgreiinga skal no sendast på høyring, slik at alle som ønskjer det kan komme med innspel til det vidare arbeidet med utforminga av inntektssystemet.

− Regjeringa varsla i Hurdalsplattforma at vi vil gjere ein heilskapleg gjennomgang av inntektssystemet for kommunane. I Hurdalsplattforma har regjeringa også slått fast endringar vi vil gjennomføre i samband med behandling av denne utgreiinga, for å styrke små og store lokalsamfunn

Eg ser fram til å setje meg inn i utvalet sine tilrådingar. Dei faglege råda frå utvalet og høyringssvara frå kommunar og andre blir eit viktig grunnlag for den vidare politiske handsaminga, seier Gjelsvik.

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00