Forsida

Statsbudsjettet 2023

Løfter psykisk helse- og rusfeltet

Regjeringa prioriterer psykisk helse- og rusfeltet og løyver 300 millionar kroner til forsterka innsats på områda.

Løyvinga inngår i opptrappingsplan for psykisk helse som blir lagt fram våren 2023, og førebyggings- og behandlingsreformen på rusfeltet som også blir lagt fram i løpet av neste år.

– Vi vil styrke og utvikle innsatsen spesielt overfor barn og unge og pasientar med alvorlege og samansette psykiske helse- eller rusproblem, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.  

Prioriterer psykisk helse no

I tillegg til opptrappingsplanen for psykisk helse og førebyggings- og behandlingsreformen på rusfeltet, vil psykisk helse også vere ein viktig del av folkehelsemeldinga som kjem våren 2023.

– Vi ventar ikkje på at desse viktige arbeida er skrivne ferdig. Vi prioriterer desse områda allereie i dette budsjettet, seier Kjerkol.  

– Vi foreslår derfor 150 millionar kroner til styrking og utvikling av nye tiltak til psykisk helse og rusfeltet og til helsestasjons- og skulehelsetenesta, i tillegg til 150 millionar kroner til sjukehusa for å styrke døgnbehandlinga i spesialisthelsetenesta.

Tiltak innan folkehelse

Folkehelsemeldinga blir lagt fram våren 2023 og det er eit overordna mål for regjeringa å skape eit helsefremmande samfunn og førebygge sjukdom.

Regjeringa vil også styrke den psykiske folkehelsa og gjere kunnskap om korleis kvar enkelt kan styrke si eiga psykiske helse meir tilgjengeleg.

Rusmiddelbruk utgjer også eit betydeleg folkehelseproblem og regjeringa løyver til saman 4,5 millionar kroner til ein sterkare helsefremmande og førebyggande innsats på psykisk helse- og rusområdet.

Set i gang kampanje innan psykisk folkehelse

– Gode tenester er viktig. Samtidig må vi jobbe for at færre får psykiske plagar og rusmiddelproblem. «Fem om dagen» er godt kjent for å fremme fysisk helse. No startar vi kampanjen «ABC for god psykisk helse», seier helse- og omsorgsministeren.  

– Vi vil særleg førebygge rusmiddelbruk betre og kome tidlegare inn med god hjelp og oppfølging. Nasjonalt program for rusmiddelførebyggande arbeid retta mot barn og unge vil vere ein viktig del av denne satsinga.

Mindre øyremerking, meir søknadsbasert

Den økonomiske situasjonen i Noreg i dag føreset langt tydelegare prioriteringar enn det tidlegare regjeringar har måtte forhalde seg til. For å prioritere satsing på psykisk helse- og rusfeltet og helsestasjons- og skulehelsetenesta må ein bruke ressursane ein har mest mogleg effektivt og prioritere noko ned.

Regjeringa foreslår blant anna å avvikle ei rekke øyremerkingar av tilskot på statsbudsjettet – også på psykisk helse- og rusområdet. Ein utstrekt vilje til øyremerking har over tid bidratt til å svekke søknadsbaserte tilskotsordningar. I hovudsak blir dei øyremerka tilskota no føreslått flytta inn i relevante søknadsbaserte ordningar.

– Vi vil bruke tilskot målretta for å nå målet vårt om rettferdig fordeling og sosial utjamning. Tilskot er kraftfulle verkemiddel, og denne regjeringa ønsker at det frå start skal vere tydeleg at vi ønsker ei meir rettferdig fordeling på vegen mot nye mål og betre tenester, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Sikrar viktig og tidleg hjelp til barn og unge

I kjølvatnet av pandemien har det vore auka pågang av barn og unge både til kommunale psykiske helsetilbod og til barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar (BUP).

Det er av stor betydning å førebygge at psykiske helseutfordringar blir tatt med inn i vaksenlivet. Regjeringa styrkar derfor tilbodet til barn og unge for å sikre at hjelpa er lett tilgjengeleg når det er behov for den.

Som eit ledd i dette foreslår regjeringa å styrke helsestasjons- og skulehelsetenesta med 45 millionar kroner i 2023. Denne tenesta er eit viktig lågterskeltilbod for barn og unge – også når det gjeld psykisk helse og utfordringar knytt til rusmiddelbruk.

Løyvingar til utekontaktar og førebygging av eteforstyrringar

Regjeringa legg også til rette for at kommunane kan etablere oppsøkande verksemd som utekontaktar for tidlegare å identifisere både psykiske helseutfordringar og risikofull rusmiddelbruk blant unge. Totalt 20 millionar kroner blir sett av til dette formålet i 2023.

Vidare har regjeringa merka seg auka i eteforstyrringar blant unge. Regjeringa foreslår derfor å løyve 15 millionar kroner til førebygging, tidleg oppdaging og hjelp for eteforstyrringar.

Ei anna av regjeringa sine satsingar dreier seg om trygg, digital informasjon retta mot barn. Regjeringa styrker arbeidet med Digi-Ung og Ungdata junior med til saman 8,5 millionar kroner, i tillegg til 3 millionar kroner til vidare arbeid med digitale verktøy til sjølvhjelp.

Pasientar og brukarar med samansette psykiske helse- eller rusproblem

Regjeringa prioriterer også dei sjukaste pasientane og brukarane. Pasientar med samtidige rus- og psykiske lidingar (ROP) er særleg sårbare for manglande samhandling og koordinering.

Derfor foreslår regjeringa at 10 millionar kroner av satsinga går til å styrke og utvikle modellar for samhandling om pasientar med særleg samansette og samtidige tenestebehov innanfor ramma av helsefellesskapa.  

Arbeidet mot overdosar

Noreg har framleis eit høgt antal overdosedødsfall, så arbeidet for å førebygge overdosar har prioritet.

Regjeringa vil styrke innsatsen med 6 millionar kroner i 2023, og vil vidareutvikle arbeidet mot overdosedødsfall gjennom den kommande førebyggings- og behandlingsreforma.  

Regjeringa løyver også 14 millionar kroner til prøveprosjekt for medikamentell behandling ved avhengigheit til benzodiazepiner og sentralstimulerande rusmiddel. Hensikten er å bygge opp kunnskap for å kunne gi fleire brukargrupper tilgang til slik behandling, noko som også kan bidra til redusert overdosedødelegheit.

Betre tilbod til pårørande

Belastninga for pårørande til personar med psykiske helse- og rusproblem er godt kjent og bidrar til auka sjukdomsbyrde og samfunnsøkonomiske kostnadar knytt til blant anna sjukefråvær.

Regjeringa vil førebygge og redusere risiko for å utvikle eigne helseproblem blant pårørande til personar med psykiske helse- og rusproblem gjennom god hjelp og oppfølging.

– Pårørande er ein ressurs som vi må ta vare på og barn som pårørande har særlege behov som alle i helsetenesta må vere merksame på. Derfor løyver vi 10 millionar kroner for at kommunane kan etablere betre tilbod også til denne gruppa pårørande, seier Ingvild Kjerkol.