Statsbudsjettet 2024

Meir til kunst og kultur over heile landet

Regjeringa vil satse på lokal og regional kultur, og foreslår mellom anna auka driftstilskot til fleire museum, kulturbygg og kulturinstitusjonar, og eingongstilskot til mange kulturprosjekt over heile landet.

– Vi vil at folk i heile landet skal få oppleve og ta del i kunst og kultur. Difor aukar vi driftstilskotet til fleire museum og kulturinstitusjonar, slik at dei kan fortsette å utvikle gode tilbod til publikum. I tillegg vil vi fordele 50 millionar kroner til små og store kulturtiltak - frå Rommen scene i Oslo, til Bygdekinoring i Finnmark, Fargespill i Trondheim og til skutene Statsraad Lehmkuhl, Christian Radich og Sørlandet, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Regjeringa tilrår auka driftsmidlar i 2024 til fylgjande museum og kulturinstitusjonar:

Museum, tiltak og prosjekt Framlegg 2024
Nasjonalmuseet – justering av husleige for nybygget 22,3 millionar kroner
MiA-Museene i Akershus, knytt til Grinimuseet 1,5 millionar kroner
MiA-Museene i Akershus, knytt til Roald Amundsens hjem Uranienborg 1 million kroner
Justismuseet/Museene i Sør-Trøndelag 2 millionar kroner i auka tilskot. Samla løyving til Justismuseet vil i 2024 bli 10,7 millionar kroner
IRMAS - interregionalt marinarkeologisk samarbeid mellom Norsk Folkemuseum, Museum Vest og Museum Stavanger 2 millionar kroner
Nordnorsk kunstmuseum, avdeling Bodø 2 millionar kroner
Norsk Folkemuseum, avdeling IBSEN Museum og Teater 5 millionar kroner
Norsk Teknisk Museum - til formidling av teleområdet 1 million kroner
Sørlandets Kunstmuseum - til drift av den nye formidlingsarenaen Kunstsilo 11 millionar kroner
Anno museum - til drift av det nye bevaringssenteret på Elverum 4 millionar kroner
Dalane Folkemuseum - til drift av Jøssingfjord vitenmuseum 2 millionar kroner
Norsk Industriarbeidermuseum - til drift av det nye vernebygget over tungtvasskjellaren på Vemork 2 millionar kroner
Museene i Sør-Trøndelag - til drift av Orkla industrimuseum 2 millionar kroner
Norsk Skogfinsk museum 2 millionar kroner
Kvääniteatteri 4 millionar kroner
Nordic Black Theatre 1 million kroner
Bergen Nasjonale Opera 3 millionar kroner
Det Norske Teatret – til satsing i Groruddalen / Rommen scene 4 millionar kroner
Musikkselskapet Harmonien 2,5 millionar kroner
Turnéteatret i Trøndelag 1 million kroner
Bygdekinoen 1 million kroner
Internasjonalt Samisk Filminstitutt 800 000 kroner

Regjeringa tilrår investeringsmidlar i 2024 til fylgjande prosjekt:

Prosjekt Framlegg 2024
Tromsø kommune – vidare prosjektering av Kulturkvartalet, som skal gje nye lokale til Nordnorsk Kunstmuseum og Arktisk Filharmoni i Tromsø 8 millionar kroner
Anno museum - til oppføring av nytt historiesenter på Domkirkeodden på Hamar 27 millionar kroner (med tilhøyrande tilsegnsfullmakt på 208 millionar kroner til utbetaling i seinare år, slik at den samla statlege medverknaden blir 235 millionar kroner)
Olavshallen i Trondheim 20 millionar kroner (med tilhøyrande tilsegnsfullmakt på 75 millionar kroner til utbetaling i seinare år, slik at den samla statlege medverknaden blir 95 millionar kroner)

Regjeringa tilrår eingongstilskot i 2024 til fylgjande kulturtiltak og prosjekt:

Tiltak Framlegg 2024
Operafest Røykenvik 2024 1 million kroner
Stavanger kommune – Kulturhøyden Stavanger 2 millionar kroner
DansINN – prosjektmidlar 290 000 kroner
Fargespill – Fargespill Trondheim 500 000 kroner
R.E.D. (Residency Eina Danz) – prosjektmidlar 510 000 kroner
RYK (Rytmisk kompetansenettverk i Nord) – Northern 400 000 kroner
Grenland Friteater – Teaterparken 600 000 kroner
Teater Manu – «Det multinorske 2» 250 000 kroner
Det Norske Teatret – satsing i Groruddalen / Rommen scene 1,35 millionar kroner 
Opera Trøndelag – «Folk er folk» 250 000 kroner
Opera Østfold – aktivitetar retta mot born og unge 1 million kroner
OscarsborgOperaen – utviklingsarbeidet av operaen «Kommandanten» 750 000 kroner
Teater Vestland – teaterprosjekt med ungdom 1 million kroner
Anno museum – utvandrarjubileet 2025 1,5 millionar kroner
Buskerudmuseet – vedlikehald av kulturhistoriske bygningar 2,2 millionar kroner
Musea i Sogn og Fjordane – Tusenårsstaden Gulatinget 300 000 kroner
Nordlandsmuseet – samarbeidsprosjekt med Árran om samisk utstilling i Bymuseet i Bodø 1 million kroner
Preus museum – samlingsforvaltning 1,5 millionar kroner
Sør-Troms Museum – skonnerten Anna Rogde 2 millionar kroner
Verdensarvsenteret for bergkunst – Alta Museum – etablering av aktivitetspark ved verdsarvsenteret 1 million kroner
Vest-Agder-museet – miljøsanering av bryggjer 3,5 millionar kroner
Vestfoldmuseene – Herregården i Larvik 3 millionar kroner
Vest-Telemark Museum – vedlikehald av kulturhistoriske bygningar 2 millionar kroner
Viti – modernisering og fornying av drifts- og publikumsbygningar 1,5 millionar kroner
Fullriggeren Sørlandet – vedlikehald 4 millionar kroner
Skoleskipet Christian Radich – vedlikehald 4 millionar kroner
Statsraad Lehmkuhl – vedlikehald 4 millionar kroner
Arkivverket – forprosjekt for samisk språkutvikling og samiske lydarkiv 2 millionar kroner
Bygdekinoen – Bygdekinoring i Finnmark 3 millionar kroner
Spillhuset Bergen – møteplass for inkluderande dataspelkultur 600 000 kroner
World Expression Forum – Wexfo Youth Lillehammer 2024 1 million kroner
Skeivt arkiv – «Den skeive bevegelsens historie, 1900–2000» 1 million kroner
Universitetet i Tromsø – pilotprosjekt for rekruttering av menn til helsefaglege utdanningar 1 million kroner