Noreg donerer meir luftvern til Ukraina

Noreg vil donera ytterlegare NASAMS luftvern til Ukraina til ein sum av 335 millionar kroner. Noko blir sendt frå eige lagar for å sørgja for rask levering til Ukraina, samtidig som det blir bestilt meir frå industrien for levering seinare. Ukraina er avhengig av militær støtte frå allierte og partnarar framover for å kunna stå imot den russiske aggresjonen.

– Luftvern er ein avgjerande del av Ukrainas forsvar. Ukrainske styresmakter ber jamleg om meir støtte til luftvern, og prioriterer dette høgt. Dette vil vera eit stort bidrag til deira evne til å forsvara seg sjølv, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

Skarpskyting med NASAMS på Nordmela rakettskytefelt under øvelse Formidable Shield 2023.
Skarpskyting med NASAMS på Nordmela rakettskytefelt under øvelse Formidable Shield 2023. Foto: Martin Mellquist / Forsvaret

Russiske angrep med dronar og missil er ei stor utfordring i Ukraina, og støtte til luftvern er derfor heilt sentralt. Noreg har tidlegare donert NASAMS luftvern til Ukraina i fleire omgangar. Dette har vore store bidrag frå norsk side. Donasjonane har vorte høgt verdsette og erfaringane viser at det har hatt svært god effekt. Behovet er framleis stort, og derfor har regjeringa no vedteke ytterlegare donasjon.

– Det norske NASAMS-systemet har høg treffsikkerheit. Det bidreg til å redde ukrainske liv og hindre øydeleggingar av bygningar og infrastruktur. Luftvernet er avgjerande også for Ukrainas evne til å verna dei militære avdelingane sine, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

Donerer frå Forsvarets behaldningar først

Sidan det hastar for Ukraina å få på plass meir luftvern på kort sikt, har regjeringa vedteke å donera ytterlegare NASAMS-materiell frå Forsvarets eigne behaldningar. Heilskaplege vurderingar av konsekvensane for Forsvarets operative evne og nasjonal beredskap ligg til grunn for alle avgjerdene til regjeringa om donasjonar av militært materiell frå forsvarssektoren.

– Materiellet kan sendast innan relativt kort tid, og vil vera viktig for å styrkja luftvernet mot russiske angrep i vinter. Dette er krevjande vurderingar, men Ukraina har store behov for støtte, og det er viktig for vår felles tryggleik at Russland ikkje vinn fram med krigføringa si, seier Gram.

Bestiller meir frå industrien

I tillegg til donasjonar frå eigne behaldningar vil regjeringa også anskaffe og donere ein pakke med åtte utskytingseiningar og fire eldleidningssentralar til NASAMS. Dette er same omfang som det Noreg totalt har donert av NASAMS så langt.

– Dette materiellet bestiller vi frå industrien så raskt som mogleg. Donasjonen vil dermed skje noko fram i tid, seier Gram.