Kommuneproposisjonen

Nytt inntektssystem for fylkeskommunane

Regjeringa legg i dag fram forslag til eit nytt inntektssystem for fylkeskommunane. – Alle skal ha tilgang på gode tenester, uavhengig av kor dei bur, og fordeling av inntekter gjennom inntektssystemet er viktig for dette, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Fylkeskommunane har ansvar for viktige tenester for folk og lokalsamfunn, som vidaregåande opplæring, tannhelse, kollektivtransport og fylkesveg. Tenestene blir finansiert med dei frie inntektene til fylkeskommunane, som blir fordelt gjennom inntektssystemet.

Regjeringa varsla i Hurdalsplattforma ei heilskapleg gjennomgang av inntektssystemet, og følger no opp med fleire forslag til endringar. Forslaga bygger på utgreiinga til eit ekspertutval som har gått gjennom inntektssystemet.

Dei viktigaste endringane gjeld kostnadsnøkkelen, som blir brukt til å kompensere for variasjonar i kostnadene ved å tilby fylkeskommunale tenester. Den nye kostnadsnøkkelen er i hovudsak basert på analysane og tilrådingane til ekspertutvalet. Men forslaget til departementet skil seg frå utvalet på fleire viktige punkt, mellom anna på bakgrunn av innspel i den offentlege høyringa.

– Målet med inntektssystemet er å jamne ut dei økonomiske føresetnadene slik at alle fylkeskommunar kan gi eit likeverdig tenestetilbod. Det legg vi til rette for gjennom det nye inntektssystemet,  seier Gjelsvik.

Det nye inntektssystemet vil gi endringar i inntektsfordelinga mellom fylkeskommunane. Men dei fire inntektene blir brukt til å finansiere viktige velferdstenester som ikkje bør variere mykje frå år til år. Endringane i inntektsfordelinga blir derfor fasa gradvis inn gjennom ei overgangsordning, og i tillegg blir dei frie inntektene styrkt med friske midlar.

– Vi foreslår ein vekst i dei frie inntektene til fylkeskommunane som gir eit auka handlingsrom på 300 millionar kronar neste år, mellom anna for å gjere overgangen til eit nytt inntektssystem enklare for alle fylkeskommunar, seier Gjelsvik.

Forslaget til nytt inntektssystem er omtalt nærare i kommuneproposisjonen for 2024, som blir lagt fram i dag, 11. mai.

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00