Revidert nasjonalbudsjett

Regjeringa sikrar aktivitet i heile landet

– Alle skal få delta i kultur- og fritidsaktivitetar, uavhengig av kven dei er, kor dei bur eller kor stor lommeboka er. Derfor har vi no prioritert ei rekke små og store tiltak som bidrar til meir aktivitet i heile landet, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Auka på kultur- og likestillingsbudsjettet er på heile 642 millionar kroner. Ein stor del av dette er ekstraordinær kompensasjon for lønns- og prisvekst.

Det betyr at alle som mottek fast støtte frå Kultur- og likestillingsdepartementet blir kompensert fullt ut for forventa lønns- og prisvekst i 2023 – totalt 462 millionar kroner.  

Regjeringa foreslår blant anna:

  • 23 millionar kroner ekstra til frivilligsentralane
  • 71 millionar kroner ekstra til momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg
  • 20 millionar til naudsikring av Nationaltheatret i Oslo
  • 22 millionar kroner ekstra til Norsk Skogfinsk Museums nybygg på Svullrya
  • Ein pott på til saman 107 millionar kroner fordelast til mange ulike lokale kultur- og fritidstiltak, deriblant:
    • Fritidsklubbar 15 millionar kroner
    • Auka driftstilskot til nye museumsbygg 12 millionar kroner
    • Leselyst 5,5 millionar kroner
    • Nynorsk kultursentrum 3 millionar kroner
    • Norsk Folkemuseum/Ibsen Museum og Teater 2 millionar kroner

– Med dette reviderte budsjettet veit vi at mange av dei som får støtte frå oss får litt lågare skuldrer. Etter nokre krevjande år, med pandemi, krig i Europa og høg prisstiging har vi no eit større handlingsrom, og kan bidra til enno meir verdiskaping innan kultur, idrett og frivilligheit, seier Trettebergstuen.