Statsbudsjettet 2023

Regjeringa styrker Daglegvaretilsynet

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa trappar opp arbeidet med å betre forholda i daglegvaremarknaden. Derfor gjerast det i statsbudsjettet 2023 framlegg om å styrke Daglegvaretilsynet med 3 millionar kroner.

– Eg har sidan eg tiltredde understreka at situasjonen i daglegvarebransjen er uhaldbar, og vi ser at det framleis er ein del uheldig forretningskultur i bransjen. Det går utover prisar og utval til forbrukarane. Derfor er det viktig at Daglegvaretilsynet får fleire ressursar, slik at dei kan trappe opp arbeidet sitt med å rydde opp og at handhevinga av lov om god handelsskikk blir så effektiv som mogleg, seiar næringsminister Jan Christian Vestre.

I Hurdalsplattforma står det at regjeringa ønsker å sikre ein betre maktbalanse i verdikjeda for mat gjennom betre tilsyn, større openheit, og meir rettferdig fordeling av verdiane i kjeda.

For å sikre ein effektiv handheving av lov om god handelsskikk, og sørge for tilstrekkeleg tilsyn og openheit som sikrar forbrukaranes interesser, gjer regjeringa framlegg om å auke løyva med nærare 50 prosent i 2023, frå 6,7 millionar kroner til 9,7 millionar kroner. Styrkinga inneberer at tilsynet kan auke den faglege bemanninga.

– Denne styrkinga gjer det enklare for Daglegvaretilsynet å drive med målretta rettleiing- og informasjonsarbeid overfor aktørane i bransjen, seier Vestre. 

Regjeringa prioriterer arbeidet med å styrke konkurransen i daglegvaremarknaden høgt, og har allereie varsla ein rekke andre tiltak knytt til blant anna forskjellar i innkjøpsprisar, tiltak for å lette tilgangen til attraktive butikklokale og ein utgreiing av kjedenes eigne merkevarer (EMV).

Regjeringa sine grep for å betre konkurransen i daglegvarebransjen

  • Regjeringa er i gang med å utarbeide utkast til forskrift om regulering av forskjellar i innkjøpsprisar, som etter planen skal på høyring hausten 2022.
  • Regjeringa jobbar med tiltak for å lette tilgangen til attraktive butikklokale i daglegvaremarknaden. Som ein oppfølging av dette ble det sendt eit utkast til forskrift om forbod mot negative servituttar og eksklusive leigekontraktar i daglegvaremarknaden på høyring 5. juli 2022, med høyringsfrist 5. oktober 2022
  • Regjeringa skal utgreie bruken av kjedenes eigne merkevarer (EMV) i daglegvaremarknaden, og oppdraget skal etter planen bli lyst ut hausten 2022.
  • Konkurransetilsynet har foreslått eit nytt og meir fleksibelt marknadsetterforskingsverktøy for å kunne komme med bransjespesifikke konkurransefremjande tiltak. Regjeringa vil utgreie behovet for eit slikt verktøy.

Daglegvaretilsynet og lov om god handelsskikk

  • Daglegvaretilsynet vart oppretta 1. januar 2021 og skal handheve lov om god handelskikk.
  • Lov om god handelsskikk skal legge til rette for meir effektive forhandlingar og kontraktar mellom daglegvarekjeder og leverandørar.
  • Formålet med loven er å redusere konfliktnivået i daglegvarebransjen, gjennom å sikre ryddigare forhandlingar og meir føreseielege avtaler mellom aktørane.
  • Daglegvaretilsynet skal bidra til effektiv bruk av samfunnets ressursar og ivaretaking av forbrukaranes interesser ved å fremme ærlegdom, føreseielegheit og lojalitet i kontraktsforhold mellom næringsdrivande i daglegvarebransjen.