Revidert nasjonalbudsjett

Regjeringa styrkjer forskingsinnsatsen på vindkraft og havbruk til havs med 10 millionar kroner

– Havnæringane skal videreutviklast for å sikre berekraftig verdiskaping i framtida. Vi må vite meir om korleis eksisterande og nye næringar påverkar kvarandre og økosystema. Fiskerinæringa er viktig for Noreg, og det må takast omsyn til denne næringa når nye havnæringar utviklast, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Regjeringa ønskjer god sameksistens mellom havnæringane. Målet er å finne løysingar som er baserte på eit godt kunnskapsgrunnlag, og som held fram med å skape vekstmoglegheiter i tida framover. Regjering foreslår derfor å styrkje løyvinga til Havforskingsinstituttet med 10 millionar kroner til dette formålet i samband med revidert nasjonalbudsjett 2022.

Vindkraft og havbruk til havs tek i bruk havareal og kan derfor påverke leveområda for fisk og sjøpattedyr. Kunnskapen om gyte- og vandringsområde for fisk må derfor oppdaterast. I tillegg medfører vindkraft støy og elektromagnetiske felt, og effektane av dette må det forskast meir på.

Tradisjonelt har oppdrettsanlegg vore lokalisert kystnært eller inne i fjordane. Etter kvart er det fleire som ser på moglegheitene for å etablere oppdrettsanlegg ute i havet. I oppdrettsanlegg ute i havet lever fisken under meir krevjande forhold enn inne ved kysten. Samtidig kan slike anlegg ha effekt på nokre av miljøproblema som næringa har, som spreiing av lakselus. Det må derfor forskast meir på dyrevelferd for oppdrettslaks i eksponerte anlegg og på eventuelle miljøeffektar.