Svar på spørsmål om fengsla nordmann i Jemen

Utanriksminister Anniken Huitfeldts svar på eit spørsmål frå Tobias Drevland Lund (R) om å få ein fengsla nordmann i Jemen heim til Noreg.

Skriftleg spørsmål nr. 3288 (2022-2023)
Datert 02.10.2023

Frå representanten Tobias Drevland Lund (R) til utanriksministeren:

Kan utenriksministeren redegjøre for hvilke grep Utenriksdepartementet har gjort og hvilke organ de har kontaktet for å fremskaffe dokumentasjon og informasjon som har dannet grunnlag for beslutningen om ikke å jobbe for å få en fengslet nordmann ut av fangenskap i Jemen og hjem til Norge slik at han kan få en rettferdig rettergang?

Svaret frå utanriksministeren:

Den norske borgaren som spørsmålet frå representanten gjeld er i ein svært vanskeleg situasjon. Eg kan ikkje uttale meg offentleg om detaljar i saka, men vil seie følgjande på generelt grunnlag:

Utanrikstenesta har i samsvar med utanrikstenestelova § 1 som oppgåve gi hjelp til norske statsborgarar i utlandet. Det kjem fram av Prop. 11 L (2014–2015), jf. Innst. 133 L (2014–2015) at det ikkje kan stillast rettskrav til hjelp frå utanrikstenesta. Utanrikstenestelova pålegg ikkje utanrikstenesta noka handleplikt i særskilde konsulære scenario. Konsulær hjelp blir tilboden innanfor dei dei rammene som Stortinget har sett, under dette i Meld. St. 12 (2010-2011), jf. Innst. 396 S (2010–2011). Kvar enkelt norske borgar kan verken krevje at eller på kva måte utanrikstenesta skal tilby konsulær hjelp i ei bestemd enkeltsak. 

At utanrikstenesta har som oppgåve å hjelpe norske borgarar i utlandet, fritek ikkje kvar enkelt norske borgar frå eit eige ansvar. Utanriksdepartementet gir reiseråd når hendingar eller situasjonar gjer det utilrådeleg å reise til eller opphalde seg i bestemde område. Personar som oppheld seg i slike område utset seg for ein forhøgd risiko, inkludert for at utanrikstenesta kan ha få eller ingen høve til å hjelpe dei dersom noko skulle skje. Dette er òg tilfelle i Jemen. Å reise til og busetje seg i eit område med reiseråd på høgaste nivå inneber altså ein risikoaksept, uavhengig av kva som var formålet med å busetje seg der. Dette inkluderer òg norske borgarar som måtte opphalde seg i utlandet med det formålet eller konsekvens å unndra seg straffeforfølging i Noreg.

Alle norske borgarar kan be om konsulær hjelp frå utanrikstenesta. Forskjellsbehandling på bakgrunn av etnisk tilhøyrsel eller sosial status skal ikkje finne stad, og utanrikstenesta skal ikkje skal ta stilling i eventuelle skuldspørsmål. Konsulær hjelp blir gitt på individuelt grunnlag og etter individuelle vurderingar i kvar enkelt sak. Vurderingane til utanrikstenesta av kva slags hjelp som eventuelt kan tilbydast i enkeltsaker, blir gjorde på bakgrunn av den informasjonen som til kvar tid er tilgjengeleg eller mogleg å skaffe, og avheng av den konkrete situasjonen norske borgarar i utlandet er i.

Eg viser elles til svaret mitt på skriftleg spørsmål nr. 2837 (2021-2022) frå representanten Erlend Wiborg (Frp) om denne saka.