Tildeler 7,3 millionar til kompetansetiltak innan plan, kart og geodata

Kommunal- og distriktsdepartementet har fordelt 7,3 millionar kroner i tilskot til 36 ulike prosjekt og tiltak rundt om i landet, jamfør Stortingets budsjett av 2023. Midlane skal vere med på å auke effektiviteten og kvaliteten på samfunns- og arealplanlegginga.

Tilskota blir gitt til ulike verksemder, organisasjonar og faglege nettverk. Løyvinga frå departementet skal auke kompetansen innan planlegging og utvikling av kart og geodata i privat og ideell sektor.

Departementet legg stor vekt på at alle som deltek i planprosessar har tilstrekkeleg kunnskap om sine rettar, pliktar og om gangen i planarbeid. Tiltaka som no får tilskot vil komme deltakarar i planprosessar til gode som t.d. innbyggarar, folkevalde, planleggarar, organisasjonar og næringsliv. Dette vil bidra til at kommunane og fylkeskommunane lukkast med god medverking i planarbeidet, at planane har god kvalitet og at prosessane går effektivt.

KDD har også som målsetting å auke den tekniske standarden på slike planar. Dette kan ein oppnå mellom anna ved å utvikle nye elektroniske hjelpemiddel i saksframstillinga, betre metodikken for medverkningsprosessar og å samordne prosessane frå plan til byggesak.

I år har departementet fått 55 søknader. Det samla søknadsbeløpet var på ca. 13,1 millionar kroner og vitnar om stor interesse for ordninga. Det er to prioriterte tilskotsmottakarar i årets tildeling. Dette er BYLIVsenteret i regi av Norske arkitekters landsforbund (NAL) som får tilskot til drift på 2 millionar og Sekretariatet for etter- og vidareutdanning i samfunnsplanlegging (SEVS) som får tilskot til drift på 1 million kroner. Begge arbeidar hovudsakleg med å auke den offentlege plankompetansen.

Desse søkarane har fått tildelt tilskot i 2023:

Tema planlegging

  • Byantropologene AS
  • Futurebuilt
  • Grindaker AS
  • Habitat Norway
  • Holth og Winge AS
  • Insam AS
  • Kommunesektorens interesseorganisasjon (KS) v/Sekretariatet for etter- og videreutdanning, Forum for utdanning for samfunnsplanlegging og Forum for kommunale planleggere
  • Hisøy frivillighetssentral KS Agder 
  • Leva Urban design
  • Norsk bolig og byplan forening
  • Norsk kommunalteknisk forening
  • Norske arkitekters landsforbund
  • Openhouse Oslo
  • Openhouse Bergen
  • PS Paaby Prosess
  • Transportøkonomisk institutt
  • Tekna Samfunnsutviklerne

Tema kart og geodata

  • Inger Hokstad AS
  • Geoforum sin hovudorganisasjon får eit tilskot til å arrangere en kommunal geomatikkkonferanse.
  • Geoforum sin hovudorganisasjon får eit tilskot på 500 000 kr, med forutsetning om at dette vert fordelt til alle regionane som har søkt:
    • GeoForum Finnmark
    • Geoforum Hordaland
    • Geoforum Innlandet
    • Geoforum Nordland
    • GeoForum Møre og Romsdal
    • GeoForum Oslo og Akershus
    • GeoForum Sørlandet
    • GeoForum Trøndelag
    • Geoforum Telemark
    • GeoForum Troms
    • Geoforum Vestfold

Meir om ordninga: Søk om tilskudd til kompetansetiltak innen plan, kart og geodata - frist 14. april - regjeringen.no

Tilskotet er omtalt i Prop. 1 S (2022–2023) for Kommunal - og moderniseringsdepartementet under kap. 590 "Planlegging og byutvikling", post 81.