Revidert nasjonalbudsjett

Tilskot til rapporteringsutstyr for fiskeflåten under 15 meter

Dette innholdet er mer enn 1 år gammelt.

Regjeringa foreslår å opprette ei tilskotsordning for fiskebåter under 15 meter, som skal dekke delar av kostnaden til utstyr i samband med at nye krav til rapportering trer i kraft.

- Eg foreslår eit tilskot på 7 000 kroner per fartøy. Det vil dekke om lag halve rekninga for å få utstyret på plass. Svært mange av dei små fartøya har låg omsetnad. For desse vert kostnaden til nytt utstyr stor, og då vil tilskotet kome godt med , seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Ordninga vil i 2022 gjelde fartøy mellom 10 og 15 meter, og har eit anslege omfang på 15 mill. kroner i dette året. Fartøy under 10 meter vert omfatta i 2023. Ordninga blir i hovudsak finansiert med midlar frå fiskerikontrollavgifta og vil bli administrert av Garantikassen for fiskere.

Endeleg avklaring i saka om sporing og rapportering frå den minste flåten

Nærings- og fiskeridepartementet har no konkludert i saka om nye krav til sporing og fangstrapportering frå fiskeflåten under 15 meter, som var på høyring tidlegare i år.

I høyringa ble det foreslått å gi fartøy med særleg låg omsetnad fritak frå kravet om full   fangstrapportering (ERS). Denne løysninga blei ikkje godt motteke. Både Noregs Fiskarlag, Fiskeridirektoratet og utstyrsleverandørar peika på at ei slik grense ville bli vanskeleg å administrere.

Det er med bakgrunn i høyringssvara at departementet no i staden foreslår ei tilskotsordning i samband med forslaget til revidert nasjonalbudsjett. Ordninga reduserer kostnaden ved å få på plass naudsynt utstyr.

Departementet har videre fastsett at flåten under 15 meter kun skal registrere og rapportere fangst ein gong om dagen.

- Etter å ha vurdert saka grundig meiner eg rapporteringa med denne innretninga ikkje utgjer ei urimeleg belastning sett opp mot verdien av fiskeriforvaltninga og fiskarane sjølve. Men det er viktig for meg at fiskarane på små båter ikkje skal trenge å registrere fangsten meir enn ein gong per dag, seier fiskeri- og havministeren.

Det er i praksis små skilnader mellom krava i den gamle kystfiskeappen og ERS-krava.

- Leverandørane har utvikla svært gode løysingar som er tilpassa små fiskebåtar og gjer det svært enkelte å rapportere.  I tillegg får fiskarane tilbod om andre nyttige tenester, etter kva for leverandør dei vel, held Skjæran fram. Alt i alt er dette ei mykje betre løysing enn at vi skal halde fram med med to ulike digitale system, seier Skjæran.

Departementet har samstundes vedteke at krava trer i kraft 1. januar 2023 for flåtegruppa mellom 10 og 11 meter, så gruppa er klar med sporing og rapportering frå starten av neste vintersesong.

Fakta

Antal fartøy som blir omfatta*: 

 

antal fartøy

11-15 meter

570

10 -11 meter

1 600

Under 10 meter

2 200

Sum

4 370

* Dette er eit anslag med utgangspunkt i aktive fartøy i merkeregisteret per 31.12.2021. Fartøy mellom 12 og 15 meter som fiskar i Skagerrak, som allereie har utstyret på plass, er trekt ut.

  • Krava til rapportering frå flåten under 15 meter, som blei vedteken i januar 2021 ligg fast etter høyringa.
  • Det betyr at vi får felles system for sporing og fangstrapportering frå heile fiskeflåten.
    • Alle fartøy skal sporast med fiskerisporingsverktøyet VMS
    • Alle fartøy skal føre fangstdagbok etter krava i ERS-forskrifta
  • Forskrifta blir justert, slik at det blir presisert at fartøy under 15 meter ikkje treng å registrere fangst meir enn ein gong per dag*.
  • Fartøy under 15 meter får eit tilskot på 7000 kroner per fartøy til å dekkje delar av kostnaden til nytt utstyr
  • Fristane for innføring er som fastsette i forskrifta med unnatak av fartøy frå 10-11 meter, der fristen blir flytta fram til 1. januar 2023, slik fristen ikkje kjem midt i vinterfisket.

Det gir følgjande fristar:

  • Fartøy ned til 11 meter største lengde  - 1. juli 2022
  • Fartøy mellom 10,00 og 10,99 meter største lengde- 1. januar 2023
  • Fartøy på eller under 10 meter største lengde - 1. januar 2024

*Rettelse 13.05.2022:

Punktet

Forskrifta blir justert, slik at det blir presisert at fartøy under 15 meter ikkje treng å registrere fangst meir enn ein gong per tur.

Det riktige er:

Forskrifta blir justert, slik at det blir presisert at fartøy under 15 meter ikkje treng å registrere fangst meir enn ein gong per dag.