Historisk arkiv

9,4 millionar kroner til 16 lokale og regionale parkprosjekt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Søknadane til Verdiskapingsprogrammet for lokale og regionale parkar er no vurdert. 16 lokale og regionale parkprosjekt får til saman 9,4 millionar kroner i støtte. - Den store interessa for programmet og dei mange gode søknadane viser at dette kan vere ein framtidsretta måte å drive bygdeutvikling på, seier Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Søknadane til Verdiskapingsprogrammet for lokale og regionale parkar er no vurdert. 16 lokale og regionale parkprosjekt får til saman 9,4 millionar kroner i støtte. - Den store interessa for programmet og dei mange gode søknadane viser at dette kan vere ein framtidsretta måte å drive bygdeutvikling på, seier Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Hovudmålet med tilskotsordninga er å auke verdiskaping og næringsutvikling i avgrensa landskapsområde med særskilde natur- og kulturverdiar. Parkane skal fremje heilskapleg stad- og næringsutvikling, og levande bygdesamfunn i område med slike verdiar.

Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) ynskjer å stø opp om initiativ som tek sikte på å etablere og vidareutvikle parkar som strategi for lokal mobilisering. I arbeidet med parkar er det viktig med eit langsiktig og forpliktande samarbeid mellom regionale styresmakter, næringsliv, interessegrupper og menneskje som bur og lever i slike landskapsområde.

- I utveljinga av prosjekt har KRD lagt vekt på fleire forhold. Kvalitet i søknaden og gjennomføringsevne står sjølvsagt sentralt. Vi har lagt stor vekt på god lokal forankring og samarbeid om parkkonseptet. Vi ynskjer også at verdiskapingsprogrammet skal ha overføringsverdi til andre, og legg vekt på kommunikasjon og erfaringsutveksling. Dette gjeld både mellom parkar som er godt etablerte, men også for parkar som no er under etablering. Vi ynskjer at alle parkane som får støtte kan utvikle seg til å bli ei kjelde til inspirasjon og kunnskap for andre som er interesserte i park som modell for bygdeutvikling, seier statsråden.

Dei prosjekta som får støtte i 2012 er:

Søkjar

Tittel

Innvilga beløp

Telemarkskanalen regionalpark

Verdiskaping basert på særprega natur- og kulturressurser i kanallandskapet

1 900 000

Grue kommune

PROPARK - produktutvikling i park

1 000 000

Magma Geopark

Verdiskapning og næringsutvikling i Magma Geopark

800 000

Numedalsutvikling IKS

Regionalpark Numedal - sammen står vi sterkere

400 000

Norsk Kystkulturakademi AS

Forprosjekt Solund Kulturlandskapspark

373 500

DL Sigmund Vereide, Agro Business Park SA

Næringsutvikling i Naustdal/Gjengedal lvo

240 000

Østfold fylkeskommune v/Regionalpark Haldenkanalen

1) Merkevarestrategi for Regionalpark Haldenkanalen

2) Regionalpark Haldenkanalen – Stedsanalyse

3) Regionalpark Haldenkanalen – Næringsanalyse

4) Kanalprosjektet Haldenkanalen - Dalslands Kanal

565 000

Nærøyfjorden Verdsarvpark

Revisjon av Parkplan for Nærøyfjorden Verdsarvpark

175 000

Bioforsk Nord Tjøtta

Forprosjekt Tjøtta-Alstahaug landskapspark

137 500

Stalheim Landskapspark

Forprosjekt "Frå frø til øl og brød"

125 000

Rendalen kommune

Forprosjekt - Lokal park Rendalen

115 000

Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv

Grøn Fjord 2020 - vår regionale parkforvaltning og modell

875 000

Valdres Natur- og Kulturpark

Hytte i Valdres

918 500

Varanger Næringssenter AS

Varangerhalvøya- Natur-og kulturpark som samarbeidsmodell

800 000

Grane Næringsutvikling AS

Vefsna Regionalpark

765 500

Vikebygd Landskapspark

Næring og trivsel i Vikebygd Landskapspark

210 000

 

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00