Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2014

Eit distriktspolitisk lyft

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa har halde fram med sitt distriktspolitiske lyft gjennom heile regjeringsperioden. I statsbudsjettet for 2014 foreslår regjeringa å løyve 2,76 milliardar kroner til ein ekstrainnsats i distrikts- og regionalpolitikken. Fylkeskommunane skal forvalte om lag 77 prosent av desse midlane.

Regjeringa har halde fram med sitt distriktspolitiske lyft gjennom heile regjeringsperioden. I statsbudsjettet for 2014 foreslår regjeringa å løyve 2,76 milliardar kroner til ein ekstrainnsats i distrikts- og regionalpolitikken. Fylkeskommunane skal forvalte om lag 77 prosent av desse midlane.

- Noreg har lange og gode tradisjonar for ein sterk distrikts- og regionalpolitikk. Slik må det framleis vere. Meir sentralisering vil ikkje gi meir velstand slik enkelte røyster hevdar. Ei balansert utvikling med gode lokalsamfunn og verdiskaping over heile landet er særs viktig for kommande generasjonar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Løyvinga til dei særskilde distrikts- og regionalpolitiske verkemidla under Kommunal- og regionaldepartementet vert auka med 77,8 millionar kroner frå 2013. Held vi kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift utanom, er denne løyvinga 993 millionar kroner høgare i 2014 enn kva ho var i 2005.

Gode regionale utviklingstrekk
Sentraliseringstempoet i Noreg har bremsa. Folketalet veks i alle delar av landet.  I heile 300 kommunar var det vekst i folketalet i 2012. Dette er 101 fleire kommunar enn i 2005. Samanlikna med dei andre nordiske landa har folketalsutviklinga i Noreg vore meir geografisk balansert det siste tiåret.

- Ein styrke i det norske samfunnet ligg i at vi bruker heile landet. Slik får vi det beste ut av ressursane i naturen, kulturen og menneska, og slik har vi lagt grunnlaget for velstand og velferd. Skal dette halde fram, treng vi ein medveten og aktiv distriktspolitikk, seier Liv Signe Navarsete.

Tiltak i statsbudsjettet for 2014:

Næringsutvikling og entreprenørskap

SIVA: Regjeringa satsar på nyskaping og entreprenørskap. Kommunal- og regionaldepartementet aukar ramma til SIVA (Selskapet for industrivekst SF) frå 87 millionar kroner i 2013 til 107 millionar kroner i 2014. Dette gjev rom for å styrkje både Næringshageprogrammet og inkubasjonsarbeidet.

VRI og Forskingsløft i nord: VRI (Verkemiddel for regional FoU og innovasjon) er Forskingsrådet si satsing på regional innovasjon og vert finansiert av fleire departement. VRI skal bidra til å fremje samhandling mellom bedrifter, forskingsmiljø og offentlege aktørar i regionen.  Forskingsløft i nord har som mål å styrkje og vidareutvikle  den næringsretta forskingskompetansen i Nord-Noreg innanfor arktisk teknologi og reiseliv.  KRD legg opp til at Forskingsløft i nord held fram i ytterlegare tre år frå 2014.

Bioraffineringsprogrammet
Regjeringa gjer framlegg om å styrkje  Bioraffineringsprogrammet i Innovasjon Noreg. Bioraffineringsprogrammet inneheld mellom anna tiltak for å utvikle ny industri innan avansert foredling av bi- og restprodukt frå skogsbruk, jordbruk og fiskeri- og havbruknæringa.

Attraktive lokalsamfunn og gode tenester

Bulyst: Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 45 millionar kroner til Bulystsatsinga i 2014. Satsinga har vart i fire år og regjeringa ynskjer å vidareføre satsinga. Programmet skal støtte opp om lokale og regionale utviklingsprosjekt, som fremjar bulyst i heile landet, og skaffe ny kunnskap om kva som skapar bulyst. Dei siste par åra med Bulyst har det vore særleg merksemd kring integrering av innvandrar og ulike tilflyttings-prosjekt. Dette vil ha ein sentral plass i Bulystsatsinga også i 2014.

Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK): Regjeringa satsar meir på å skape attraktive lokalsamfunn i heile landet. Kommunal- og regionaldepartementet gjer framlegg om å auke ramma til satsinga Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK) med 10 millionar kroner til 40 millionar kroner. Satsinga skal bidra til å styrkje fylkeskommunane si rolle som aktiv rådgjevar og støttespelar for kommunar med trong for utvikling.

Småkommuneprogrammet: Småkommunesatsinga skal gje dei minste kommunane meir kapasitet til å utvikle attraktive lokalsamfunn for innbyggarar og næringsliv. Regjeringa gjer framlegg om å auke ramma til programmet med 30 millionar kroner til 45 millionar kroner i 2014.

Verdiskapingsprogram for lokale og regionale parkar: Regjeringa gjer framlegg om å løyve 15 millionar kroner til Verdiskapingsprogrammet for lokale og regionale parkar. Programmet byggjer på samarbeid mellom grunneigarar, næringsinteresser og lokale styresmakter, og er eit døme på bygdeutvikling og berekraftig bruk av område i Noreg med viktige natur- og kulturverdiar.

Fordelinga av dei regionale utviklingsmidla for 2014

Gå til Kommunal- og regionaldepartementet si samleside for statsbudsjettet 2014.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

Til toppen