Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Tilskotsordningar for 2006

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Ordningane omfattar områda naturforvaltning, friluftsliv, kulturminnevern, forureining og universell utforming

Miljøvernstyresmaktene set årleg i verk ei rad tiltak for å betre miljøtilstanden i Noreg. Det er oppnådd mykje i det nasjonale miljøvernarbeidet, men ein står framleis overfor betydelege utfordringar. For å lykkast med miljøvernarbeidet må styresmaktene samarbeide med andre aktørar. Ein brei medverknad frå stat og kommune, private verksemder, organisasjonar og einskildpersonar må til om ein skal løyse morgondagens miljøutfordringar. For å stimulere til ein slik brei medverknad gir Miljøverndepartementet ymse former for stønad og tilskot til tiltak som blir sette i verk av kommunar, organisasjonar og private verksemder og -personar. Rundskrivet gir ei orientering om Miljøverndepartementets tilskotsordningar som er opne for søknad frå kommunar og interkommunale organ, lokale, regionale og lokale organisasjonar og lag, einskildpersonar, private verksemder og forskingsorganisasjonar.

Det blir gitt ei nærare omtale av kva for retningsliner, søknadsfristar, kriterium o.a. som gjeld for den einskilde tilskotsordninga i rundskrivet. Nærare råd og rettleiing kan ein og få ved å ta kontakt med fylkesmannen og fylkeskommunen.

Vi tek atterhald om at Stortinget vedtek alle ordningane.

Oslo, oktober 2005

Med helsing

Miljøvernministeren

Tilskot til naturforvaltningstiltak

Tilskot til kommunale vilttiltak (Kap. 1425 post 61)

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å gjennomføre ei berekraftig viltforvaltning i kommunane. Målgruppe for ordninga er kommunane. Kommunane skal frå 2001 i utgangspunktet sjølve dekke dei administrative kostnadene til viltarbeidet med inntekter frå fellingsavgiftene til kommunale viltfond. Tiltak i kommunar med dårleg innteningsevne til det kommunale viltfondet, vil derfor prioriterast.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tilskot kan gis til praktiske oppgåver innan viltarbeid i kommunane. Det kan gis tilskot til kartlegging av viltressursane og viltinteressene i kommunane, til innarbeiding av viltinteressene i kommunale planar, oppretting og drift i driftsplanområde, deltaking i rettshavarane sitt driftsplanarbeid, delfinansiering av kompetansegivande etter- og vidareutdanning i viltforvaltning og til andre oppgåver som føljer av kommunane si mynde etter viltlova. Det gis ikkje tilskot til administrative utgifter (møtegodtgjersle, kostgodtgjersle, reisegodtgjersle, sekretærgodtgjersle). Søknader frå kommunar med dårleg innteningsevne til det kommunale viltfondet og oppgåver som byggjer på interkommunalt samarbeid blir prioriterte.

Kor skal søknaden sendast

Søknaden skal sendast til fylkesmannen.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2006. Fylkesmannen handsamar søknadene innafor ei budsjettramme fastsett av Direktoratet for naturforvaltning. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått på grunn av manglande budsjettmidlar. Alle søkjarar skal få svar innan 15. mars 2006.

Krav til innhald i søknaden

Søknadsskjema A-06 skal nyttast.

Rett utfylling av dette skjemaet oppfyller krava til kva søknaden skal innehalde.

Tilskot til fiskeformål (Kap. 1425 post 70)

Mål for ordninga og målgruppe

Målet for tilskotsordninga er å medverke til forvaltning og tiltak knytt til bærekraftig bruk av bestandane av laks, sjøaure og sjørøye som det kan haustast av, til beste for fiskarar og dei som har fiskeretten, under dette investeringar, særskilte driftsutgifter til fiskefremjande føremål, anvend forsking og overvaking. Midlane kan og nyttast til tiltak som er direkte retta mot rekruttering eller stimulering til laksefisket. Målgruppe for ordninga er private organisasjonar og lag, til dømes fiskarlag, grunneigarlag og jeger- og fiskarforeiningar. I tillegg kan forskingsinstitusjonar og landsdekkjande organisasjonar, kommunar og interkommunale organ, søkje om tilskot.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak som kan få tilskot er:

  • Kultiveringstiltak
  • Tiltak for å betre tilgangen til fiske for allmenta og moglegheiter for fiske.
  • Tiltak retta mot rekruttering eller stimulering til laksefiske.
  • Forvaltningsrelaterte forskings-, utgreiings- og overvakingsprosjekt som kan medverke til at fiskestammer blir tatt vare på og at fiskeressursane blir betre utnytta.
  • Driftsplanlegging

Ein føresetnad for å gje tilskot til driftsplanlegging er at opplegget er i samsvar med rettleiingsmateriellet som Norske Lakseelver og Noregs Skogeigarforbund har gjeve ut. Vidare skal brukarorganisasjonane og offentleg forvaltning (vanlegvis kommunen) få høve til å delta aktivt i arbeidet.

Driftsplanlegging kan òg finansierast med bygdeutviklingsmidlar, og prosjekt der ein kan oppnå samfinansiering vil bli prioriterte.

Kor skal søknaden sendast

Søknader frå organisasjonar og lag på kommunenivå skal sendast til kommunen. Søknader om tiltak som omfattar fleire kommunar skal sendast til ein av dei involverte kommunane. Søknader frå kommunar og organisasjonar på fylkesnivå skal sendast til fylkesmannen. Søknader frå forskingsinstitusjonar og sentralorgan i landsdekkjande organisasjonar skal sendast til Direktoratet for naturforvaltning.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen for lag og organisasjonar på kommunenivå er 15. desember 2005. Søknadsfristen for kommunar, lag og organisasjonar på fylkesnivå, og forskingsinstitusjonar og sentralorgan i landsdekkjande organisasjonar er 15. januar 2006.

Kommunen tek imot og vurderer søknader frå lokale lag og organisasjonar, og sender søknadene med ei tilråding om prioritering til fylkesmannen saman med eventuelle søknader frå kommunen sjølv eller på vegne av fleire kommunar. Fylkesmannen handsamar søknadene frå lokale lag og organisasjonar, kommunar og organisasjonar på fylkesnivå innafor ei budsjettramme fastsett av Direktoratet for naturforvaltning. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått på grunn av manglande budsjettmidlar. Direktoratet for naturforvaltning handsamar søknader frå forskingsinstitusjonar og sentralorgan i landsdekkjande organisasjonar. Alle søkjarar skal få svar innan 15. mars 2006.

Krav til innhald i søknaden

Fylkesmannen kan krevje at søknaden er basert på ein ferdig driftsplan eller stille som vilkår at driftsplan blir utarbeidd.

Dersom søknaden inneheld fleire prosjekt, må kvart prosjekt bli spesifisert.

Søknaden skal dokumentere at tiltak som inneber fysiske inngrep i naturen er i samsvar med godkjend kommunal plan, eller godkjend ved eit kommunalt vedtak før det blir søkt om tilskot.

Søknader om tilskot til tekniske fiskeforsterkingstiltak skal innehalde opplysningar om området der tiltaket er lokalisert, mellom anna geografisk namn, vassdrag og arealkategori i kommuneplanen eller reguleringsplan.

Søknader om tilskot til fiskekultiveringstiltak og tekniske fiskeforsterkingstiltak må ha lagt ved løyve frå grunneigar, fråsegn frå kommunen og løyve frå fylkesmannen, jf. « Forskrift om fysiske tiltak i vassdrag» av 15/11 2004.

Søknadsskjema A-06 skal nyttast.

Rett utfylling av dette skjemaet oppfyller krava til kva søknaden skal innehalde.

Tilskot til viltformål (Kap. 1425 post 71)

Mål for ordninga og målgruppe

Målet for tilskotsordninga er å medverke til å gjennomføre oppgåver innan viltforvaltning og tiltak i regi av enkeltpersonar, lag og organisasjonar der tiltaket har ein regional, interkommunal eller nasjonal karakter. Målgruppe for ordninga er private organisasjonar og lag, til dømes grunneigarlag og jeger- og fiskarforeiningar. I tillegg kan forskingsinstitusjonar og landsdekkjande organisasjonar søkje om tilskot. Tiltak i kommunar med dårleg innteningsevne til det kommunale viltfond, skal prioriterast.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tilskot kan gjevast etter søknad. Kvalifiserte tiltak er:

  • Kartlegging av viltressursane/viltet sine leveområde og viltinteresser i kommunar og regionar
  • Innarbeiding av viltet sine leveområde og viltinteresser i kommunale planar etter plan- og bygningslova
  • Iverksetjing av tiltak der føremålet er betre bestandsoversyn
  • Oppretting og drift av lokale samarbeidsråd
  • Deltaking i rettshavarane sitt driftsplanarbeid
  • FoU- og studentoppgåver
  • Tilrettelegging, organisering og informasjon om jakt og høve til jakt
  • Andre særleg prioriterte viltføremål

Søknader om tilskot til tiltak som er forankra i ein driftsplan vil bli prioriterte.

Kor skal søknaden sendast

Søknader på fylkesnivå skal sendast til fylkesmannen. Søknader frå forskingsinstitusjonar og sentralorgan i landsdekkjande organisasjonar skal sendast til Direktoratet for naturforvaltning.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2006.

Fylkesmannen handsamar søknadene på fylkesnivå innafor ei budsjettramme fastsett av Direktoratet for naturforvaltning. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått på grunn av manglande budsjettmidlar. Direktoratet for naturforvaltning handsamar søknader frå forskingsinstitusjonar og sentralorgan i landsdekkjande organisasjonar. Alle søkjarar skal få svar innan 15. mars 2006. Søknader som blir handsama sentralt av Direktoratet for naturforvaltning kan kome til å få svar noko etter denne datoen, men skal som regel vere ferdig handsama innan 15. april.

Krav til innhald i søknaden

Dersom søknaden inneheld fleire prosjekt, må kvart prosjekt bli spesifisert.

Søknadsskjema A-06 skal nyttast.

Rett utfylling av dette skjemaet oppfyller krava til kva søknaden skal innehalde.

Tilskot til kalking og lokale fiskeformål (Kap. 1427 post 70)

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å redusere negative effektar på det biologiske mangfaldet i vassdrag som følgje av sur nedbør og andre alvorlege menneskeskapte trugsmål. Tilskotsordninga skal nyttast til å avdekkje behov for nye tiltak eller gi grunnlag for innsats som kan redusere behovet for kalking i Noreg. Målgruppe for ordninga er private organisasjonar og lag, til dømes grunneigarlag og jeger- og fiskarforeiningar. Forskingsinstitusjonar og landsdekkjande organisasjonar, kommunar og interkommunale organ kan og søkje om tilskot.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak som kan få tilskot er:

  • Kjøp, transport og spreiing av kalk
  • Tekniske installasjonar for dosering av kalk
  • Informasjon om effektar av utførte tiltak og rettleiing om kalking i vatn og vassdrag
  • Fiskekultiveringstiltak og andre tiltak for å styrkje fiskebestandane i kalka vassdrag

Tilskot gis til prosjekt i område der tolegrensa for menneskeskapt forsuring er overskriden. Mellom anna vil førekomst av organismar og fiskeslag som er følsame for forsuring bli vurdert ved prioritering av prosjekt. Eit vilkår for tilskot er at fiske i området blir opna for allmenta etter retningslinjer gitt av miljøvernstyresmaktene, og at søkjaren medverkar med ein viss eigeninnsats. Eksempel på eigeninnsats er delfinansiering, dugnadsarbeid og kultiveringstiltak.

Kor skal søknaden sendast

Søknader frå organisasjonar og lag på kommunenivå skal fremjast til kommunen. Søknader om tiltak som omfattar fleire kommunar skal sendast til ein av dei involverte kommunane. Søknader frå kommunar og organisasjonar på fylkesnivå skal sendast til fylkesmannen. Søknader frå forskingsinstitusjonar og sentralorgan i landsdekkjande organisasjonar skal sendast til Direktoratet for naturforvaltning.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen for lag og organisasjonar på kommunenivå er 15. desember 2005. Søknadsfristen for kommunar, lag og organisasjonar på fylkesnivå, og forskingsinstitusjonar og sentralorgan i landsdekkjande organisasjonar er 15. januar 2006.

Kommunen tek imot og vurderer søknader frå lokale lag og organisasjonar, og sender søknadene med ei tilråding om prioritering til fylkesmannen saman med eventuelle søknader frå kommunen sjølv eller på vegner av fleire kommunar. Fylkesmannen handsamar søknadene frå lokale lag og organisasjonar, kommunar og organisasjonar på fylkesnivå innafor ei budsjettramme fastsett av Direktoratet for naturforvaltning. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått på grunn av manglande budsjettmidlar. Direktoratet for naturforvaltning handsamar søknader frå forskingsinstitusjonar og sentralorgan i landsdekkjande organisasjonar. Alle søkjarar skal få svar innan 15. mars 2006.

Krav til innhald i søknaden

I. Krav til identifikasjon av søkjar

  • Namn, adresse, evt. kontaktperson.
  • Telefonnummer.
  • Bankkontonummer, event. organisasjonsnummer i Brønnøysundregistra.

II. Krav til fagleg omtale av prosjektet / tiltaket som det blir søkt om tilskot til:

  • Mål med prosjektet, kven har nytte av prosjektet.
  • Venta resultat.
  • Korleis prosjektet er planlagt gjennomførd.
  • Samarbeidspartnarar.
  • Framdriftsplan for prosjektet.
  • Kva for faglege føresetnader søkjar har for å gjennomføre prosjektet.

III. Krav til økonomisk omtale av prosjektet:

Utgifter spesifisert på:

Drift:

  • Løn inkl. arbeidsgjevaravgift
  • Forbruksmateriell
  • Reiser, transport, opphald
  • Konsulenthjelp
  • Husleige og andre leigeutgifter
  • Skattar, avgifter (anna enn arbeidsgjevaravgift)

Investeringar:

  • varige driftsmidlar
  • anna

Finansiering spesifisert på:

  • Miljøverndepartementet/fagdirektorat
  • Andre departement/direktorat
  • Tilskot frå kommunen
  • Anna spesifisering

Søknaden skal grunngi behovet for tiltaket (kjemisk og biologisk forsuringsutvikling og forsuringsstatus). Det skal opplysast om kva verknader ein ventar av tiltaket og om det trengst eventuelle fiskekultiveringstiltak. Søknaden skal og stadfeste at eit eventuelt fiske vil vere tilgjengeleg for publikum og klarleggje om tiltaket har positive verknader for friluftslivet. I tillegg skal søknaden gi eit oversyn over eventuelle andre forureiningskjelder og tekniske og fysiske inngrep knytt til vassdraget. Søknaden skal også innehalde kalkingstekniske vurderingar som effekt på nedstraums liggjande lokalitetar og tilrettelegging for maskinell kalking. Fylkesmannen kan krevje at søknaden er basert på ein ferdig driftsplan eller stille som vilkår at driftsplan blir utarbeidd.

Dersom søknaden gjeld vidareføring av eit eksisterande kalkingstiltak, skal ein rapport om status for dette tiltaket leggjast ved søknaden. Rapporteringsskjema kan ein få hos fylkesmannen.

Søknader frå lokale organisasjonar/lag og kommunar skal fremjast på eit eige søknadsskjema som ein får ved å vende seg til fylkesmannen.

Tilskot til førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga (Kap. 1427 post 73)

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å sikre iverksetjing av effektive førebyggjande og konfliktdempande tiltak for å avgrense dei skadar rovvilt kan forårsake på husdyr og tamrein, i forhold til lokalsamfunn og i forhold til andre grupper. Primær målgruppe er husdyreigarar og reineigarar, kommunar og lokalsamfunn. Lokale, regionale og landsomfattande organisasjonar og forskingsinstitusjonar kan og søkje om tilskot.

Kva for tiltak kan få tilskot

Ein føresetnad for å gje tilskot til husdyr- og tamreineigarar er at tiltaka med stort sannsyn kan ventast å ha ein direkte tapsreduserande effekt. Dette inneber at tiltak som til dømes omfattar utvida tilsynsaktivitet aleine ikkje skal støttast økonomisk. Tiltak som omfattar fellesløysingar med fleire besetningar, heile beitelag, sankelag m.v. skal prioriterast for tilskot framfor tiltak i den einskilde besetning.

Føljande tiltak retta mot husdyr kan få tilskot:

  1. Tidlegare sanking av sau
  2. Forseinka slepp på beite
  3. Flytting av sau
  4. Overgang til andre sauerasar eller anna småfehald
  5. Tidleg lamming og tidleg slakting
  6. Intensiv gjeting av sau, til dømes kombinert med bruk av gjetarhund og nattkve
  7. Bruk av voktarhund
  8. Styrt bruk av område ved hjelp av gjerde (til dømes "rovdyrsikre" gjerde)
  9. Bruk av tekniske tiltak
  10. Ekstraordinært tilsyn. Med dette meiner ein iverksetjing av intensivt tilsyn/gjeting straks det er oppdaga rovdyrskadar, samt at dette blir utført kveld, natt og morgon.
  11. Prosjekt der utvida tilsyn er naudsynt del av ei kombinasjonsløysing
  12. Kombinasjonar av tiltak som er nemnde ovanfor
  13. Andre tiltak som fell inn under målet med ordninga

Føljande tiltak retta mot tamrein kan få tilskot:

  1. Kartlegging av taps- og strukturtilhøve i reinbeitedistrikt med spesielt store tap
  2. Fôring av rein i område med store rovvilttap vår og vinter
  3. Mellombels flytting av flokken til mindre rovviltutsette beiteområde
  4. Meir intensiv gjeting i periodar med store rovvilttap
  5. Mellombels inngjerding med utvida kantgjeting i kalvingsområde
  6. Utprøving av halsklavar
  7. Andre tiltak som fell inn under målet med ordninga

Tiltak i kommunar skal gjere lokalsamfunn som råkast av rovvilt, og særleg bjørn og ulv, betre i stand til å handtere konfliktar som disse artane kan skape. Tiltaka skal bidra til auka kunnskap om og forståing for rovvilt og rovviltforvaltning. Tiltak retta mot barn og unge skal prioriterast.

Andre tiltak som kan få tilskot:

  1. Utprøving av nye førebyggjande og konfliktdempande tiltak mot rovviltskadar, samt evaluering av effektar av tiltak som er satt i gang.
  2. Forvaltningsrelaterte forskings- og utredningsoppgåver som bidreg til utvikling og iverksetting av effektive førebyggjande tiltak.

Kor skal søknaden sendast

Søknader som omfattar den einskilde region skal sendas til fylkesmannen i det fylke der søkjaren har bustad. Søknader av nasjonal karakter skal sendas Direktoratet for naturforvaltning.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2006. Fylkesmannen legg til rette for ei handsaming av søknaden innanfor ei budsjettramme og nærare føringar fastsett av den regionale rovviltnemnda.

For å kunne bli aktuell for tilskot, må eventuelle tilskotsmottakarar oppfylle følgjande kriterium:

  1. Søknaden må vere fullstendig utfylt og vere hos søknadsmottakar innan fastsett frist.
  2. Søkjar må vere innanfor målgruppa for ordninga.
  3. Tiltaket må vere innanfor omtalen av kva tiltak ordninga omfattar.
  4. Framlagde planar (framdrift, finansiering) må vere realistiske.
  5. Rapportering av gjennomføring og evaluering av tiltaket

Krav til innhald i søknaden

Ingen av søknadsskjema vedlagt rundskrivet kan nyttast, og søkjar må lage søknaden med føljande krav til innhald:

Krav til identifikasjon av søkjar:

  1. Namn, adresse, eventuell kontaktperson
  2. Telefonnummer
  3. Gards- og bruksnummer
  4. Eventuelt organisasjonsnummer i Brønnøysundregistra eller kven som står juridisk ansvarleg for tilskotsmottakaren sine økonomiske disposisjonar dersom verksemda ikkje er registrert i Brønnøysundregistra.

Krav til fagleg omtale av prosjektet/tiltaket:

  1. Målet med prosjektet, kven som har nytte av arbeidet
  2. Venta resultat
  3. Korleis prosjektet er planlagt gjennomført
  4. Samarbeidspartnarar
  5. Framdrift for prosjektet

Krav til økonomisk omtale av prosjektet:

  1. Utgifter bør normalt bli spesifisert på:

Drift:

i. Løn inkl. arbeidsgjevaravgift

ii. Forbruksmateriell

iii. Reiser, transport, opphald

iv. Konsulenthjelp

v. Husleige og andre leieutgifter

vi. Skattar, avgifter (anna enn arbeidsgjevaravgift)

Investeringar:

vii. Varige driftsmiddel

viii. Andre

  1. Finansiering bør normalt bli spesifisert på:

i. Tilskot frå miljøvernforvaltninga (spesifiser dersom fleire etatar)

ii. Andre offentlege tilskot

iii. Eigne middel

 

Tilskot til friluftslivsaktivitet

Tiltak i naturvern-, kulturlandskaps- og friluftslivsområde (Kap. 1426 post 31)

Mål for ordninga og målgruppe

Budsjettposten skal dekkje dei utgiftene staten har i samband med å leggje til rette i og skjøtte statlege naturvern- og friluftslivsområde. Tilskotsordninga gjeld bare statlege friluftslivsområde, og kommunar og interkommunale friluftsråd kan søkje, men ein frivillig organisasjon kan ta hand om den daglege drifta.

Kva for tiltak kan få tilskot

I område som er sikra med statlege friluftslivsmidlar kan staten gi midlar til å finansiere opparbeiding av området, tilrettelegging, vedlikehald og skjøtsel. Aktuelle tiltak er til dømes informasjonstavler, tilrettelegging for funksjonshemma, opparbeiding av turvegar og turstigar, plassar for parkering, toalett og renovasjonsordning, badebryggje, tilplanting og liknande. DN-handbok 3 «Naturvennlig tilrettelegging» og DN-handbok 4 «Friluftsområder – offentleg sikring og forvaltning» gir rettleiing, idear og tips om arbeidet. Fylkesmannen kan og gi rettleiing om aktuelle tiltak.

Kor skal søknaden sendast

Søknaden skal sendast til fylkesmannen.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2006. Fylkesmannen handsamar søknadene innafor ei budsjettramme fastsett av Direktoratet for naturforvaltning og skal gi melding til søkjar om utfallet innan 15. mars 2006. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått på grunn av manglande budsjettmidlar.

Krav til innhald i søknaden

Søknaden skal innehalde kva for statleg sikra friluftslivsområde det gjeld og skal innehalde ei skisse av tiltaket/tiltaka (kan vere skriftleg, teikningar er ikkje naudsynt), framdriftsplan og budsjett. Kommune/interkommunalt friluftsråd bør utarbeide fleirårige handlingsplanar for dei laupande driftsoppgåvene i dei statlege friluftslivområda.

Søknadsskjema A-06 skal nyttast.

Rett utfylling av dette skjemaet oppfyller krava til kva søknaden skal innehalde.

Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde (Kap. 1427 post 30)

Mål for ordninga og målgruppe

For å sikre område til friluftsliv skaffar det offentlege til veie areal ved erverv av eigedomsrett eller ved avtale om varig bruksrett (servituttavtale). Det viktigaste føremålet med statlege midlar til sikring av friluftslivområde er å betre tilgjenge til friluftslivområde for allmenta. Særleg er det viktig at område i kystsona blir sikra. Det er og viktig å sikre samanheng i ein allment tilgjengeleg grønstruktur i byar og tettstader. Hovudmålet for friluftslivpolitikken er at friluftslivet skal styrkjast som ein helsefremjande, trivselsskapande og miljøvenleg fritidsaktivitet. Ordninga rettar seg mot kommunar, fylkeskommunar og interkommunale friluftsråd, men lokale lag og organisasjonar m.v kan gjerne ta initiativ overfor kommunar og friluftsråd om å fremje sikringssøknad.

Kva for tiltak som kan få midlar

Søknader som er handsama og prioriterte i ein kommunal prosess etter plan- og bygningslova vil bli prioriterte. Dette aukar sjansen for at ulike interesser er ivaretekne og at sikringa skjer som ledd i ein plan for utvikling av friluftslivtilbodet i kommunen og at ein regional eller nasjonal samanheng er vurdert.

Vidare vil areal som blir/vil bli intensivt bruka, og som bør leggjast til rette for friluftslivsføremål, bli prioritert. Det er ønskeleg å sikre område som kjem store folkegrupper til gode. Dei mest pressa områda langs kysten skal prioriterast. Nærområde og turvegar i og ved byar og tettstader, særleg med god tilgjenge for dei med nedsett funksjonsevne, har òg høg prioritet.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknad om statlege midlar til sikring av friluftslivsområde må fremjast for fylkesmannen på standard søknadsskjema B-06 innan 15. januar 2006. Fylkesmannen sender søknadene vidare til Direktoratet for naturforvaltning med ei tilråding innan 15. februar 2006. Direktoratet for naturforvaltning handsamar søknadene og skal gje melding til søkjar om utfallet innan 15. juni 2006.

Vilkår etter konsesjonslova

Konsesjonslova gir høve til å stille konsesjonsvilkår for å sikre allmenne frilufts­liv interesser. Eventuelle slike vilkår blir fastsette av landbruksstyresmaktene. Slike vilkår kan gå ut på forbod mot ytterlegare bygging og/eller høve til å leggje til rette for publikum (fortøyingsinnretningar for båtar, søppelstativ, toalett, anlegg av sti/turveg m.v.). Det kan også setjast vilkår om at delar av eigedomen skal avhendast til kommunen eller staten ved Direktoratet for naturforvaltning. I fall slike vilkår vil kunne føre med seg kostnader for staten, må vilkåra godkjennast av Direktoratet for naturforvaltning.

For at Direktoratet for naturforvaltning skal få høve til å tilrå vilkår i konsesjonssaker, må dette på førehand vere tilrådd av kommunen. Direktoratet for natur­forvaltning ventar med aktiv medverknad frå den aktuelle kommune i slike saker. Slike saker kan fremjast for fylkesmannen/Direktoratet for naturforvaltning heile året; dei er altså ikkje avgrensa av dei ordinære tidsfristane for statleg tilskot.

Tilskot til friluftslivstiltak (Kap. 1427 post 74)

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å medverke til stimuleringstiltak og haldningsskapande arbeid for friluftsliv blant barn og unge. Målgruppa for ordninga er lokale lag og organisasjonar, dei regionale nettverka ”Forum for natur og friluftsliv”, Friluftslivets fellesorganisasjon (FRIFO) og eventuelle andre samskipnader av landsdekkjande, frivillige organisasjonar med friluftsliv som arbeidsområde.

Kva for tiltak kan få tilskot

Kvalifiserte tiltak er:

  • Tiltak som stimulerer nye grupper til deltaking i friluftslivsaktivitetar, til dømes funksjonshemma og etniske minoritetar i Noreg.
  • Tiltak retta mot barn, unge og barnefamiliar

Kor skal søknaden sendast

Søknader frå organisasjonar og lag på kommunenivå skal sendast til kommunen. Søknader om tiltak som omfattar fleire kommunar skal sendast til ein av dei involverte kommunane. Søknader frå kommunar og organisasjonar på fylkesnivå skal sendast til fylkesmannen. Søknader frå sentralorgan i landsdekkjande organisasjonar skal sendast til Direktoratet for naturforvaltning.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen for lag og organisasjonar på kommunenivå er 15. desember 2005. Søknadsfristen for kommunar, lag og organisasjonar på fylkesnivå og sentralorgan i landsdekkjande organisasjonar er 15. januar 2006.

Kommunen tek imot og vurderer søknader frå lokale lag og organisasjonar, og sender søknadene med ei tilråding om prioritering til fylkesmannen saman med eventuelle søknader frå kommunen sjølv eller på vegne av fleire kommunar. Fylkesmannen handsamar søknadene frå lokale lag og organisasjonar, kommunar og organisasjonar på fylkesnivå innafor ei budsjettramme fastsett av Direktoratet for naturforvaltning. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått på grunn av knappe budsjettmidlar. Direktoratet for naturforvaltning handsamar søknader frå sentralorgan i landsdekkjande organisasjonar. Alle søkjarar skal få svar innan 15. mars 2006.

Krav til innhald i søknaden

Dersom søknaden inneheld fleire prosjekt, må kvart prosjekt bli spesifisert.

Søknadsskjema A-06 skal nyttast.

Rett utfylling av dette skjemaet oppfyller krava til kva søknaden skal innehalde.

Tilskot til kulturminnetiltak

Tilskot til kulturminnetiltak (Kap. 1429 post 50, 72, 73, 74 og 77)

Generell omtale

Riksantikvaren er eit direktorat for kulturminneforvaltninga og gjev råd og rettleiing i faglige spørsmål til Miljøverndepartementet. Det er Riksantikvaren som forvaltar tilskotsmidlane over postane 72, 73, 74 og 77. Sametinget forvaltar tilskotsmidlane over post 50.

Hovudføremålet for kulturminneforvaltninga er å hindre tap av kulturminne og kulturmiljø og ta vare på kulturminna som bruksressursar og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Tilskotsmidlane må ein sjå i denne samanheng. Tilskot skal gå til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg som er freda ved vedtak, automatisk freda bygningar og anlegg frå mellomalderen, faste kulturminne knytte til kystkultur, kulturlandskap, arkeologiske kulturminne, viktige nasjonale konserveringsoppgåver, verdsarvområda, brannsikrings- og beredskapstiltak og fartøyvern. Postane kan og dekke kostnader i samband med å skaffe ny kunnskap mellom anna innafor fagområda bergkunst, samisk kulturminnevern, utvikling av byar og tettstader og tilgjenge for personar med nedsett funksjonsevne. Det er også etablert ei tilskotskordning for gjennomføring av eit verdiskapingsprogram på kulturminneområdet. Målet er at kulturminne og kulturmiljø i langt sterkare grad enn i dag skal verte nytta som utgangspunkt og grunnlag for utvikling av levande lokalsamfunn og næringsliv. Det skal leggast særskilt vekt på kystkultur.

Eigar vil som hovudregel vere den som har ansvaret for gjennomføring av eit tiltak, men i einskilde høve kan det vere føremålstenleg at Riksantikvaren eller fylkeskommunen/Sametinget eller kommunane er ansvarlege i samarbeid med eigar.

Postane nyttast og til tilskot til mindre, private tiltak som blir utløyst etter kulturminneloven § 10, samt finnarløn

Kor skal søknaden sendast

Som hovudregel skal søknaden sendast fylkeskommunen som vurderer og prioriterer før dei sender søknaden til Riksantikvaren for handsaming. Ta kontakt med fylkeskommunen om ein har trong for meir informasjon. Søknad om tilskot til samisk kulturminnevernarbeid skal sendast Sametinget.

Søknadsskjema kan ein få ved å vende seg til dei respektive fylkeskommunane. Riksantikvaren har søknadsskjema for ordningane der direktoratet er mottakar av søknad (Tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre private tiltak (kap 1429, post 72.1), Tilskot til mellomalderbygningar og anlegg (kap. 1429, post 72.3)).

Søknadsfrist

For dei fleste underpostane er søknadsfristen til Riksantikvaren 31. desember 2005. Unnatak frå denne regelen blir omtala under den einskilde underposten. For at fylkeskommunane skal rekkje å handsame søknaden før denne fristen, må søknader sendast fylkeskommunen i god tid føre 31. desember. Fylkeskommunane kan ha ulike tidsfristar. Dei blir kunngjort i dagspressa.

Krav til innhald i søknaden

I. Krav til identifikasjon av søkjar

  • Namn, adresse, evt kontaktperson.
  • Telefonnummer.
  • Bankkontonummer, og evt. organisasjonsnummer i Brønnøysundregistra.

II. Krav til fagleg omtale av prosjektet / tiltaket som det vert søkt om pengar til:

  • Mål med prosjektet, kven har nytte av prosjektet.
  • Framdriftsplan for prosjektet.
  • Beløp som det søkast om
  • Korleis prosjektet er planlagt gjennomført (til dømes bruk av arkitekt, handverkarar, eigeninnsats)
  • Samarbeidspartnarar.
  • Kva for faglege føresetnader søkjar har for å gjennomføre prosjektet, eventuelt om søkjar har sørga for at prosjektet kan gjennomførast på ein fagleg forsvarleg måte.

III. Krav til økonomisk omtale av prosjektet:

Utgifter spesifisert på:

  • Løn inkl. feriepengar og arbeidsgjevaravgift
  • Forbruksmateriell
  • Reiser, transport, opphald
  • Konsulenthjelp
  • Andre utgifter (spesifisert)

Finansiering spesifisert på:

  • Riksantikvaren/fylkeskommunen (kap 1429, postane 72, 73 , 74 og 77)
  • Andre departement/direktorat
  • Tilskot frå kommunen/fylkeskommunen
  • Anna finansiering (spesifiser)

Det må være samsvar mellom budsjetteringa og summen det søkast om.

Kostnadsoverslag og tilbod frå utøvande handverkar, arkitekt m.v. skal følgje søknaden. Likeeins beskriving av tiltaket med teikningar og eventuelt fotografiar. Vidare må søknaden innehalde ei utgreiing om tiltaket eller deler av tiltaket kan gjennomførast ved mindre tilskot enn omsøkt. Søknaden må og innehalde ei utgreiing om søkjaren har tenkt å føre vidare tiltaket når prosjektstøtta fell bort. Den må og gjere greie for korleis ein vil rapportere og formidle resultat og erfaringar til aktuelle brukarar, gjerne i samarbeid med andre og i popularisert form. Dersom søknaden inneheld fleire prosjekt, må kvart prosjekt bli spesifisert.

Dersom søkjaren er ein organisasjon/institusjon, må søknaden fremmast av leiinga for organisasjonen/institusjonen. Dersom ei verksemd er mottakar av tilskot til drift, må ho kunne leggje fram vedtekter, statuttar e.l. og organisasjonsplan eller oversikt over styringsstrukturen i verksemda.

For anna informasjon om tilskotsordningane visast det til omtala av desse i St.prp. nr. 1 (2005-2006) for Miljøverndepartementet. Fylkeskommunen eller Riksantikvaren kan og gi meir informasjon.

Omtale av dei einskilde ordningane

Tilskot til samisk kulturminnevernarbeid (Kap. 1429 post 50)

Tilskotsordninga skal ivareta dei overordna kulturminnefaglege omsyna i arbeidet med samiske kulturminne og kulturmiljø. Midlane skal i hovudsak nyttast til større vedlikehalds- og restaureringsarbeid.

Kor skal søknaden sendast

Søknad skal sendast til Sametinget, Miljø- og kulturvernavdelingen, 9840 Vuonnabahta/Varangerbotn, tlf. 78 95 99 00, faks 78 95 99 09. Sametinget svarer og på spørsmål om ordninga.

Tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre private tiltak (Kap. 1429 post 72.1)

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å følgje opp dei statlege pliktene i § 10 i kulturminnelova, og gi heil eller delvis dekning av utgifter som følgjer av pålegg om særskilt gransking av automatisk freda kulturminne eller til særskilte tiltak for å verne dei.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskot skal gjevast til heil eller delvis dekning av utgifter i samsvar med kulturminnelovas føresegn i § 10 og utfyllande retningsliner.

Kor skal søknaden sendast

Søknaden skal sendast til Riksantikvaren.

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist – ein kan søkje heile året.

Tilskot til vern og sikring av freda bygningar og anlegg (Kap. 1429 post 72.2)

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å følgje opp dei statlege pliktene i § 15a i kulturminnelova. Det vil seie å gi heilt eller delvis vederlag til eigarar av freda kulturminne til fordyrande arbeid (sett ut frå antikvariske omsyn) som følgjer av vilkår for dispensasjon, og å dekkje utgifter til andre sikrings- og istandsettingstiltak på freda bygningar og anlegg. Målgruppe er private eigarar og forvaltarar av freda bygningar og anlegg. Eigar og forvaltar kan vere privatpersonar, stiftingar, styret i foreining/organisasjon/sameige, kyrkjesokn, sokneråd, frivillige organisasjonar eller liknande.

Riksantikvaren kan sjølv initiere viktige tiltak innafor særlege satsingsområde. Det er også mogleg for fylkeskommunane på vegne av eigarar å søkje om middel til større oppgåver for kulturminne som har nasjonal verdi.

Tiltak som kan få tilskot

Eigarar av freda bygningar og anlegg har krav på tilskot til heil eller delvis dekning av kostnader som skuldast fordyrande vilkår sett av kulturminnestyresmaktene, i samband med dispensasjon frå fredingsvedtak. Tilskot til viktige sikrings- og istandsettingstiltak vil bli tildelt etter følgjande prioriteringar: Tiltak som stanser og hindrar ytterlegare forfall, mellombels sikring av freda bygningar og anlegg som er i forfall og tiltak som sikrar bygningar og anlegg det finst få av. Det meste av tilskotsmidlane blir fordelt til private eigarar og forvaltarar av freda kulturminne og kulturmiljø. For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under måla for ordninga. Ved fordeling av tilskot skal Riksantikvaren og fylkeskommunen innafor dei disponible budsjettmidla på underposten utføre ei samla fagleg vurdering av den kulturhistoriske verdien og tydinga tiltaka har i høve til målet for tilskotsordninga. Riksantikvaren kan og sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innafor særlege satsingsfelt.

Kor skal søknaden sendast

Sjå punkt 2.1.2. ovanfor.

Søknadsfrist

Sjå punkt 2.1.3. ovanfor.

Krav til innhald i søknaden

Sjå punkt 2.1.4 ovanfor.

Tilskot til mellomalderbygningar og anlegg (Kap. 1429 post 72.3)

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til å verne og sikre automatisk freda bygningar og ruinar frå middelalderen, under dette stavkyrkjene. Målgruppa for ordninga er eigarar og forvaltarar av disse kulturminna. Ordninga omfattar tilskot til bygningar og anlegg som er automatisk freda etter kulturminnelova. Målgruppe er eigarar og forvaltarar av automatisk freda bygningar og ruinar frå mellomalderen. Eigar og forvaltar kan vere privatpersonar, stiftingar, styret i foreining/organisasjon/sam­eige, kommunar, kyrkjesokn, sokneråd, frivillige organisasjonar eller liknande. Riksantikvaren kan sjølv initiere viktige tiltak innafor særlege satsingsområde, til dømes det ti-årige ruinprosjektet som startar i 2006.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskotsmidlane skal nyttast til større vedlikehalds- og restaureringsarbeid på bygningar og anlegg som er automatisk freda etter kulturminnelova. Tilskotsmidlane blir fordelt til private eigarar og forvaltarar av desse kulturminna. For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga. Ved fordeling av tilskot skal Riksantikvaren innafor dei disponible budsjettmidla på underposten utføre ei samla fagleg vurdering av den kulturhistoriske verdien og tydinga tiltaka har i høve til målet for tilskotsordninga. Det blir lagt vekt på utvikling av handverkskompetanse og bruk av tradisjonelle handverksteknikkar og materialar.

Kor skal søknaden sendast

Søknaden skal sendast Riksantikvaren.

Søknadsfrist

Søknadsfristen til Riksantikvaren er 31. desember 2005.

Krav til innhald i søknaden

Sjå punkt 2.1.4 ovanfor. For ruinar stiller Riksantikvaren krav om at det skal lagast ein plan for skjøtselen. Riksantikvaren kan hjelpe til med å utarbeide ein slik plan.

Tilskot til kystkultur (Kap. 1429 post 72.4)

Mål for ordninga og målgruppe

Ordninga skal medverke til å sikre og setje i stand freda og spesielt bevaringsverdige kulturminne og kulturmiljø som er typiske for liv og verksemd langs kysten. Målgruppe er eigarar og forvaltarar av freda eller spesielt bevaringsverdige verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Eigar og forvaltar kan vere privatpersonar, stiftingar, styret i foreining/organisasjon/sameige, frivillige organisasjonar eller liknande.

Tiltak som kan få tilskot

Det blir lagt vekt på å bruke midlane til konkrete tiltak knytt til sikring og istandsetjing, og til forvaltning, drift og vedlikehald etter antikvariske retningsliner. Tilskota blir fordelt på grunnlag av følgjande prioriteringar: Tiltak som stanser og hindrar ytterlegare forfall og tiltak som sikrar kulturminne og kulturmiljø som det finst få av. Bruk av tradisjonelle materialar, teknikkar og handverk og opplæring og kunnskapsoppbygging er viktige grunnar for tildeling av tilskot. For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga. Ved fordeling av tilskot skal Riksantikvaren, ev. fylkeskommunen, innafor dei disponible budsjettmidlane utføre ei samla fagleg vurdering av dei kulturhistoriske verdiane og tydinga tiltaka har i høve l målet for tilskotsordninga, under dette også effektar knytt til verdiskaping i kystsona lokalt og regionalt. Riksantikvaren kan og sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innanfor særlege satsingsfelt.

Kor skal søknaden sendast

Sjå punkt 2.1.2. ovanfor.

Søknadsfrist

Sjå punkt 2.1.3. ovanfor.

Krav til innhald i søknaden

Sjå punkt 2.1.4. ovanfor.

Tilskot til freda og andre særlege verdifulle kulturmiljø og landskap (Kap. 1429 post 72.5)

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til å ta vare på freda kulturmiljø og andre særleg verdifulle kulturmiljø. Målgruppa for ordninga er eigarar og forvaltarar av slike område.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskotsmidlane blir nytta til skjøtsel av kulturmiljø som er freda etter kulturminnelova eller andre særleg viktige kulturmiljø. Tilskot skal primært nyttast til praktiske forvaltningstiltak for å setje i stand, skjøtte og sikre kulturlandskap. Tiltaka bør medverke til å utvikle prinsipp og modellar for god forvaltning. Ein vil prioritere prosjekt som gir effekt med omsyn til utvikling, samordning eller samspel, og prosjekt som har overføringsverdi. Dei freda kulturmiljøa vil bli prioritert ved tildeling av tilskot. Tilskotsmidlane blir fordelte etter søknad til private eigarar og forvaltarar av desse områda.

For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga. Ved fordeling av tilskot skal Riksantikvaren innanfor disponible budsjettmidlar utføre ei samla fagleg vurdering av tiltaka i forhold til målet for tilskotsordninga. Riksantikvaren kan og sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innanfor særlege satsingsfelt.

Kor skal søknaden sendast

Sjå punkt 2.1.2 ovanfor.

Søknadsfrist

Søknadsfristen til Riksantikvaren er 31. desember 2005. Sjå punkt 2.1.3. ovanfor.

Krav til innhald i søknaden

Sjå punkt 2.1.4. ovanfor.

Tilskot til skjøtsel av automatisk freda kulturminne (Kap. 1429 post 72.6)

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal sikre at arkeologiske kulturminne blir haldne i hevd gjennom ei tiårig satsing på skjøtsel og restaurering av eit utval arkeologiske kulturminne av nasjonal verdi, under dette sikring av bergkunst. Målgruppe er private eigarar og forvaltarar av arkeologiske kulturminne.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskotsmidlane blir fordelte etter søknad til private eigarar og forvaltarar av kulturminna. Prosjekt der det er stort lokalt engasjement og der det knyter seg særlege opplevings- og formidlingsverdiar til kulturminna vil bli prioritert. Tilskot kan mellom anna gjevast til skjøtsel, restaurering og formidling, under dette tiltak som aukar tilgjenge og som bidrar til å avgrense slitasje. Tilskot kan og gjevast til tiltak som sikrar at resultata frå Bergkunstprosjektet blir nytta i skjøtsel, konservering og formidling og til metodeutvikling.

For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga. Ved fordeling av tilskot skal Riksantikvaren innanfor disponible budsjettmidlar utføre ei samla fagleg vurdering av tiltaka i høve til målet for tilskotsordninga. Riksantikvaren kan og sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innanfor særlege satsingsfelt.

Kor skal søknaden sendast

Søknaden skal sendast Riksantikvaren.

Søknadsfrist

Når det gjeld finnarløn kan ein søkje heile året. For andre tiltak er søknadsfristen til Riksantikvaren 31. januar 2006.

Jf. punkt 2.1.3 ovanfor.

Krav til innhald i søknaden

Sjå punkt 2.1.4. ovanfor. For søknader om tilskot til skjøtsel stiller Riksantikvaren krav om at ein plan skal lagast. Riksantikvaren kan gje råd med å utarbeide ein slik plan.

Tilskot til forvaltning og vedlikehald av kulturminne på World Heritage List, nasjonale oppgåver (Kap. 1429 post 72.9)

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til å sikre og setje i stand dei norske verdsarvområda i tråd med dei internasjonale retningslinjene frå UNESCO. Målgruppe for ordninga er eigarane og forvaltarane av dei norske områda som er førte opp på UNESCO si verdsarvliste. Tilskot kan og gjevast til tiltak som gir betre tilgjenge og som bidrar til å avgrense slitasje.

Riksantikvaren kan sjølv initiere viktige tiltak. Det er og mogleg for fylkeskommunane på vegne av eigarar å søkje om midlar til større oppgåver.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskot blir gitt til prosjekt for sikring, istandsetjing, overvaking og andre naudsynte tiltak i verdsarvområde, i samsvar med tilrådingar i evalueringsrapport frå ICOMOS. Der det er mogleg bør tilskotsmidla kombinerast med ordningar for opplæring som kan heve kunnskapsnivået innan antikvarisk istandsetjing. Det blir lagt vekt på utvikling av handverkskompetanse og bruk av tradisjonelle handverksteknikkar og materialer.

Kor skal søknaden sendast

For Bryggen i Bergen skal søknad sendast til Byantikvaren i Bergen ved Kulturetaten og for Bergstaden Røros til Røros kommune. Søknader for Urnes stavkyrkje og bergkunsten i Alta skal sendast til Riksantikvaren. Søknader som gjeld bygningsvern på Vegaøyane, Vestnorsk fjordlandskap og Struves triangelkjede skal sendast dei respektive fylkeskommunane.

Søknadsfrist

Kommunane og fylkeskommunane har eigne søknadsfristar som ein kan få opplyst ved å vende seg dit. Søknadsfrist til Riksantikvaren er 31. desember 2005.

Krav til innhald i søknaden

Sjå punkt 2.1.4. ovanfor.

Tilskot til brannsikring og beredskapstiltak (Kap. 1429, post 73)

Midlane på posten fordelast direkte frå Riksantikvaren til særskilt prioriterte tiltak. Sjå elles omtale av posten i St.prp. nr. 1 (2005-2006) for Miljøverndepartementet.

Tilskot til Fartøyvern (Kap. 1429, post 74)

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å sikre og setje i stand fartøy der det er inngått avtale med eigarar om vern. Midlane på posten omfattar tilskotsmidlar til konkret istandsetjings- og vedlikehaldsarbeid på fartøy. Målgruppe for ordninga er eigarar og forvaltarar av slike kulturminne som er nemnde ovanfor.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskot vil bli tildelt etter følgjande prioriteringar: Prosjekt der det er stort lokalt engasjement og der det knyter seg særlege opplevings- og formidlingsverdiar til fartøyet, tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall og fartøy som det finst få av. Tilskot kan og gis som støtte til driftsutgifter knytt til det løpande vedlikehaldet, til dømes til innkjøp av nødvendig forbruksmateriell, nødvendig periodisk ettersyn/service av maskineri og teknisk utstyr, fysisk sikring/ivaretaking av fartøyet, mellom anna strømoppkopling ved kai. Tilskot til drift kan gis etter søknad og blir tildelt etter behovsprøving ut frå faktiske behov for vedlikehald. Det blir ikkje gitt faste, årlige driftstilskott.

For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga. Ved fordeling av tilskot skal Riksantikvaren innafor disponible budsjettmidlar utføre ei samla fagleg vurdering av tiltaka i lys av den enkelte søknaden, og av behovet og venta miljøfaglege resultat som er synleggjort i denne. Riksantikvaren kan og sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innanfor særlege satsingsfelt.

Kor skal søknaden sendast

Søknad skal sendast Riksantikvaren.

Søknadsfrist

Søknadsfrist til Riksantikvaren er 31. desember 2005.

Krav til innhald i søknaden

Sjå punkt 2.1.4. ovanfor.

Tilskot til verdiskapingsprogram på kulturminneområdet (Kap. 1429 post 77)

Tilskot frå denne posten skal nyttast til eit verdiskapingsprogram for kulturminne og kulturmiljø. Gjennom verdiskapingsprogrammet skal kulturminne og kulturmiljø i enda større grad enn i dag takast i bruk som kjelder for utvikling av lokalsamfunn og næringsliv. Inntil 10 pilotprosjekt vil bli valt ut dei neste 4 åra. 1-4 prosjekt vil bli sett i gang i 2006. Landets fylkeskommunar er inviterte til å delta i programmet. Dei er også blitt oppmoda om å melde til Riksantikvaren om det er interessant for regionale og lokale aktørar i fylka å delta i eit nasjonalt nettverk for kulturminne og verdiskaping og om det er interesse for å delta i eit pilotprosjekt. Fylkeskommunar som har ein mogeleg kandidat til eit pilotprosjekt, blir bede om å gi ei kort utgreiing om prosjektet.

Kor skal søknaden sendast

Interesserte aktørar lokalt og regionalt må ta kontakt med dei respektive fylkeskommunane dersom dei er interesserte i å delta i programmet.

Søknadsfrist

Fylkeskommunane har frist for å melde tilbake til Riksantikvaren innan 15.desember 2005.

Oversikt over andre tilskotsordningar som er aktuelle for kulturminner og kulturmiljøer

Det finst og tilskotsordningar som forvaltast av andre enn Riksantikvaren og som kan vere aktuelle å søke om midlar frå til kulturminne- og kulturverntiltak, m.a.:

Norsk kulturminnefond – kulturminne og kulturmiljø (opplysningar finst på www.kulturminnefondet.no)

Norsk kulturfond – kulturvern (opplysningar finst på www.kulturrad.no)

Statens landbruksforvaltning – spesielle miljøtiltak i landbruket, under dette ivaretakinga av natur- og kulturminneverdiane i jordbrukets kulturlandskap (opplysningar finst på www.slf.dep.no)

ABM-utvikling – prosjektmidlar (opplysningar finst på www.abm-utvikling.no)

Tilskot og låneordningar til forureiningsområde

Tilskot til biloppsamlingssystemet (Kap. 1441 post 73)

Mål for ordninga og målgruppe

Målet for ordninga er å sikre forsvarleg innsamling og handsaming av bilvrak i heile landet. Oppsamlingsplassar som er godkjende av fylkesmannen og operatørane som driv pressing og transport av vraka etter avtale med Statens forureiningstilsyn, kan få tilskot.

Kva for tiltak kan få tilskot

Det blir gitt tilskot på 631 kr pr. vrak for å gjennomføre pålagde miljøverntiltak i samband med mottak av vrak på oppsamlingsplassane.

Det blir og gitt tilskot til pressing og transport av vraka.

Kor skal søknaden sendast

Biloppsamlingsplassane sender sine vrakmeldingar til Oslo distriktstollstad. Presse- og transportoperatørane sender fakturaer på oppdrag som er utført til Statens forureiningstilsyn.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Biloppsamlingsplassane sender den 1. og 15. kvar månad inn vrakmeldingane sine. Presse- og transportoperatørane sender ein gong i månaden inn fakturaer stadfesta av revisor på oppdrag som er utført.

Krav til innhald i søknaden

Godkjende biloppsamlingsplassar sin rett til å få tilskot følgjer av Stortinget si løyving. Vrakmeldingar er grunnlag for utbetaling. Fakturaene frå presse- og transportoperatørar dannar saman med prisen på shredderjern grunnlag for utbetaling av transporttilskot. Pressetilskotet blir avtala kvart tredje år på bakgrunn av avtalar inngått etter tilbod.

Utbetaling av pant for bilvrak (Kap. 1441 post 75)

Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall, kapittel 4, IV omhandlar utfylling av vrakmelding og utbetaling av vrakpant.

Mål for ordninga og målgruppe

Målet for ordninga er å påverke bileigarane til å levere kasserte kjøretøy til godkjend oppsamlingsplass slik at bilvraka blir handsama på ein forsvarleg måte og kan gjenvinnast. Målgruppa er alle bileigarar.

Kva for tiltak kan få tilskot

Det blir utbetalt pant med 1500 kr for innlevering av bilvrak og beltemotorsyklar til godkjend oppsamlingsplass.

Kor skal søknaden sendast

Vrakpanten blir utbetalt av Tollregion Midt-Noreg, Bodø på grunnlag av meldingar om mottekne vrak innsendt frå dei vel 130 oppsamlingsplassane i landet.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Utbetaling av vrakpant skjer fortløpande.

Krav til innhald i søknaden

Rett til utbetaling følgjer av Stortinget si løyving. Meldingar om mottekne vrak er grunnlag for utbetaling.

Refusjon av smøreoljeavgifta (Kap. 1441 post 76)

Mål for ordninga og målgruppe

Målet for ordninga er å stimulere til auka innlevering av spillolje til godkjend handsaming. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg (19 mottak i alt) som har førehandstilsegn om tilskot frå Statens forureiningstilsyn.

Kva for tiltak kan få tilskot

Det blir utbetalt ein refusjon pr. liter spillolje som fyller krava for refusjon, og blir levert til godkjend handsaming. Det utbetalast refusjon for dei fleste typer brukt smøreolje med unnatak av mellom anna spillolje som kjem frå større skip i internasjonal sjøfart.

Oppfølging og kontroll

Oppfølginga blir ivareteke gjennom statistikk over årleg innsamla spillolje. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg (tankanlegg) med førehandstilsegn frå Statens forureiningstilsyn. I tilsegnet er det fastsett vilkår som refusjonsmottakar er forplikta til å følgje. Utbetalingsanmodinga blir kontrollert i høve til førehandstilsegnet.

Refusjonsordningar for trikloreten (TRI) (Kap. 1441 post 76)

Mål for ordninga og målgruppe

Målet for ordninga er å hindre utslepp til miljøet av TRI frå TRI-haldig avfall. Refusjonen blir utbetalt til godkjent mottaksanlegg for spesialavfall eller godkjent gjenvinnar av TRI-haldig avfall, som betaler beløpet vidare til avfallsleverandøren.

Kva for tiltak kan få tilskot

Refusjonssatsen i 2006 er foreslått til 25 kr pr. kilo TRI. Refusjonen gjeld TRI som inngår i TRI-haldig avfall innlevert til godkjent spesialavfallsmottak eller til godkjent verksemd som driv gjenvinning med sikte på vidaresal. Berre TRI det er innbetalt avgift for gir krav på refusjon.

Kor skal søknaden sendast

Refusjonskrav kan fremjast av avfallsbesittar ved søknad til Statens forureiningstilsyn eller han som Statens forureiningstilsyn gjev slik myndigheit.

Krav til innhald i søknaden

Ved søknaden må avfallsbesittar leggja ved kopi av dokument som viser at det er betalt avgift for den mengde TRI som det krevjast refusjon for (jf. forskrift 11. desember 2001 nr. 1451 om særavgifter, Kap. 3-14.). Refusjon blir utbetalt kvart kvartal.

Refusjon av avgift på hydrofluorkarbonar (HFK) og perfluorkarbonar (PFK) (Kap. 1441, post 76)

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med ordninga er å redusere utsleppa til miljøet av hydrofluorkarbonar (HFK) og perfluorkarbinar (PFK). Målgruppa er aktørar som har større mengder HFK- og PFK-haldig avfall.

Kva for tiltak kan få tilskot

Det blir utbetalt refusjon for den mengd HFK og PFK som er levert til godkjent destruksjonsanlegg for destruksjon. Refusjonssatsane vil vere lik dei gjeldande differensierte avgiftssatsane for avgifta på HFK og PFK ved tidspunktet for innlevering, jf Stortingets årlege avgiftsvedtak og forskrift 11. desember 2001 nr. 1451 om særavgifter § 3-18-2.

Kor skal søknaden sendast

Refusjonskrav kan fremjast av avfallsbesittar ved søknad til Statens forureiningstilsyn.

Krav til innhald i søknaden

Det må leggjast ved analyseprøver til søknaden som viser kva slag mengd og typar av HFK og PFK som er levert til destruksjon. Søknaden skal og innehalde dokumentasjon som viser at den mengda HFK og PFK det blir søkt om refusjon for, er levert til godkjent mottak for destruksjon. Retten til refusjon fell bort om avfallet ikkje blir oppbevart ved destruksjonsanlegget i minst to veker etter at søknad om refusjon er sendt inn. Retten til refusjon fell og bort om avfallet i løpet av denne perioden ikkje er merka med kven som har levert avfallet, eller om avfallet ikkje er påført ein referanse til eit analyseprov.

Statens forureiningstilsyn kan fastsetje nærare reglar for utbetaling av refusjon i dei tilfella der HFK- og PFK-haldig avfall blir eksportert.

Tilskot til universell utforming og tilgjenge for alle

Tilskot til universell utforming og tilgjenge for alle (Kap. 1400 post 80)

Mål for ordninga og målgruppe

Føremål med ordninga er å leggje strategien universell utforming til grunn for å oppnå auka tilgjenge for alle til viktige samfunnsområde. Ordninga skal stimulere til nye løysingar for at produkt, byggverk og uteområde blir utforma slik at alle, utan omsyn til ulik funksjonshemming, skal kunne nytte dei på ein likestilt måte, utan særskilte tilpassingar eller hjelpemiddel. Dette er i tråd med dei politiske intensjonane slik dei er uttrykte i St.meld. 40 (2002-2003) Nedbygging av funksjonshemmende barrierer.

Målgrupper er offentlege og private instansar og organisasjonar som vil sette i verk tiltak for å betre tilgjenge for funksjonshemma. I særskilte tilfelle kan det bli gitt tilskot til tiltak som må løysast gjennom internasjonalt samarbeid. Næringslivet og frivillige organisasjonar vil verte vektlagt når dei samarbeider med kommunane.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tilskot kan nyttast til tiltak som kan gje auka tilgjenge til dei fleste samfunnsområde i samsvar med prinsippa om universell utforming. Prioriterte tiltak er transport, byggverk, uteområde og informasjon og utforming av produkt. Tilskotet kan gjelde forsøk for planlegging og gjennomføring av ulike løysingar, til dømes der næringsliv og organisasjonar går saman med mynde om å prøve ut nye løysingar eller betre eksisterande høve. Tilskot kan og gis til kompetanseheving, mellom anna opplæring og utvikling for å betre handsaming av saker kor universell utforming og tilgjenge vil vere eit element. Dette kan gjelde både organisasjonsutvikling, bestillar- og innkjøpsfunksjonar, planlegging og prosjektutforming i privat og offentleg verksemd, administrasjon og undervisningsektoren. Det vert lagt vekt på prosessar for medverknad og sektorovergripande tiltak der ulike forvaltningsnivå og organisasjonar kan samhandle.

Kor skal søknaden sendast

Søknad skal sendast Miljøverndepartementet, Planavdelinga, P.B. 8013 Dep, 0030 Oslo.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfrist til Miljøverndepartementet er 1. mars 2006. Tilskot vil prioriterte innafor dei tiltaksområda og enkelt tiltaka som er framheva i Regjeringas handlingsplan for auka tilgjenge for personar med nedsett funksjonsevne, publikasjon T-1440 frå Miljøverndepartementet og arbeids- og sosialdepartementet, januar 2005. Miljøverndepartementet vil gje nærare rettleiing om dette på nettstaden http://www.universell-utforming.miljo.no/. Søknadene vil og bli vurderte i høve til andre ordningar som kan nyttast for å fremje universell utforming og auka tilgjenge for personar med nedsett funksjonsevne i Miljøverndepartementet og andre departement. Søknader kan difor bli overførte til handsaming i direktorat eller andre departement. Alle søkjarar skal få svar innan 1. juni 2006.

Krav til innhald i søknaden

I. Krav til identifikasjon av søkjar

  • Namn, adresse og kontaktperson
  • Telefonnummer, evt organisasjonsnummer i Brønnøysundregisteret
  • Bankkontonummer

II. Krav til fagleg omtale av prosjektet/tiltaket som det blir søkt om pengar til:

  • Mål med prosjektet, kva er nytta av prosjektet
  • Venta resultat og tiltaket sin verdi for målet om auka tilgjenge
  • Korleis strategien universell utforming er utnytta
  • Korleis prosjektet er planlagt gjennomførd
  • Samarbeidspartnarar
  • Framdriftsplan for prosjektet

III. Krav til økonomisk omtale av prosjektet:

Kostnaden ved gjennomføring av tiltaket spesifisert på:

  • løn inkl. arbeidsgjevaravgift
  • materiell
  • reiser, transport, opphald
  • konsulenthjelp
  • husleige og andre leigeutgifter
  • skattar, avgifter (anna enn arbeidsgjevaravgift)

Finansiering spesifisert på:

  • Miljøverndepartementet/etat
  • andre departement/etat
  • tilskot frå kommune
  • eigen innsats
  • anna spesifisering

Dersom søknaden inneheld fleire prosjekt, må kvart prosjekt spesifiserast.

Tilskot til internasjonalt samarbeid, luftmiljø og polarforvaltning

Tilskot til internasjonale miljøtiltak og nasjonale ­energitiltak (Kap.1400, post 76)

Målgruppe for ordningane

Målgrupper er ikkje-statlege nasjonale og internasjonale organisasjonar og mellomfolkelege organisasjonar. Tilskot kan også bli gitt til ikkje-statlege organisasjonar som medverkar til gjennomføring av nasjonale tiltak for å oppfylle Noreg sine internasjonale plikter knytte til klimaendringar, ozon-nedbrytande stoff og grenseoverskridande luftforureiningar.

Mål for ordninga

A: å styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er særleg viktig for Noreg og å få gjennomslag for norske miljøvernpolitiske prioriteringar internasjonalt.

B: å bidra til at Noreg gjennom nasjonale tiltak oppfyller sine internasjonale forpliktingar knytte til klimaendringar, ozonnedbrytande stoff og grenseoverskridande luftforureiningar.

Tilskot blir gitt av Miljøverndepartementet basert på kva resultat departementet ønskjer å oppnå i det internasjonale miljøvernsamarbeidet eller plikter som Noreg må innfri gjennom nasjonal tiltak.

Stipend (Kap. 1471 post 50)

Mål for ordninga

Stipendmidlane skal auke kompetansen innafor den norske polarforskinga. Midlane er eit viktig og effektivt verkemiddel for å stimulere norsk polarforsking på Svalbard. Støtte blir primært gitt til norske hovudfags- og doktorgradsstudentar. Støtta skal dekkje ekstrautgifter ved opphald i felt.

Søknadsskjema

Søknadsskjema for naturforvaltningstiltak:

Søknadsskjema for sikring av friluftslivsområde:

Søknadsskjema som gjeld forureiningsordningar kan ein få ved å kontakte Statens forureiningstilsyn.

Kontaktpersonar:

  • Tilskot til biloppsamlingssystemet/Utbetaling av pant for bilvrak - Wenche Rubi Sørvik (Avfallsseksjonen)
  • Refusjon av smøreoljeavgifta - NORSAS
  • Refusjonsordningar for trikloreten (TRI) - NORSAS
  • Refusjon av avgift på hydrofluorkarbonar (HFK) og perfluorkarbonar (PFK) - Torgrim Asphjell (Klima- og energiseksjonen)

Adresseliste

Direktorat

Statens forurensningstilsyn
Strømsvn. 96, P.b. 8100 Dep.,
0032 Oslo
tlf. 22 57 34 00
http://www.sft.no/

Direktoratet for naturforvaltning
Tungasletta 2,
7485 Trondheim
tlf. 73 58 05 00
http://www.dirnat.no/

Riksantikvaren
Dronningensgt. 13, P.b. 8196 Dep.,
0034 Oslo
tlf. 22 94 04 00
http://www.ra.no/

Fylkesmannen i

Adresse

Telefon/Telefax

Oslo/Akershus

Tordenskjoldsgt. 12
Boks 8111, Dep 0032 Oslo

22 00 35 00
22 00 35 35

Østfold

Vogtsgt. 17, 1502 Moss
Pb 325, 1502 Moss

69 24 70 00
69 24 70 31

Hedmark

Statens hus, Parkgt 36,
Pb 4034, 2306 Lillehammer

62 55 14 00
62 55 14 01

Oppland

Storgata 170, Serviceboks
Statens hus, 2626 Lillehammer

61 26 60 00
61 26 61 67

Buskerud

Fylkeshuset,
Pb 1604, 3007 Drammen

32 26 66 00
32 89 32 36

Vestfold

Statens Park, Anton Jensensgt. 6
Postboks 2076, 3103 Tønsberg

33 37 10 00
33 37 12 60

Telemark

Statens Hus,
Gjerpensgt. 14, 3708 Skien

35 58 61 10
35 52 85 90

Aust-Agder

Ragnvald Blakastads vei 1
Serviceboks 606, Fylkeshuset, 4800 Arendal

37 01 75 00
37 01 76 10

Vest-Agder

Tordenskioldsgt 65
Serviceboks 513, 4605 Kristiansand S

38 17 60 00
38 17 60 13

Rogaland

Statens hus, Lagårdsvn. 78
Pb 59, 4001 Stavanger

51 56 87 00
51 56 88 11

Hordaland

Statens hus, Kaigt. 9
Postboks 7310, 5020 Bergen

55 57 20 00
55 27 20 09

Sogn og Fjordane

Tinghuset, Skrivarvegen 3
6863 Leikanger

57 65 50 00
57 65 50 55

Møre og Romsdal

Fylkeshuset
6404 Molde

71 25 80 00
71 25 87 21

Sør-Trøndelag

Statens Hus
Prinsensgt. 1, 7468 Trondheim

73 19 90 00
73 19 91 01

Nord-Trøndelag

Statens Hus
7700 Steinkjer

74 16 80 00
74 16 80 53

Nordland

Moloveien 10
8000 Bodø

75 53 15 00
75 90 09 77

Troms

Strandveien 13
Postboks 6105, 9291 Tromsø

77 64 20 00
77 64 21 39

Finnmark

Statens hus,
Damsvn 1, 9815 Vadsø

78 95 03 00
78 95 03 07

Veiledning til utfylling av søknadsskjema B-06 Tilskudd til sikring av friluftslivsområder i 2006

Generelt

Formål

Det viktigste formålet med statlig tilskudd til sikring av friluftslivsområder er å bedre tilgjengeligheten til friluftslivsområder for allmenn bruk. Det er videre en målsetting å bidra til at den norske turkulturen opprettholder og styrker sin posisjon som en viktig aktivitetsform for store deler av befolkningen. Hovedmålet for friluftslivspolitikken er at friluftslivet skal styrkes som en helsefremmende, trivselskapende og miljøvennlig fritidsaktivitet.

Søknadsskjema B-06 gjelder kun for tilskudd til sikring av friluftslivsområder. Det kan også søkes om statlige friluftslivsmidler til planlegging, tilrettelegging og informasjon i sikrede friluftslivsområder. Søknadsprosedyre for slike midler er omtalt i Kapittel 1.6 Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde (Kap. 1427 post 30).

Hva menes med sikring av friluftslivsområder?

Med sikring av områder for friluftsliv menes at det offentlige skaffer seg rådighet over arealer ved erverv av eiendomsrett eller ved avtale om varig bruksrett (servituttavtale).

Hvilke arealer prioriteres ved tildeling av statlige midler?

Direktoratet for naturforvaltning (DN) vil prioritere søknader som er behandlet og prioritert i kommunal planprosess etter plan- og bygningslovens bestemmelser. Dette øker sjansen for at ulike interesser er ivaretatt, og at sikringen skjer som ledd i en helhetlig plan for utvikling av friluftslivstilbudet i kommunen, samt at regional og nasjonal sammenheng er vurdert.

DN vil videre prioritere arealer som blir/vil bli intensivt brukt, og som behøver tilrettelegging for friluftslivsformål (f.eks badeplass eller turvei gjennom bebygd område). Det er ønskelig å sikre områder som kommer store befolkningsgrupper til gode. Nærområder og turveier i og ved byer og tettsteder har derfor høy prioritet.

I føringer fra Stortinget og Miljøverndepartementet, er det gitt politiske signaler om at områder langs kysten på strekningen fra svenskegrensa til og med Hordaland fylke skal prioriteres. Direktoratet vil i denne sammenheng legge vekt på prioriteringer som er anbefalt av Friluftsrådenes Landsforbund.

DN vil prioritere søknader hvor det er sannsynliggjort rask gjennomføring av sikringsprosessen (saker som lar seg gjennomføre innen 1-2 år). DN vil også vurdere søknader hvor gjennomføringstidspunktet er usikkert – f.eks fordi gjennomføring er avhengig av ekspropriasjon – men dette må dreie seg om områder av spesielt stor verdi som friluftslivsområde.

Søknadsfrist

Alle søknader om tilskudd skal fremmes til fylkesmannen innen 15. januar. Fylkesmannen prioriterer søknadene og videresender disse til DN.

Pkt.1 Søker

Det er kun kommuner, fylkeskommuner og interkommunale friluftsråd som kan søke om midler til sikring av friluftslivsområder. Lokale lag, organisasjoner m.m. kan likevel ta initiativ overfor kommune/friluftsråd om å fremme sikringssøknad.

Pkt.2 Om området

Under dette punktet skal det gis eksakte opplysninger om området; navn, gårds- og bruksnummer, areal, eierforhold, kartidentifisering m.m. Hvis nærliggende arealer tidligere er sikret som offentlig friluftslivsområde, skal dette opplyses.

Planstatus for området

Her skal det opplyses innen hvilken arealkategori i kommuneplanen tiltaket ligger. Hvis området omfattes av reguleringsplan skal det opplyses hva som er reguleringsformålet der tiltaket er lokalisert, og for tilgrensende områder. For fylkesmannens og DNs behandling av søknaden er det vesentlig å vite om det aktuelle arealet f.eks inngår i en større sammenheng av friluftslivsområder, ligger inntil eller nær andre friluftslivsområder eller et natur- eller kulturminneområde m.m.

Kommunale arealplaner og handlingsprogrammer – og i en del tilfeller fylkesvise handlingsprogram med prioritert angivelse av hvilke områder som planlegges sikret – danner grunnlaget for de fleste søknader om støtte til sikring. Stadig flere sikringssaker har sin bakgrunn i reguleringsplan hvor det aktuelle arealet er regulert til friområde eller friluftsområde.

Lokal eller regional betydning

Det skal angis med begrunnelse om området er av lokal eller regional betydning. For veiledning i denne vurdering, se pkt.3 nedenfor.

Hvem har nytte av at området sikres?

Hvem vil bruke området? Lokalbefolkningen? Barnefamilier? Skoler? Barnehager? Turister?

Tilgjengelighet

Opplys hvorvidt området lett kan nås uten bruk av bil, og av personer med nedsatt funksjonsevne. Det må opplyses om atkomstforholdene; parkeringsforhold, sti/turvei frem til området m.v.

Hvorfor bør området sikres?

Her skal det dokumenteres hvorfor området ønskes sikret.

Det gis ikke støtte til sikring av områder som kun har karakter av tradisjonelle parker og lekeplasser, unntatt når disse utgjør en viktig del av en større sammenhengende grønnstruktur.

Ved vurdering av sikringssøknadene legger DN bl.a. vekt på om det er nødvendig med sikring ved kjøp/servituttavtaler, eller om friluftslivsinteressene på arealet kan ivaretas på en tilfredsstillende måte ved å praktisere plan- og bygningslovens og friluftslovens bestemmelser. Dette gjelder spesielt for utmarksarealer og/eller holmer og skjær hvor det ikke er påregnelig med utbygging – og hvor arealet ikke synes å stå i fare for «å gå tapt» for allmennheten. Det er mao normalt ikke aktuelt med statlig tilskudd til sikring av utmarksarealer for å sikre ferdsel eller bær- og sopplukking. Det er heller ikke tilstrekkelig at en større utmarkseiendom kommer på salg til en rimelig pris. Behov for f.eks båtfeste og/eller renovasjonsordning vil normalt ikke være nok til å begrunne kjøp av holmer og skjær som i sin helhet dekkes av 100-metersbeltet i strandsonen. I slike tilfeller vil en servituttavtale med grunneier kunne være et alternativ.

Pkt.3 Søknaden gjelder

Statlig fullfinansiering

For regionale friluftslivsområder kan det søkes om statlig fullfinansiering ved sikring av friluftslivsområder. Med «regionale friluftslivsområder» menes områder egnet til bruk for folk fra flere kommuner eller fylker. Dette avhenger av områdets beliggenhet, størrelse, egnethet, kapasitet og attraktivitet. Eiendomsrett eller avtalerett skal i slike tilfeller tilligge staten v/Direktoratet for naturforvaltning, mens ansvaret for den daglige drift og tilsyn av områdene skal tilligge vedkommende kommune eller interkommunale friluftsråd.

Statlig delfinansiering

Det kan gis inntil 50% tilskudd til kommuner/interkommunale friluftsråd ved sikring av lokale friluftslivsområder. Med «lokale friluftslivsområder» menes områder der brukerne hovedsakelig kommer fra den kommunen området ligger i eller fra en nabokommune som naturlig sokner til området. Eiendomsrett eller avtalerett tilligger i slike tilfeller kommunen, evt. et interkommunalt friluftsråd. Før utbetaling av tilskudd til lokale områder vil det bl.a. bli krevd tinglyst erklæring med slik ordlyd: «Området kan ikke nyttes til annet enn friluftslivsformål uten samtykke fra staten v/Direktoratet for naturforvaltning». Dette kan påføres skjøtet før tinglysning slik at man sparer ett tinglysingsgebyr.

Ved avtale om varig bruksrett kreves tilsvarende erklæring i avtalen om at bruksretten ikke kan frafalles uten samtykke fra staten v/Direktoratet for naturforvaltning.

Bruksavtale til turvei kan gis inntil 50% tilskudd. Det bør normalt kun betales økonomisk vederlag for avtale om turveier – og ikke for stier og skiløyper. Det stilles samme krav til innhold i avtaler for sikring av grunn til turveier som det stilles for tildeling av friluftsmidler og spillemidler til opparbeiding av denne type anlegg: Grunn til turvei skal sikres ved kjøp av areal eller tinglyst bruksavtale. Bruksavtaler må ha en varighet på minimum 40 år. I spesielle tilfeller kan avtaler ned til 25 år godkjennes. Det bør likevel tilstrebes å oppnå evigvarende bruksrettsavtaler. Også for turveier må vederlaget være basert på engangsoppgjør for at DN skal kunne gi støtte.

Da vurderingen av områdets regionale eller lokale funksjon i noen tilfelle beror på skjønn, kan det søkes alternativt om full finansiering eller tilskudd.

Turveger og nærmiljøtiltak kan også få tildelt «spillemidler» fra fylkeskommunen. Vi viser til Kulturdepartementets «Orientering om tilskudd av spillemidlene til anlegg for idrett og fysisk aktivitet for 2006».

Pkt.4 Samlede utgifter til sikring av området

Dette punktet i søknadsskjemaet skal gi en fullstendig oversikt over de forventede kostnadene ved sikringssaken. Det kan ikke forventes dekning av kostnader som ikke er oppført her.

Søknadene om midler til sikring av friluftslivsområder er erfaringsmessig samlet sett større enn de statlige midler som blir bevilget til formålet. DN må derfor foreta strenge prioriteringer ved søknadsbehandlingen, jf den generelle omtalen i begynnelsen av veiledningen.

I tilfeller hvor den totale kostnad ved sikring er på kr. 10.000,- eller lavere, gis det normalt ikke statlige midler til sikring.

Prisnivå

Det er vesentlig at prisnivået for sikring av friluftslivsområder ligger på et akseptabelt nivå. Når det søkes om statlige midler til sikring av friluftslivsområder, har DN et nasjonalt ansvar for ikke å være «prisdrivende» på dette området. Dette har bl.a. sammenheng med DNs budsjettansvar.

Vurdering av akseptabel pris for friluftslivsområder er ingen enkel sak, og det er svært vanskelig å gi kortfattede råd og retningslinjer på dette feltet. For ubebygde arealer, som ikke kan bebygges pga arealplan eller andre bestemmelser i plan- og bygningsloven, må utgangspunktet være at det ikke bør betales utover landbruksverdi (jord- og skogbruk) for arealet. Hvis det på ervervstidspunktet drives noen form for annen lovlig virksomhet på arealet – f.eks. utleie av båtplasser eller oppstillingsplasser for campingvogner – så kan dette avhengig av situasjonen måtte erstattes. At området er vakkert og attraktivt for friluftsliv skal imidlertid ikke begrunne et høyt prisnivå – det er det økonomiske tapet for eier som skal erstattes. Hvis arealet er båndlagt for friluftslivsformål eller lagt ut som LNF-område (uten tillatelse til spredt bebyggelse) i godkjent regulerings- eller kommuneplan, så har Høyesterett i en rekke avgjørelser fastsatt at ovennevnte «retningslinjer» skal være hovedregelen ved rettslig skjønn. Dette er noe av bakgrunnen for at DN vil prioritere søknader hvor området har fått en slik status i kommunale planer.

Hva som er «landbruksverdi» for et bestemt areal vil kunne være vanskelig å fastslå. Skjønnspraksis varierer betydelig på dette området, og det er ofte umulig å forklare bakgrunnen for ulike skjønnsavgjørelser. Ofte er de aktuelle arealer svaberg, lavbonitet skog og/eller marginale beiteområder. I slike tilfeller kan prisen på grunnen komme under kr 1,- pr m2. Erstatning for verdien av evt. påstående skog kommer da i tillegg. Høyproduktiv, intensivt utnyttet dyrket mark kan i visse deler av landet bli verdsatt til over kr. 20,- pr m2.

For mindre arealer – f.eks parkeringsplasser – kan det være formålstjenlig å frigjøre seg fra en pris pr kvadratmeter, og heller tilby en «rundsumerstatning». Det vil ellers kunne være umulig å oppnå frivillige avtaler for mindre arealer.

Prisforhandlinger og skjønn

De fleste områder blir sikret ved frivillige avtaler med grunneier, og det er ønskelig at denne praksis fortsetter.

Erfaringsmessig kan det være vanskelig å oppnå frivillig avtale når det tilbys landbruksverdi – særlig når selger har forhåpninger om tomteerstatning. Det er viktig i slike forhandlinger å vise til skjønnsavgjørelser som har fastlagt prinsippene for verdsetting av friluftslivsområder, slik at selger ser hva som kan bli resultatet ved eventuell ekspropriasjon og påfølgende rettslig skjønn (DN kan være behjelpelig med å framskaffe slik skjønnspraksis).

For å oppnå en frivillig avtale, kan det – som forslag til en endelig forhandlingsløsning – være forsvarlig å strekke seg noe ut over en strikt landbruksverdi. Dette kan forsvares med at det offentlige da unngår skjønnskostnader. Dette må imidlertid vurderes i forhold til størrelsen på arealet og de totale sikringskostnadene.

Hvis det er for stort avvik mellom forsvarlig prisnivå og selgers krav, bør kommunen vurdere å få fastsatt prisen ved rettslig skjønn. Av de grunner som er nevnt ovenfor, kan det ikke forventes statlig tilskudd i saker hvor det er avtalt en urimelig høy pris. Hvis kommunen/friluftsrådet er i tvil, kan det være hensiktsmessig å ta kontakt med DN i forkant av slike forhandlinger.

Rettslig skjønn for fastsetting av erstatninger brukes hovedsaklig ved ekspropriasjon, men kan også benyttes ved frivillig avtale i form av rettslig avtaleskjønn.

I tilfeller der kommunen vurderer å få fastsatt prisen ved rettslig skjønn – og ønsker å fremme søknad om statlig tilskudd – bør det tas kontakt med DN på et tidlig tidspunkt for å diskutere eventuelle skjønnsforutsetninger og valg av advokat. Kommunen kan i så fall oppnå tilsagn om statlig tilskudd før en eventuell skjønnssak.

Pkt.5 Eiendomsforhold

Her gis opplysninger om nåværende eier av eiendommen.

Som hovedregel er det vederlagsfri overføring av eiendommer mellom statsinstitusjoner, men det er i avhendingsinstruks for statlig eiendom gjort unntak for såkalte «statsforetak». I tilfeller der det er aktuelt å sikre grunn tilhørende andre statsinstitusjoner til friluftslivs- eller naturvernformål må det derfor tas kontakt med fylkesmannen slik at forhandlinger/formaliteter kan ordnes direkte mellom DN og den aktuelle statsinstitusjon. Prestegårdseiendommene betraktes ikke som statlig eiendom i denne sammenheng, men DN kan være behjelpelig med kontakt og forhandlinger med prestegårdsforvaltningen.

Pkt.6 Status for sikringssaken

Her opplyses hvor langt sikringsprosessen har kommet i forhold til forhandlinger, ekspropriasjon eller annet. Det er viktig at forventet gjennomføringstidspunkt fylles ut, da dette er nødvendig for at DN skal kunne forberede hensiktsmessige budsjettdisposisjoner.

Pkt.7 Heftelser

Det gis ikke statlige tilskudd til eiendommer med økonomiske heftelser eller heftelser som kan hindre bruk av hele eller deler av arealet til friluftslivsformål. Slike heftelser må være slettet før statlige midler kan utbetales. Hvis arealet omfatter sjøgrunn med tinglyste båtfester, så kan det være et alternativ å tilby rettighetshavere plass i et felles bryggeanlegg for å rydde opp i forholdene. Det kan tas kontakt med DN om slike forhold.

Pkt.8 Eksisterende bygninger

Statlig tilskudd kan normalt bare dekke verdien av påstående bygninger dersom disse er kondemnable og forutsettes fjernet. I enkelte områder kan det være aktuelt å la bygninger bli stående – f.eks av hensyn til kulturminneinteresser eller servicefunksjoner for området. I slike tilfeller må kommunen/friluftsrådet ta på seg alt ansvar for bygningene (f.eks vedlikehold).

Pkt.9 Forvaltningsansvar

Kommunen/friluftsrådet har det daglige, praktiske drifts- og tilsynsansvar i sikrede friluftslivsområder. Drifts- og tilsynsansvaret defineres til å gjelde daglig tilsyn, ansvar for å holde orden i området, ansvar for drift og vedlikehold av eksisterende opparbeidingstiltak, vedlikehold av informasjonsskilt o.l.

Pkt.10 Egnet bruk

Her skal det krysses av for egnet bruk og aktivitet. Det kan krysses av i flere ruter.

Pkt.11 Tilretteleggingstiltak

Her skal det krysses av for hvilke tilretteleggingstiltak som allerede eksisterer i området, hvilke som er nødvendige å gjennomføre for at området skal kunne brukes, og i tillegg hvilke som er ønskelig ut over de nødvendige.

Pkt.12 Vedlegg som skal følge søknaden

Sikringssøknader uten skikkelige kartvedlegg behandles ikke. Det er viktig at arealets utstrekning går tydelig fram av kartvedlegget.

Det bør vedlegges minst 4 fargebilder, som på en god måte visualiserer området og de nære omgivelsene.

Det skal være med et følgebrev fra søker som supplerer og utdyper søknaden. Dette for at fylkesmannen og DN kal få et fullgodt bilde av hvorfor nettopp dette området bør sikres – og hvorfor den foreslåtte avgrensning og pris er fornuftig.

Ufullstendig utfylte søknader, eller søknader som mangler ovennevnte vedlegg, kan ikke forventes bli behandlet.