§ 4-2 - Forholdet mellom aksjelova § 4-2 andre ledd og ervervslova § 23 andre ledd

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Saksnummer: 2001/01121 EP AS/TFJ

 

Dato: 16.02.2001

 

Forholdet mellom aksjelova § 4-2 andre ledd og ervervslova § 23 andre ledd

1. Vi viser til brev frå Nærings- og handelsdepartementet 29. januar 2001, der det blir reist spørsmål om innskrenkande tolking av § 4-2 andre ledd i lov 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskaper (aksjelova). Ifølgje  lov 23. desember 1994 nr. 79 om erverv av næringsvirksomhet (ervervslova) har ervervaren avgrensa råderett over eigardelane i meldeplikts- og prøvingsperioden, jf. § 23 andre ledd. Spørsmålet er om denne føresegna medfører at aksjelova § 4-2 andre ledd må tolkast slik at også avhendaren har avgrensa råderett over eigardelane i den same perioden.  

2. Vi vil innleiingsvis presisere at problemstillinga ikkje oppstår ved erverv av aksjar i allmennaksjeselskap, ettersom lov 13. juni 1997 nr. 45 om allmennaksjeselskaper (allmennaksjelova) ikkje inneheld ei føresegn som svarar til aksjelova § 4-2 andre ledd. Av den såkalla Polarisdommen (Rt. 1966 s. 1120) følgjer det at når avhendaren ikkje lenger har reell aksjonærinteresse i selskapet, opphører også aksjonærrettane til vedkomande. I dommen vart det lagt til grunn at allereie bindande salsavtale medførte at avhendaren ikkje lenger hadde stemmerett på generalforsamlinga. Konsekvensen i forhold til ervervslova er at verken avhendaren eller ervervaren kan utøve aksjonærrettar i meldeplikts- og prøvingsperioden (vi ser då bort frå retten til å heve utbytte for eigardelane og til å utøve fortrinnsrett ved kapitalauke, jf. ervervslova § 23 andre ledd).

3. Vidare er det noko uklart om aksjelova § 4-2 andre ledd gjeld dersom aksjane i eit aksjeselskap er registrert i Verdipapirsentralen, jf. aksjelova § 4-4. Mads Henry Andenæs heller i retning av at det er allmennaksjelova § 4-2 som regulerer desse tilfella, jf. Aksjeselskaper & Allmennaksjeselskaper, Oslo 1998, s. 123-124. I så fall vil ikkje avhendaren kunne utøve aksjonærrettar etter at salsavtalen er inngått. Aarbakke m.fl. inntek det motsette standpunktet, jf. Aksjeloven og allmennaksjeloven, Oslo 1999, s. 193 og 195. Lovavdelinga ser ikkje grunn til å gå nærmare inn på dette her, men vil peike på at forarbeida inneheld utsegner som kan tale for at aksjelova § 4-2 andre ledd også gjeld for aksjeselskap som har aksjane registrert i Verdipapirsentralen, jf. Ot.prp. nr. 23 (1996-97) s. 90-91.

4. Drøftinga  av det spørsmålet som er reist må ta utgangspunkt i aksjelova § 4-2 haldt saman med ervervslova § 23. Ordlyden i § 4-2 andre ledd er klar: Avhendaren kan utøve rettar som aksjeeigar dersom desse ikkje har gått over på ervervaren. Ser vi bort frå retten til utdelingar og retten til nye aksjar ved kapitalauke, går rettane over på ervervaren først når ervervet er innført i  aksjeeigarboka/aksjeeigarregisteret eller når ervervet er meldt og godtgjort utan at det kan hindrast på grunn av omsetningsskrankar etter vedtektene eller lova, jf. første ledd. Ervervslova § 23 inneheld på si side berre reglar som avgrensar ervervaren sin råderett over eigardelane i meldeplikts- og prøvingsperioden. Lova inneheld ikkje føresegner som avgrensar avhendaren sin råderett over aksjane i denne perioden. Sett i samanheng skulle dette tilseie at avhendaren kan utøve aksjonærrettar inntil desse har gått over på ervervaren, også i meldeplikts- og prøvingsperioden.

Forholdet mellom aksjelova § 4-2 og ervervslova § 23 er ikkje drøfta i forarbeida til nokon av lovene. Av interesse i denne samanhengen er det likevel  at forarbeida til aksjelova understrekar det uheldige ved at kanskje store aksjepostar blir ”lagt døde” over lang tid, jf. Ot.prp. nr. 23 (1996‑97) s. 90 og 91. Dette talar for at avhendaren skal kunne utøve aksjonærrettar i meldeplikts- og prøvingsperioden så lenge rettane ikkje har gått over på ervervaren.

Formålet med erverslova § 23 er å effektivisere lova sine sanksjonsføresegner i tilfelle der erverv blir nekta godkjent, jf. Ot.prp. nr. 88 (1993-94) s. 62.

Dette kan tilseie at heller ikkje avhendaren bør kunne utøve aksjonærrettar i meldeplikts- og prøvingsperioden. Etter vårt syn veg likevel ikkje dette omsynet tungt nok til at ein kan fråvike ordlyden i aksjelova § 4-2 andre ledd. Lovteksten er som nemnt klar på dette punktet, og den er utslag av eit medvite val frå lovgivaren si side. Det skal då mykje til for å fråvike ordlyden. Særleg må dette gjelde når ei innskrenkande tolking vil innebere at ein privat part blir fråteken eigarrettar på eit tidlegare tidspunkt enn det som følgjer av ordlyden.

Det er dessutan eit poeng at ei innskrenkande tolking ikkje vil eliminere faren for omgåing av ervervslova. Ein kan tenkje seg at ein potensiell ervervar stiller som vilkår for ervervet at aksjonæren skal utøve sine aksjonærrettar på ein bestemt måte. Dette kan føre til at selskapet treff ei avgjerd som vil vere i strid med ervervslova sine intensjonar, allereie før det er inngått avtale om eit meldepliktig aksjeerverv.

Etter det vi har fått opplyst er det yttarst sjeldan at ei meldepliktig erverv blir gjenstand for nærmare prøving etter ervervslova §§ 13 til 16. Lova seier at ervervet skal godkjennast med mindre allmenne omsyn talar imot (§ 16 første ledd), og så langt er det ingen erverv som er nekta godkjent. Når dette er situasjonen, kan ein stille spørsmål om omgåingsfaren  bør kunne rettferdiggjere at aksjane skal ”leggjast døde” ein periode ved alle meldepliktige erverv. Ei slik løysing ville harmonisere dårleg med intensjonen bak aksjelova § 4-2 andre ledd.

På denne bakgrunn finn vi det klart at aksjelova § 4-2 andre ledd ikkje kan tolkast innskrenkande. Dette inneber at avhendaren kan utøve sine aksjonærrettar inntil desse har gått over til ervervaren, sjølv om det er tale om eit erverv som er meldepliktig etter ervervslova.

5. Meir tvilsamt er spørsmålet om når aksjonærrettane går over på ervervaren ved meldepliktige erverv. I brevet frå Nærings- og handelsdepartementet står det at ”ved alle meldepliktige aksjeerverv etter ervervsloven så beholder aksjeavhender aksjonærrrettighetene (unntatt retten til å heve utbytte for aksjene og til å utøve fortrinnsrett ved kapitalforhøyelse) for aksjene inntil meldeplikts-/prøvingsperioden er løpt ut”. Ei slik løysing er nærliggjande dersom ein tolkar aksjelova § 4-2 andre ledd i lys av ervervslova § 23 andre ledd. Dette tolkingsalternativet inneber at det ikkje blir nokon mellomliggjande periode der verken avhendar eller ervervar kan utøve aksjonærrettar, noko som  harmonerer godt med det kontinuitetsprinsippet som § 4-2 andre ledd byggjer på. 

Tolkar ein derimot § 4-2 andre ledd i lys av første ledd, vil den naturlege forståinga av ordlyden vere at avhendaren kan utøve aksjonærrettar inntil ervervet er innført i  aksjeeigarboka/aksjeeigarregisteret eller ervervet er meldt og godtgjort utan at det kan hindrast på grunn av omsetningsskrankar etter vedtektene eller lova (vi ser her bort frå retten til utdelingar og til nye aksjar ved kapitalauke). Forarbeida drøftar ikkje forholdet til ervervslova, og gir såleis ikkje haldepunkt for at avhendaren etter omstenda skulle kunne utøve aksjonærrettar etter dei tidspunkta som her er nemnt.

Vidare kan reelle omsyn tale for at utløpet av meldeplikts- og prøvingsperioden ikkje bør være skjæringstidspunkt i forhold til § 4-2 andre ledd. For det første vil ikkje avhendaren ha noko reell aksjonærinteresse i selskapet etter at ervervet er innført i aksjeeigarboka/aksjeeigarregisteret eller er meldt og godtgjort utan at det kan hindrast på grunn av omsetningsskrankar. Eit berande omsyn bak § 4-2 er nettopp at berre dei som har ei reell eigarinteresse i selskapet bør kunne utøve aksjonærrettar, jf. særleg NOU 1996: 3 Ny aksjelovgivning s. 91. Inntil det er avklart om selskapet vil samtykke i eit eigarskifte, eventuelt også at forkjøpsrett ikkje vil bli utøvd, vil avhendaren framleis ha eigarinteresser i selskapet ettersom resultatet kan bli at eigarskiftet ikkje finn stad. Men etter at eigarskiftet er brakt i orden, vil ikkje avhendaren lenger ha noko eigarinteresse i selskapet. Følgjeleg bør avhendaren heller ikkje kunne utøve aksjonærrettar etter dette tidspunktet.

For det andre er formålet med ervervslova § 23 å effektivisere sanksjonsreglane i lova. Det ville vere direkte strid med dette formålet om paragrafen skulle medføre at avhendaren får ein utvida rett til å utøve aksjonærrettar i meldeplikts- og prøvingsperioden. Dette talar med styrke for at avhendaren ikkje kan utøve aksjonærrettar etter at ervervet er innført i aksjeeigarboka/aksjeigarregisteret, eventuelt er meldt og godtgjort.

Dei omsyna som det her er peikt på, veg etter vårt syn tyngre enn omsynet til at aksjane ikkje bør ”leggjast døde” ein periode. Ved vedtakinga av erverlova var regelen som nemnt at avhendaren vart avskoren frå å utøve aksjonærrettar allereie ved avtaleinngåinga, noko som innebar at verken avhendar eller ervervar kunne utøve aksjonærrettar i meldeplikts- og prøvingsperioden (med unntak for retten til å heve utbytte og til å utøve fortrinnsrett ved kapitalauke). Denne regelen er vidareført for meldepliktige erverv av aksjar i allmennaksjeselskap. Dette kan tyde på at lovgivar har lagt større vekt på omsynet til effektiv handheving av ervervslova enn dei uheldige sidene ved at aksjane kan bli ”lagt døde” i meldeplikts- og prøvingsperioden.  

Vår konklusjon blir etter dette at avhendaren kan utøve aksjonærrettar i meldeplikts- og prøvingsperioden, men ikkje etter at ervervet har blitt innført i aksjeeigarboka/aksjeeigarregisteret eller har  blitt meldt og godtgjort som nemnt i aksjelova § 4-2 første ledd første punktum.