Høring - utkast til endringer i forskrift om film og videogram (unntak for musikkvideo)

Status: Ferdigbehandlet

Høringsfrist: 01.09.2006

Resultat av høringen: Endringsforskrift vedtatt.
 

 

Vår ref.:

Høringsinstanser

Deres ref

Vår ref

Dato

2006/00600 ME/ME2 LAB:elt

13.07.2006

Høring - utkast til endringer i forskrift om film og videogram (unntak for musikkvideo)

Vedlagt følger et notat med forslag om endringer i forskrift 20. desember 1999 nr 1515 om film og videogram.

Eventuelle merknader må være Kultur- og kirkedepartementet i hende innen 1. september 2006. Vi ber om at skriftlige merknader også sendes elektronisk til postmottak@kkd.dep.no

Med hilsen

Øyvind Christensen e.f.
fung. ekspedisjonssjef

Lars Brustad
underdirektør

Vedlegg til høringsnotatet: Brev fra Statens filmtilsyn vedr. registrering og merking av musikkvideo (PDF)

1. Innleiing

Kultur- og kyrkjedepartementet legg med dette fram eit høyringsnotat med framlegg til endringar i forskrift 20. desember 1999 nr. 1515 om film og videogram.

Bakgrunnen for framlegget er eit ønskje frå IFPI Noreg (IFPI= International Federation of the Phonographic Industry) om å gjere unnatak frå krava om merking og avgift etter film- og videogramlova for videogram med musikkinnhald. IFPI meiner forskrifta er inkonsekvent ettersom ho gjer unnatak for musikk- og idrettsstoff når det gjeld kommunal konsesjon og førehandskontroll, medan det ikkje er gjort det same unnataket i høve til reglane om merking og registrering. IFPI meiner òg at musikkvideogram fell utanfor lovas føremål, som er å få kontroll med filmmarknaden. IFPI viser òg til at det er store praktiske problem med ei eiga norsk merkeordning for slike videogram, ettersom dei produkta det gjeld normalt er produserte for ein europeisk marknad.

Departementet er samd med dei innvendingane IFPI kjem med, og gjer framlegg om å endre forskrifta for å rette dette opp.

Departementet la 5. mai 2006 fram ein Odelstingsproposisjon med framlegg til endringar i film- og videogramlova. Endringane skal bringe lova i samsvar med den nye § 100 om ytringsfridom i Grunnlova. I tillegg har departementet vurdert framlegga i eit Dok. nr. 8-framlegg om aldersgrenser og reklameforbod på barneframsyningar. Endringane vil gjere det naudsynt med ei brei gjennomgang av forskriftene til lova. Departementet vil kome attende til dette når Stortinget har handsama framlegget til lovendringar. Mellom anna vil departementet her vurdere tilsvarande unnatak for andre kategoriar av videogram som fell utanfor lovas hovudføremål.

2. Gjeldande rett

Etter § 1 i lov 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram er eit videogram ”…eit elektronisk signal for lagring og attgjeving av levande bilete som er skrive inn på eit medium eller ein informasjonsberar.” Lova femner med andre ord vidt, og ho gjeld heilt klårt t.d. også DVD-ar.

Det følgjer av § 7 i lova at alle videogram som skal omsetjast i næring, må vere registrerte i eit eige register i Medietilsynet.

Etter § 8 i lova skal videogram som skal omsetjast i næring vere merkte av distributøren med eit eige merke som er utforma av Medietilsynet. Merket viser at videogrammet er registrert av Medietilsynet.

Med heimel i § 3 i lova blir det kravd inn ei avgift på omsetning av film og videogram i næring. Avgifta blir fastsett av Stortinget i samband med dei årlege budsjettbehandlingane. For 2006 er avgifta kr. 3,50 per videogram. Merkinga som følgjer av lovas § 8 viser at avgifta er betalt. Avgiftsmidlane går til Norsk kino- og filmfond, og blir nytta til ulike tiltak innan film- og videogramsektoren.

I forskrift 20. desember 1999 nr. 1515 om film og videogram § 2-2 er det slått fast at det ikkje er krav om kommunalt løyve for omsetning av videogram som berre inneheld musikkstoff. I § 4-1 b) i forskrifta er det gjort unnatak frå kravet om førehandskontroll for videogram som berre inneheld musikkstoff. Det er likevel krav om merking og registrering og krav om betaling av avgift til Norsk kino- og filmfond.

3. Departementets vurdering

Departementet har lagt spørsmålet om å gjere unnatak for musikkvideogram fram for Medietilsynet, som er det faglege organet på området. Ut frå ei totalvurdering konkluderer Medietilsynet med at ”…det vil være forsvarlig å vurdere et fritak for en del innholdskategorier, deriblant musikkstoff.” Tilsynets fråsegn følgjer vedlagt i kopi.

Kultur- og kyrkjedepartementet stør Medietilsynets vurderingar og konklusjonar.

Film- og videogramlova §§ 2, 3 og 8 gir departementet heimel til å gjere unnatak frå reglane om konsesjonsplikt, avgiftsplikt og merking av videogram.

§§ 4, 7 og 10 gir heimel til å gi nærmare reglar om førehandskontroll, registrering av videogram og gebyr for registrering og merking. Forarbeida til lova og praksis inneber at departementet også her kan gjere unnatak frå lova i forskrift.

Departementet har forståing for at dagens reglar fører med seg praktiske problem for musikkbransjen, og gjer framlegg om følgjande:

a) Videogram som berre inneheld musikkstoff skal ikkje vere omfatta av kravet om registrering og merking.

b) Det skal ikkje betalast avgift til Norsk kino- og filmfond for videogram som berre inneheld musikkstoff.

Departementet legg til grunn at videogram som berre inneheld musikkstoff i praksis ikkje vil ha eit innhald som er i strid med straffelovas reglar om vald og pornografi, jf. m.a. at det etter forskrifta § 4-1 b) ikkje er krav om førehandskontroll for slike filmar eller videogram. Departementet ser likevel ikkje bort frå at nokre videogram i denne kategorien kan ha eit innhald som er lite eigna for yngre aldersgrupper. Ut frå dette meiner departementet at kravet om at det er sett ei aldersgrense på videogrammet må oppretthaldast. Etter det departementet har fått opplyst, er dei aller fleste videogramma på marknaden merkte med tysk eller britisk aldersgrense. Departementet meiner denne merkinga må vere tilstrekkeleg.

På denne bakgrunnen meiner departementet at det kan gjerast unntak frå kravet om merking og registrering for videogram som berre inneheld musikkstoff og som er merkte med ei aldersgrense.

I dei tilfella eit videogram som berre inneheld musikkstoff ikkje har ei aldersgrense, vil dei ordinære reglane med krav om merking og registrering gjelde.

4. Økonomiske og administrative konsekvensar

Framlegget om å gjere unnatak frå kravet om betaling av avgift til Norsk kino- og filmfond vil få som konsekvens at inntektene til fondet går ned. Talet er noko usikkert, men det vil liggje mellom 0,5 – 1 mill. kroner. I lys av at fondet i 2005 hadde samla inntekter på 80,4 mill. kroner, er dette ikkje ein dramatisk nedgang.

For Medietilsynet vil framlegga føre til noko mindre arbeid med registrering av videogram.

Framlegg

til endringar i forskrift 20. desember 1999 nr. 1515

§ 3-4 nytt andre ledd skal lyde:

Det skal ikkje betalast avgift for omsetning av videogram som berre inneheld musikkstoff og som er merkt med aldersgrense.

Ny § 7-9 skal lyde:

§ 7-9 Unntak frå kravet om registrering

Videogram som berre inneheld musikkstoff og som er merkt med aldersgrense skal ikkje registrerast.

Ny § 8-5 skal lyde:

§ 8-5 Unntak frå kravet om merking

Videogram som berre inneheld musikkstoff og som er merkt med aldersgrense skal ikkje merkast.

Barne- og likestillingsdepartementet

Barneombudet

Familie & medier

Film & kino

Forbrukerombudet

Forbrukerrådet

Klagenemnda for film og videogram

Konkurransetilsynet

Medietilsynet

Norsk filmforbund

Norsk filmklubbforbund

Norsk kinoforbund

Norsk medieforskerlag

Norsk videogramforening

Norske film- og tv-produsenters forening

Norske filmbyråers forening

Norske kinosjefers forbund

Norske videohandleres forbund

Høringsuttalelsene vil bli lagt ut fortløpende. Høringsfristen er 1. september 2006.

Barne- og likestillingsdepartementet – ingen merknader

Barneombudet

Familie & medier

Film og kino

Finansdepartementet

Konkurransetilsynet

Medietilsynet

Norsk filmklubbforbund

Videobransjens felleskontor