Høyring - forskrift for Merkur-programmet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sender med dette forskrift om tilskot frå Merkur-programmet på høyring.

Status: Ferdigbehandla

Høyringsfrist: 01.02.2018

Vår ref.: 17/3625

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sender med dette forskrift om tilskot frå Merkur-programmet på høyring.

Merkur-programmet er eit kompetanseutviklingsprogram for dei minste daglegvarebutikkane i område med få innbyggjarar. Det finst òg ei eiga ordning for bokhandlar. Investerings- og utviklingsstøtte blir gitt etter søknad til reine fysiske investeringar, marknadsaktivitetar, mobiliseringstiltak, kompetansetiltak med meir.

Merkur-programmet har utvikla seg over tid og inneheld plikter og rettar som no skal forskriftsfestast – sjå forvaltningslova § 2 første ledd bokstav c jf. a. Forskrifta er heimla i Prop. 1 S (statsbudsjettet) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet, programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk, kap. 550 Omstillingsdyktig næringsliv og lokalsamfunn i distrikta, post 73 Merkur-programmet. Forskriftsfestinga stadfestar dagens praksis.

Forskrifta tek utgangspunkt i dagens retningslinjer, og samla i éi felles forskrift. Éi felles forskrift for alle ordningane i programmet gjer det enklare å finne fram.

Forskrifta inneheld tilvisingar til både merkur-programmet.no og regionalforvaltning.no. Den elektroniske versjonen av forskrifta vil ha ei lenkje til dei nemnde portalane. Det går vidare fram av forskrifta kva slags portal som skal brukast til dei forskjellige føremåla.

Departementet gjer merksam på at høyringsfristen er 6 veker. Derfor ber vi om ei tilbakemelding seinast 1. februar 2018. Det at høyringsfristen er korta, kjem av at forskriftene ikkje endrar dagens praksis for dei aktuelle tilskotspostane.

Kontaktinformasjon: Jeanette Fjeldheim, seniorrådgiver e-post: Jeanette.Fjeldheim@kmd.dep.no telefon: 22 24 70 33 / 413 82 611

Med hilsen Gerd Slinning (e.f.) avdelingsdirektør

Jeanette Fjeldheim seniorrådgiver

Askvoll kommune
Distriktssenteret
Flekkefjord kommune
Flora kommune
Kvinnherad kommune
Loppa kommune
Nærøy kommune
Osen kommune
Rødøy kommune
Suldal kommune
Søndre Land kommune
Trysil kommune