Høyring - endring i forskrift om foreldremoderasjon barnehage og SFO - automatisert saksbehandling

Departementet sender med dette på høyring forslag til forskriftsregulering av bruk av heilautomatiserte avgjerder i kommunar når dei behandlar søknader om moderasjon i foreldrebetalinga for barnehagar og for skulefritidsordningar (SFO). Departementet foreslår tillegg til § 1b-2 i forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova og i § 3e i forskrift 16. desember 2005 om foreldrebetaling i barnehagar.

Status: På høring

Høringsfrist: 23.06.2022

Vår ref.: 22/2430

Høyring - endring i forskrift om foreldremoderasjon barnehage og SFO - automatisert saksbehandling

Departementet sender med dette på høyring forslag til forskriftsregulering av bruk av heilautomatiserte avgjerder i kommunar når dei behandlar søknader om moderasjon i foreldrebetalinga for barnehagar og for skulefritidsordningar (SFO). Departementet foreslår tillegg til § 1b-2 i forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova og i § 3e i forskrift 16. desember 2005 om foreldrebetaling i barnehagar.

Bakgrunn
Kunnskapsdepartementet har gitt reglar om redusert foreldrebetaling i barnehagar (forskrift 16. desember 2005 § 3 - § 3e), og om redusert foreldrebetaling i SFO for elever på 1. til 4. årstrinn (forskrift til opplæringslova 23. juni 2006 kapittel 1B). Reglane er utforma med tanke på enkelt og tilgjengeleg regelverk og enkel saksbehandling ved at kommunane kan innhente opplysningar frå skattemyndigheiter og folkeregisteret. Kommunane har heimel til å innhente skatteopplysningar direkte frå skatteetaten i staden for at foreldra må levere det.

Regelverket for behandling av personopplysningar i barnehagesektoren og i grunnskulen vart gjennomgått i Prop. 145 L (2020–2021) Endringar i opplæringslova, friskulelova og barnehagelova (behandling av personopplysningar, fjernundervisning o.a.). Opplæringslova fekk ny § 15-10 om behandling av personopplysningar hjå skuleeigar (kommunar og fylkeskommunar) og i lærebedrifter. Barnehagelova fekk om lag tilsvarande regulering i ny § 47 a om kommunar, fylkeskommunar og private barnehagars behandling av personopplysningar. Begge føresegnene gir departementet heimel til å fastsetje forskrifter om mellom anna bruk av automatiserte avgjerder.


I prop 145 L, side 25 vart behovet for desse reglane omtalt slik:

"Oslo kommune har teke opp at det bør leggast betre til rette for digitalisering, og at det kan bli aktuelt blant anna å bruke automatisk behandling av personopplysningar for oppgåver som fastsetjing av foreldrebetaling. Departementet foreslår på denne bakgrunn ei justering i forskriftsheimelen for å klargjere at departementet kan gi forskrift også om slik behandling av person­opplysningar. I denne samanhengen viser departementet til fortalen til personvern­forordninga, som slår fast at heilautomatiserte avgjerder ikkje bør gjelde barn. Derimot kan automatiserte avgjerder vere aktuelt å bruke ved behandling av søknader om redusert foreldrebetaling."

 

KS har informert departementet om at dei ser eit klart behov for slik forskriftsregulering. Det vil støtta opp om eit pågåande digitaliseringsarbeid (samarbeid mellom KS, Oslo kommune med fleire) for å forenkla, effektivisera og korta ned saksbehandlingstida for slike søknader.[1] Heilautomatisert behandling vil ta den forenklinga som ligg i ny avtale mellom kommunane og Skattedirektoratet om automatisk innhenting av inntektsopplysningar eit steg vidare, og gi ei vesentleg effektivisering av saksbehandlinga i kommunane. KS opplyser at saksbehandlinga av hovudreglane for moderasjon inneber ei rein matematisk berekning der summen av skatte- og inntektsopplysningar vert vurdert opp mot grensa for redusert betaling. Det vert ikkje utøvd skjønn i denne behandlinga.

Personvernregelverket generelt
Lov om behandling av personopplysningar (personopplysningslova) av 15. juni 2018 nr. 38 gjennomfører Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2016/679 av 27. april 2016 om vern av fysiske personer i forbindelse med behandling av personopplysninger (kjent som GDRP).

 

Behandling av personopplysningar ved heilautomatiserte avgjerder er regulert i forordninga artikkel 22. Den enkelte har i utgangspunktet ein rett til ikkje å vere gjenstand for avgjerder som eine og åleine baserer seg på automatisert saksbehandling, og som har rettsverknad for eller på tilsvarande måte i betydeleg grad påverkar den enkelte, med mindre ei av unntaksføresegnene gjeld. Eitt av unntaka etter artikkel 22 nr. 2 er dersom det er gitt unntak i nasjonal rett. Den registrerte skal uansett ha rett til menneskeleg inngripen frå den behandlingsansvarlege, til å gi uttrykk for sine synspunkt og til å motsette seg avgjerda, sjå artikkel 22 nr. 3. For at heilautomatiserte avgjerder skal vera lov, så krev artikkel 22 nr. 2 bokstav b at det er fastsett «egnede tiltak for å verne den registrertes rettigheter, friheter og berettigede interesser.» Utforminga av tiltaka må vere basert på ei konkret vurdering av den aktuelle behandlinga. Reglane i forvaltningslova om rettleiingsplikt, kontradiksjon, innsyn, grunngiving og klage er eit vesentleg bidrag til å oppfylle krava om eigna tiltak.

I fortalen til forordninga punkt 71 vert det uttalt at heilautomatiserte avgjerder ikkje bør gjelde barn. Forslaget i dette høyringsnotatet gjeld behandling av personopplysningar om føresette (hushaldet), og berører derfor ikkje problemstillingar knytt til barn.

[1] Sjå m.a. her: Barnehage og SFO - KS

Vurdering
Departementet er einig med KS i at reglane om rett til moderasjon i foreldre­betaling (barnehage og SFO) er godt eigna til heilautomatisk saksbehandling. Dette er eit viktig steg i arbeidet med digitalisering og effektivisering i offentleg sektor. Reglar om automatisert saksbehandling er innført på ei rekkje andre område, mellom anna i Statens lånekasse, i arbeids- og velferdsforvaltninga og på statsborgarfeltet. Ved heilautomatisert saksbehandling er det eit datasystem som gjer vedtak som bestemmer rettar og plikter for enkeltpersonar. Rettsreglane er blitt formalisert og programmert i datasystemet. Rettsbruken skjer gjennom datasystemet og ikkje ved manuell menneskeleg behandling.

Automatisering handlar også om å bruke menneskelege ressursar smartare og at søknadene vert behandla rett. Når rutineoppgåver vert utført av maskiner så kan saksbehandlarane bruke tid på dei meir kompliserte oppgåvene. Det vil også gi kortare saksbehandlingstid, noko som er til fordel for søkjarane.

Departementet foreslår å forskriftsfeste at kommunane kan gjere vedtak i saker om søknad om foreldremoderasjon for barnehage og SFO, basert på automatisert saksbehandling.

Departementet foreslår at det vert fastsett ei føresegn om dette i § 1b-2 i forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova og i § 3e i forskrift 16. desember 2005 om foreldrebetaling i barnehager.

Vedtak om foreldremoderasjon er enkeltvedtak, og det er klagerett på slike vedtak. Ved ein klage vil kommunen måtte gå gjennom saka og kontrollere at datasystemet har gjort eit rett vedtak. Det er derfor ikkje behov for å ta inn ein særskilt rett til manuell overprøving.

For begge områda har kommunen rett til å innhente inntektsopplysningar frå Skatteetaten og gjere nye vedtak om redusert foreldrebetaling i heile den tida søknaden gjeld (sjå forskrift til opplæringslova § 1b-1 første ledd siste setning, og forskrift om foreldrebetaling i barnehagen § 3e tredje ledd). Dette betyr for eksempel at ein forelder som søkjer om moderasjon i foreldrebetalinga når barnet er eitt år og som seier ifrå om at søknaden gjeld heile perioden (dvs så lenge barnet har barnehageplass), så kan kommunen automatisk behandle søknaden kvart år. Dette gjeld uavhengig av om søknaden for dei enkelte åra vert innvilga eller avslått.

Økonomiske og administrative konsekvensar:
Bruk av heilautomatiserte avgjerder for behandling av søknader om moderasjon vil kunne gi administrative forenklingar for kommunane. For brukarane kan det gi kortare saksbehandlingstid. Det er valfritt om kommunane vil bruka denne retten.

Forslag

a)  forslag til endring i forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova

Med heimel i opplæringslova § 13-7 og § 15-10, foreslår departementet nytt sjette ledd i § 1B-2:

  • 1B-2 Søknadsbehandlinga til kommunen i saker om reduksjon av foreldrebetaling

Kommunen kan, utan hinder av teieplikta, innhente grunnlaget for siste fastsetjing av formues- og inntektsskatt for hushaldet frå skattestyresmaktene for å dokumentere inntektene til hushaldet for det siste året, jf. skatteforvaltningsforskriften § 3-3-1 andre ledd bokstav a. Kommunen kan innhente slike opplysningar og gjere nye vedtak om redusert foreldrebetaling i heile den tida søknaden gjeld.

Med hushald meiner ein i dette kapittelet ektefellar, registrerte partnarar og sambuarar. Som sambuarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadene, eller har felles barn. Dersom søkjar er sambuar utan felles barn, må søkjar opplyse kommunen om dette.

Med inntektene til hushaldet meiner ein i dette kapittelet hushaldet si samla brutto personinntekt etter skattelova kapittel 12 og skattepliktige kapitalinntekt.

Dersom foreldra til barnet bur kvar for seg, og barnet bur fast hos begge foreldra, er det inntekta til hushaldet til den forelderen som har same folkeregistrerte adresse som barnet, som skal leggjast til grunn i vurderingane etter denne føresegna.

Dersom grunnlaget for siste fastsetjing av formues- og inntektsskatt for hushaldet ikkje kan utleverast av skattestyresmaktene, og kommunen av den grunn ikkje klarer å fatte vedtak før 1. august, skal kommunen be søkjar om å levere skattemeldinga for det siste året og eventuell skattepliktig kapital- eller personinntekt som ikkje er førehandsutfylt.

Kommunen kan gjere vedtak om reduksjon av foreldrebetalinga ved automatisert saksbehandling.

b) .forslag til endring i forskrift 16. desember 2005 om foreldrebetaling i barnehager

Med heimel i barnehagelova § 20 og § 47a, foreslår departementet nytt femte ledd i § 3e:

  • 3e Kommunens behandling av søknader

Kommunen skal innhente de opplysninger den trenger for å behandle søknader om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid. Kommunen må innhente navn på barnet som det søkes om moderasjon for og navn på personer i husholdningen der barnet er folkeregistrert fra søker, jf. § 3d andre ledd.

Kommunen kan, uten hinder av taushetsplikt, innhente grunnlaget for siste fastsetting av formues- og inntektsskatt for husholdningen fra skattemyndighetene for å dokumentere husholdningens inntekt for det siste året, jf. skatteforvaltningsforskriften § 3-3-1 andre ledd bokstav a.

Dersom søknaden om reduksjon gjelder for hele den tiden barnet har barnehageplass i kommunen, kan kommunen innhente opplysninger som nevnt i første og andre ledd og fatte nye vedtak om moderasjon så lenge barnet går i barnehage.

Hvis grunnlaget for siste fastsetting av formues- og inntektsskatt for husholdningen ikke kan utleveres av skattemyndighetene og kommunen av den grunn ikke klarer å fatte vedtak før 1. august, skal kommunen be søker om å levere det siste årets skattemelding og eventuell skattepliktig kapital- eller personinntekt som ikke er forhåndsutfylt.

Kommunen kan treffe vedtak om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid ved automatisert saksbehandling.

Innsending og frist
Vi ber om at høyringsinnspela vert sendt inn via regjeringa si løysing for høyringar, sjå www.regjeringen.no/id2912735.

Departementet tek sikte på at forskriftsendringane skal ta til å gjelde frå 1. august 2022.

Frist for høyringsinnspel er 23. juni 2022.

 

Med helsing

Trude Wessel Eide (e.f.)
avdelingsdirektør                                                      Kari Bjørke 
                                                                                     fagdirektør

 

Høyringbrev.pdf

  • Arbeids- og inkluderingsdepartementet
  • Barne- og familiedepartementet
  • Finansdepartementet
  • Justis- og beredskapsdepartementet
  • Kommunal- og distriktsdepartementet


  • Barneombodet
  • Datatilsynet
  • Foreldreutvalet for barnehagar
  • Foreldreutvalet for grunnskolen
  • Utdanningsdirektoratet


  • Statforvaltarane


  • Oslo kommune
  • Bergen kommune
  • Trondheim kommune
  • Stavanger kommune
  • Bærum kommune
  • Kristiansand kommune
  • Drammen kommune


  • KS – Kommunesektorens organisasjon
  • Private barnehagers landsforbund


  • Norsk lektorlag
  • Skolelederforbundet
  • Skolenes landsforbund
  • Utdanningsforbundet