Høyring Forskrift om opptak til høgare utdanning for opptaksåret 2023-2024

Kunnskapsdepartementet har fastsett forskrift om opptak til høgre utdanning 6. januar 2017 nr 13 (opptaksforskrifta) med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler, jf. §§ 3-6, 3-7 og 4-9. Departementet, i samråd med Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/Samordna opptak (SO), vurderer normalt ein gong i året om det er behov for endringar i denne forskrifta. I tillegg til vurderast forslag om endringar frå universiteta og høgskulane.

Status: Ferdigbehandla

Høyringsfrist: 15.09.2022

Vår ref.: 22/2067

Høyring Forskrift om opptak til høgare utdanning for opptaksåret 2023-2024

Kunnskapsdepartementet har fastsett forskrift om opptak til høgare utdanning 6. januar 2017 nr 13 (opptaksforskrifta) med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler, jf. §§ 3-6, 3-7 og 4-9.

Departementet vurderer årleg, i samråd med Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir)/Samordna opptak (SO), om det er behov for endringar i opptaksforskrifta. Forslag om endringar frå universiteta, høgskolane og HK-dir som departementet har mottatt innan 15. april, blir vurderte og sende på høyring, saman med eventuelle forslag frå Kunnskapsdepartementet. Det vedlagde høyringsnotatet er utarbeidd av HK-dir/SO på oppdrag frå departementet.

Departementet viser til at forskrifta er fastsett i nynorsk språkform. Vi ber derfor høyringsinstansane nytte nynorsk når dei uttalar seg om forslaga.

Høyringa er tilgjengeleg på regjeringa.no. Høyringsfråsegner kan sendast elektronisk ved å bruke den digitale løysinga på http://www.regjeringen.no/id2918186. Det skal sendast kopi av høyringssvara til post@hkdir.no.

Høyringsfråsegner er offentlege og blir publiserte. Høyringsfristen er torsdag 15. september 2022.

Departementet viser til vedlagde høyringsnotat frå HK-dir og forslag til endringar i opptaksforskrifta.

Redaksjonelle endringar

Mindre, tekniske endringar, som endringar i namn på studium og andre språklege endringar, blir ikkje sende på høyring, av di det ikkje er naudsynt, jf. forvaltningslova § 37 fjerde ledd, bokstav c.

 

Med hilsen 

Marthe Nordtug (e.f.) 
avdelingsdirektør                                                  Bendik Sjølander
                                                                                  seniorrådgjevar                                              

  • Universiteter og høgskoler
  • HK-dir, Samordna opptak
  • Utdanningsdirektoratet
  • Fylkeskommunene
  • Statsforvalterne
  • Fagskoler
  • Videregående skoler
  • Elevorganisasjonen
  • Norsk studentorganisasjon (NSO)
  • ANSA
  • Organisasjon for norske fagskolestudenter (ONF)

Kopi:

  • HK-dir
  • Universitets- og høgskolerådet
  • NOKUT
  • Forum for fagskoler
  • Rådet for offentlige fagskoler
  • Nasjonalt fagskoleråd
  • Likestillings- og diskrimineringsombudet
  • Statens lånekasse for utdanning
  • NAV
  • Justis- og beredskapsdepartementet
  • Barne- og familiedepartementet
  • Forskerforbundet
  • Lærerorganisasjonene