Meld. St. 16 (2011–2012)

Gjennomføring av råfisklova og fiskeeksportlova i 2009 og 2010

Til innhaldsliste

1 Innleiing

1.1 Hovudinnhaldet i meldinga

Fiskeri- og kystdepartementet legg med dette fram melding om gjennomføring av lov av 14. desember 1951 nr. 3 om omsetning av råfisk (råfisklova) og lov av 27. april 1990 nr. 9 om regulering av eksport av fisk og fiskevarer (fiskeeksportlova) i 2009 og 2010. Meldinga omtalar enkelte aktuelle saker av interesse for Stortinget. Meldinga omtalar forutan saker frå åra 2009 og 2010 enkelte saker frå 2011.

Den førre meldinga om gjennomføring av råfisklova og fiskeeksportlova vart lagt fram for Stortinget 12. februar 2010, jf. Meld. St. nr. 8 (2009–2010) Gjennomføring av råfisklova og fiskeeksportlova i 2007 og 2008 og Innst. 213 S (2009–2010).

Utforminga av meldinga er gjort på same vis som førre melding, men med eit utvida kapittel 3 som omhandlar ei evaluering av salslaga sin kvalitet og ressursbruk i kontrollarbeidet etter den nye havressurslova frå 2008, der salslaga får eit større ansvar og vidare heimlar når det gjeld den nasjonale ressurskontrollen.

Meldinga gir ei utgreiing om gjennomføringa av og kontrollen med omsetninga i første hand i kapittel 2 og 3, og ei utgreiing om gjennomføringa av eksporten i kapittel 4. Årsmeldingane for 2009 og 2010 frå styret til Sjømatrådet utgjer vedlegg 1 til meldinga, mens tilsvarande årsmeldingar frå styra til dei ulike salslaga utgjer vedlegga 2 – 7.

1.2 Bakgrunnen for meldinga

Råfisklova av 1951 vart vedteken som ei permanent lov til erstatning for ei tidlegare mellombels lov. Den nye lova var forma som ei fullmaktslov som gir salslaga vid sjølvstendig kompetanse når det gjeld omsetninga av råfisk i første hand. For å sikre Stortinget regelmessig orientering om gjennomføringa av lova vart det derfor vedteken ei eiga føresegn i råfisklova § 10 om at vedkomande departement årleg skulle leggje fram ei melding for Stortinget om gjennomføringa av lova, jf. Ot.prp. nr. 63 (1951) om lov om omsetning av råfisk.

Den første meldinga kom i 1953, jf. St.meld. nr. 42 (1953) Råfisklovens gjennomføring i 1952. Den eittårlege meldinga utvikla seg over tid til ei toårleg melding. Etter kvart vart ho dessutan slått saman med meldingar om andre lover, mellom anna tilverkarlova som no er oppheva, og seinare fiskeeksportlova. I samband med St.meld. nr. 35 (1983–84) om råfisklovens gjennomføring i 1981 og 1982 rådde Fiskeridepartementet til at meldinga av rasjonaliseringsomsyn berre skulle leggjast fram kvart andre eller fjerde år. Sjøfarts- og fiskerikomiteen gav si tilslutning til toårlege meldingsperiodar, men frårådde fireårlege.

Føresegna i § 10 som påla departementet å gi ut årlege meldingar, vart oppheva ved lov 11. juli 1986 nr. 51. Opphevinga var ein del av eit større arbeid med å forenkle meldingssystemet til Stortinget, jf. Ot. prp. nr. 38 (1985–86) Om lov om endringer i diverse lover om periodiske meldinger til Stortinget. Sjølv om lovkravet om melding til Stortinget vart oppheva, tok Sjøfarts- og fiskerikomiteen opp eit framlegg om toårleg melding på nytt i Innst. S. nr. 172 (1985–86) og gjorde slikt vedtak 4. juni 1986:

«Stortinget ber Regjeringen framlegge 2-årlige meldinger om gjennomføringa av lov av 14. desember 1951 om omsetning av råfisk (råfiskloven) og lov av 18. desember 1970 nr. 91 om omsetning av fisk frå tilvirker (tilvirkerloven).»

Tilverkarlova vart oppheva med verknad frå 1. juli 1993, jf. Ot. prp. nr. 61 (1991–92), og siste gong omtala i St. meld. nr. 18 (1993–94) Om gjennomføring av råfiskloven og tilvirkerloven i 1991 og 1992. Etter kvart har departementet omtala fiskeeksporten i den toårlege meldinga, noko som er spegla i tittelen på meldinga frå og med St.meld. nr. 23 (1999–2000) Om gjennomføring av råfiskloven og fiskeeksportloven i 1997 og 1998.

I dei seinaste åra har meldinga hovudsakleg innehalde ei deskriptiv framstelling av nokre aktuelle saker som kjem salslaga eller fiskeeksporten ved, forutan at omfattande utdrag frå årsmeldingane til Sjømatrådet og salslaga er tekne inn som vedlegg.

1.3 Status i lovverket

Den viktigaste endringa i lovverket dei siste åra er lov 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova), der også endringar i råfisklova inngår. I høve til salslaga inneheld havressurslova nye føresegner om den nasjonale ressurskontrollen som gir fiskesalslaga ei viktigare rolle enn før.

Eit sentralt grep i havressurslova er at ho skal regulere forvaltninga av alle viltlevande marine ressursar. Samtidig med havressurslova vart det vedteke endringar i andre sentrale lover på villfiskforvaltninga sitt område slik at dei fekk eit tilsvarande verkeområde. Mellom anna vart råfisklova endra slik at Kongen no har kompetanse til å gjere ho gjeldande for alle viltlevande marine ressursar.

Som ei oppfølging har departementet i perioden etter førre melding til Stortinget vedtatt ny forskrift 12. mars 2010 nr. 390 om inndraging av fangst og bruk av inndregne midlar til erstatning for tidligare forskrift 20. november 1989 nr. 1185 om inndragning av fangst og anvendelse av inndratte midler og delegeringsvedtak 16. desember 2008 nr. 1376. Salslaga fekk ved denne forskrifta ei betydeleg utviding av sin inndragingskompetanse.

Vidare vart det vedtatt ny forskrift 30. april 2010 nr. 641 om omsetning i første hand av viltlevande marine ressursar til erstatning for tidligare forskrift 29. juni 1990 nr. 485 om førstehåndsomsetningen av råfisk (råfiskforskrifta) og forskrift 17. september 1990 nr. 795 om førstehåndsomsetning av sild gjennom Skagerakfisk S/L. Den sentrale endringa er at verkeområdet til forskrifta er utvida slik at ho no gjeld alle viltlevande marine ressursar, tilsvarande verkeområdet til havressurslova.

Til forsida