Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Meld. St. 38 (2014–2015)

Open og opplyst— Allmennkringkasting og mediemangfald

Til innhaldsliste

17 Ny NRK-plakat

17.1 Plakatens formål og status

NRK-plakaten inneheld Stortingets overordna krav og rammer for NRK og fastset dermed fellesskapets forventningar til NRKs tilbod. Kulturdepartementet legg i kapittel 5 i meldinga opp til at det blir innført eit klårare skilje mellom dei overordna krava i plakaten og meir detaljerte krav i NRK-vedtektene. Føremålet med dette er at dei overordna krava skal drøftast og vedtakast av Stortinget for å sikre open debatt og demokratisk forankring av oppdraget, medan dei meir detaljerte punkta i vedtektene blir fastsette av NRKs generalforsamling ved kulturministeren og dermed kan endrast utan Stortingets samtykke.

I tillegg til at plakaten blir utforma på eit meir overordna plan, inneber den nye NRK-plakaten i hovudsak at gjeldande oppdrag blir ført vidare. Konkrete endringar går fram av dei føregåande kapitla i stortingsmeldinga.

NRK-plakaten er det politiske styringsinstrumentet for allmennkringkasting og NRKs verksemd. Den formelle styringa av NRK skjer via generalforsamlingas eigarstyring. Dette inneber bl.a. at NRK-plakaten må gjerast formelt bindande i selskapets vedtekter. Plakaten legg dermed føringar for generalforsamlingas høve til å fastsetje meir detaljerte føresegner i vedtektene.

Departementet understrekar at både dei overordna krava i NRK-plakaten og dei meir detaljerte krava i NRK-vedtektene må fastsetjast med respekt for NRKs redaksjonelle sjølvstende og kringkastingssjefens suverene ansvar for NRKs laupande programverksemd, jf. kringkastingslova § 6-3 og mediefridomslova. Vidare viser departementet til at EØS-avtala legg visse føringar for utforminga av NRKs allmennkringkastingsoppdrag ettersom ESAs retningsliner for offentleg støtte til allmennkringkastarar stiller krav om at oppdraget bør definerast så klårt og presist som mogleg og at oppdraget må liggje føre som eit formelt pålegg, jf. kapittel 4.2.1.2.

17.2 Ny NRK-plakat

  • § 1 NRK skal ha som formål å oppfylle demokratiske, sosiale og kulturelle behov i samfunnet.

  • § 2 NRK skal vareta ytringsfridom og ytringsvilkår for borgarane. NRK skal vere redaksjonelt uavhengig og vere balansert over tid. NRK skal bidra til å fremje den offentlege samtala og medverke til at heile befolkninga får tilstrekkeleg informasjon til å kunne vere aktivt med i demokratiske prosessar.

  • § 3 NRK skal ha eit sjølvstendig ansvar for å bidra til det norske mediemangfaldet.

  • § 4 NRKs allmennkringkastingstilbod skal vere tilgjengeleg for heile befolkninga. NRK skal ta omsyn til funksjonshemma i utforminga av tilbodet sitt.

  • § 5 NRK skal styrkje det norske og dei samiske språka, og styrkje norsk og samisk identitet og kultur. Ein stor del av tilbodet skal ha norsk forankring og avspegle det kulturelle mangfaldet i folket. NRK skal ha daglege sendingar for den samiske befolkninga. NRK skal ha program for nasjonale og språklege minoritetar.

  • § 6 NRK skal formidle norsk kultur og ein brei variasjon av norske kunstuttrykk frå mange ulike kunstnarar, ubunde miljø og kulturinstitusjonar. NRK skal formidle norsk musikk, film og drama og stimulere norske produksjonsmiljø.

  • § 7 NRKs tilbod skal spegle Noregs religiøse arv og mangfald av livssyn og religion i det norske samfunnet.

  • § 8 NRKs tilbod skal i hovudsak ha norskspråkleg innhald, og minst 25 pst. av innhaldet skal vere på nynorsk.

  • § 9 NRK skal reflektere det geografiske mangfaldet i Noreg og ha eit godt lokalt tilbod og lokalt nærvær.

  • § 10 NRKs tilbod skal i hovudsak vere av redaksjonell karakter. NRK skal streve etter høg kvalitet, mangfald og nyskaping. NRKs tilbod skal ha tematisk og sjangermessig breidde. NRKs tilbod skal appellere til alle aldersgrupper.

  • § 11 NRK skal fremje borns rett til ytringsfridom og informasjon, og skjerme borna mot skadelege former for innhald. NRK skal ha norskspråklege program for born under 12 år, jamlege norskspråklege program for unge, og jamlege program for born og unge på dei samiske språka.

  • § 12 NRK skal leggje til rette for at styremaktene kan nå ut til befolkninga med informasjon over kringkastingsnetta ved nasjonale kriser og katastrofar.

Til toppen
Til forsida av dokumentet