Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Meld. St. 38 (2014–2015)

Open og opplyst— Allmennkringkasting og mediemangfald

Til innhaldsliste

9 NRKs innhaldsforpliktingar

9.1 Innleiing

NRKs allmennkringkastingsoppdrag består av fleire forpliktingar som positivt definerer selskapets oppdrag. I oppdraget, som i dag er nedfelt både i vedtekter og plakat, blir det blant anna spesifisert at tilbodet skal spegle mangfaldet i befolkninga, og at NRKs innhaldstilbod skal bestå av nyheiter og aktualitetsstoff, kulturprogram, barneprogram, sport, norsk musikk, program som belyser internasjonale forhold, innhald tilrettelagt for skuleverket, daglege sendingar for den samiske befolkninga og program for nasjonale og språklege minoritetar.

I høyringa av NRK-plakaten vart høyringsinstansane bedne om å kommentere om plakaten bør justerast. I kapittel 5 tek departementet til orde for at det bør innførast ein ny overordna plakat, slik at det blir tydelegare arbeidsdeling mellom plakat og vedtekter. I dette kapittelet blir to andre aspekt knyta til NRKs oppdrag drøfta. For det første vurderer departementet på prinsipielt grunnlag om dagens innhaldsforpliktingar for NRK er for omfattande og detaljerte. For det andre blir det vurdert om det er behov for å gjere endringar i NRKs konkrete innhaldsforpliktingar.

9.2 Detaljeringsgrad i NRKs innhaldsforpliktingar

9.2.1 Høyringa av NRK-plakaten – innspel om detaljeringsgrad

Høyringa viser at mange av instansane er positive til at det blir stilt konkrete krav til NRKs innhald. Nokre høyringsinstansar, spesielt frå mediebransjen, gjev likevel uttrykk for at NRKs forpliktingar er for detaljerte. Det er spesielt omsynet til NRKs redaksjonelle fridom som blir framheva som grunnlag for at NRKs forpliktingar bør vere mindre detaljerte.

Mediebedriftenes landsforening skriv blant anna i høyringsfråsegna si:

En mindre statisk og mindre detaljert utforming av vedtektene vil dessuten gi NRK større frihet til å foreta selvstendige redaksjonelle vurderinger av hvordan allmennkringkastingsoppdraget skal løses. Dette vil være helt i tråd med redaktørinstituttet og prinsippet om mediers redaksjonelle uavhengighet.

TV 2 uttaler seg også om detaljeringsgraden:

Et sentralt prinsipp er at NRK skal være redaksjonelt uavhengig og ha redaksjonell frihet. En detaljregulering av hvilke type programmer eller innhold NRK er forpliktet til, eller forbudt fra å tilby, er verken ønskelig eller hensiktsmessig. Dette tilsier at kravene til programvirksomheten må være overordnede. En frihet for NRK til å utforme og tilgjengeliggjøre sitt tilbud innenfor noen overordnede prinsipper, må ledsages av et formelt ansvar for å ivareta hensynet til mediemangfoldet.

NRK på si side uttaler at detaljeringsnivået ikkje hemmar den redaksjonelle fridomen:

En vurdering av plakatens innhold reiser spørsmål om hvor detaljert den politiske forankringen bør være og hvordan oppdraget bør reguleres i vedtektene, samtidig som det ivaretar det grunnleggende kravet til NRKs redaksjonelle uavhengighet. NRK mener utformingen av dagens allmennkringkasteroppdrag, sammenholdt med eiers og tilsynsorganers utøvelse av sine roller, ivaretar denne balansen på en akseptabel måte.

Sametinget meiner også at plakaten bør vere overordna, men understrekar at det er viktig at underkrava er spesifiserte i vedtektene.

Blant høyringsinstansane som er positive til at det er nedfelt detaljerte innhaldsforpliktingar til NRK, finst interesseorganisasjonar som ønskjer å føre vidare eller styrkje dagens detaljkrav. Dette omfattar f.eks. innspel frå språkorganisasjonar som ønskjer å konkretisere NRKs språkpolitiske ansvar, kulturorganisasjonar som er opptekne av å tydeleggjere NRKs ansvar på kulturfeltet og organisasjonar som representerer ulike minoritetsinteresser.

Medietilsynet peikar også på at det er formålstenleg å fastsetje spesifikke mål for nokre typer innhald slik at kulturpolitiske omsyn blir varetekne:

Det er rimelig å legge til grunn at det kulturpolitisk også i fremtiden vil være relevant å sette konkrete mål for visse innholdstilbud, for å sikre et minimumstilbud enten innenfor bestemte temaområder eller til bestemte målgrupper. Eksempler på denne typen tilbud er bruk av ulike målformer og dialekter, formidling av norsk musikk, tilbud til barn og unge, universell utforming, eksterne produksjoner etc.

9.2.2 Detaljgrad i andre lands allmennkringsoppdrag

Det er relativt store skilnader frå land til land når det gjeld kor detaljerte krava i allmennkringkastaranes styringsdokument er utforma. Oppdraget til Finlands allmennkringkastar, YLE, eksemplifiserer ein lite detaljert styringsform og inneheld berre sju overordna prinsipp. Allmennkringkastingsoppdraga til allmennkringkastarane i Sverige og Danmark kan seiast å ha omtrent same detaljeringsnivå som i Noreg, medan BBCs allmennkringkastingsoppdrag er vesentleg meir detaljert.

9.2.3 Departementets vurdering

Fleire omsyn innverkar på kor detaljert NRKs innhaldsforpliktingar bør vere utforma. Det er viktig at NRK har tilstrekkeleg fleksibilitet og redaksjonell fridom, samtidig som det er legitimt at styremaktene, i kraft av den offentlege eigarskapen og på vegne av lisensbetalarane, fastset overordna krav til NRKs redaksjonelle tilbod. Uavhengig av detaljeringsnivå i NRKs mandat, er det kringkastingssjefen som har ansvaret for NRKs redaksjonelle verksemd og tek avgjerder i redaksjonelle spørsmål, jf. kringkastingslova § 6-3. Det tyder at kringkastingssjefen innanfor rammene av samfunnsoppdraget har full fridom med omsyn til innhaldet i NRKs tilbod, inkludert utveljing av materiale, vinkling, prioritering av stoff, presentasjon av haldningar, osv. Prinsippet om at det er opp til eigaren å definere formål og overordna oppdrag er også nedfelt i Redaktørplakaten, så vel som i lov om redaksjonell fridom.

Dagens NRK-plakat vart fastsett i 2008. Før plakaten vart fastsett, fanst det ikkje eitt enkelt dokument som på uttømande måte atterspegla NRKs samfunnsoppdrag. NRK-plakaten representerte i så måte noko nytt. Departementet kan ikkje sjå at høyringsrunda har avdekt behov for at det bør gjerast store endringar i detaljeringsgraden i innhaldsforpliktingane. Som nemnt etterlyser einskilde instansar ei forenkling av forpliktingane, medan andre ber om presiseringar og utvidingar. Røynslene frå då NRK-plakaten vart vedteken i 2008 og fram til i dag er etter departementets oppfatning positive. Innhaldsforpliktingane er utforma på ein måte som har sikra at samfunnsforventningane til NRK er komne tydeleg fram, samstundes som NRKs redaksjonelle sjølvstende er vareteke fullt ut. Departementet vil elles vise til at fleire samanliknbare land regulerer offentlege kringkastarar på ein tilsvarande eller meir detaljert måte enn tilfellet er i Noreg. Vidare er Noreg etter EØS-avtalas reglar om offentleg støtte forplikta til å ha eit ganske presist definert allmennkringkastingsoppdrag for NRK.

Departementet viser også til at NRK sjølv gjev uttrykk for at detaljeringsnivået i dagens allmennkringkastingsoppdrag balanserer desse omsyna på ein akseptabel måte. Departementet legg såleis opp til at NRKs innhaldsforpliktingar i hovudsak blir førte vidare. Sidan det i kapittel 5 ovanfor vart tilrådd at NRK-plakaten blir gjord meir overordna og prinsipiell, vil dei detaljerte innhaldsforpliktingane i hovudsak bli førte vidare i NRK-vedtektene.

9.3 Behovet for endringar i konkrete innhaldsforpliktingar

9.3.1 Høyringa av NRK-plakaten – innspel om innhaldsforpliktingar

I høyringa av NRK-plakaten kom det mange innspel om NRKs innhaldsforpliktingar. Høyringsrunda viser at mange interesseorganisasjonar og grupper med særinteresser ønskjer å føre vidare, endre eller presisere innhaldskrava som blir stilte til NRK.

9.3.1.1 Nynorsk

Mange mållag rundt i landet understrekar trongen for å føre vidare nynorskdelen på 25 prosent (jf. § 3 d). Språkrådet skriv i høyringsfråsegna si:

Nynorskprosenten er et svært viktig virkemiddel for å styrke nynorskens posisjon i samfunnet. I prinsippet er de to målformene våre likestilte, men i praksis opplever nynorskbrukerne mye mindre eksponering for sin målform enn bokmålsbrukerne på nasjonalt nivå. Derfor er NRKs bruk av nynorsk viktig.

Fleire av høyringsinstansane argumenterer også for at NRKs nynorsksenter må ha gode vilkår.

9.3.1.2 Samisk

Høyringsinstansane har fremja forslag om korleis NRKs mandat kan styrkjast overfor samane. Sametinget peikar på at samisk og norsk er likeverdige, og ønskjer difor at forpliktingane avspeglar dette i større grad:

Samelovens § 1-5 slår fast at samisk og norsk er likeverdige språk, og denne likeverdigheten må reflekteres og uttrykkes i NRK-plakaten på linje med norsk språk. Sametinget merker seg at i forhold til nynorsk er innholdskravet nevnt spesifikt med hvor mange prosent av sendingene som skal være på nynorsk. Samisk er ikke nevnt like spesifikt i verken hovedkravet eller i underkravene. Overskriften er i seg selv begrensende. Fokuset er på norsk språk, identitet og kultur. Det burde være en selvfølge at plakaten og vedtektene reflekterte det samiske aspektet i like stor grad. Med utgangspunkt i lovpålagt likeverd mellom samer og nordmenn i Norge, synes Sametinget det er viktig å påpeke retten og muligheten til å bruke samisk i ulike sammenhenger og på ulike områder i samfunnet. Når det gjelder samiske språk og samisk innhold i medielandskapet i Norge, er det enda en lang vei å gå før vi kan snakke om reell likeverdighet.

9.3.1.3 Nasjonale minoritetar

Norske kveners forbund skriv at det kvenske språket er i ein kritisk fase og at det kan døy ut innan kort tid dersom det ikkje blir gjort ein innsats for å berge det. Forbundet meiner NRK har eit ansvar for å formidle og stimulere det kvenske språket. Det føreslår blant anna følgjande formuleringar i plakaten §§ 3 b og 4 e:

NRK skal bidra til å styrke norsk, samisk og de nasjonale minoritetens språk, identitet og kultur. En stor andel av tilbudet skal ha norsk forankring og speile norske verkeligheter. NRK skal ha programmer for nasjonale og språklege minoritetar. NRK skal ha daglige sendinger for den samiske og kvenske befolkningen.
Tilbudet skal speile mangfoldet som finnes i befolkningen, herunder særskilt samer, kvener, skogfinner, romanifolket, rom og jøder.

Språkrådet meiner det er viktig å styrkje NRKs forpliktingar når det gjeld både urfolkspråk og minoritetsspråk og foreslår å endre § 3 b til følgjande ordlyd:

NRK skal ha daglige sendinger på samiske språk, kvensk og norsk tegnspråk. Det skal være ukentlige sendinger med innslag av romani og romanes.

9.3.1.4 Born og ungdom

Fleire høyringsinstansar uttrykkjer at NRK har eit viktig ansvar for å tilby eit ikkje-kommersielt tilbod til born og unge. LO skriv blant anna:

NRK Super er et unikt fagmiljø på målgruppen born og unge, og det er viktig at NRK også i fremtiden utvikler gode fortellinger og innhold som foreldre kan føle seg trygge på.

Sametinget skriv at NRK også har eit viktig ansvar for å tilby barne- og ungdomsprogram på samisk:

Det samiske barne-TV-tilbudet har økt og blitt styrket, men fremdeles mangler tilbud som godt nok ivaretar lule- og sørsamiske barns behov. Kringkastingens rolle i språkutviklingen er sannsynligvis undervurdert, og tilbudet er verken kvantitativt eller kvalitativt godt nok utviklet. Det bør tas hensyn til ulike samiske språk, aldersgrupper og målgrupper når det gjelder utvikling av samisk barne-TV, i tillegg til enda mer utvidet sendetid. Dette er også i tråd med Barnekonvensjonens artikkel 17 d, der det heter at staten skal oppmuntre massemedia til å ta særlig hensyn til de språklige behov hos barn som tilhører en minoritetsgruppe eller urfolk.

9.3.1.5 Norsk musikk

I høyringsinnspela frå Musikernes fellesorganisasjon, GramArt, Norsk komponistforening/ NOPA/Musikkforleggerne blir det fremja ønske om at kravet til norsk musikk i NRK blir auka til 50 pst. Musikernes fellesorganisasjon argumenterer på følgjande måte:

Vi anser en norskandel på minst 50 prosent i NRKs musikksendinger som svært viktig både for NRKs posisjon som allmennkringkaster og for spredningen av norsk musikk til stadig nye aldersgrupper. Uten at NRK ivaretar dette ansvaret for norsk musikk, står vi i fare for at mye av grunnlaget for å skape og spille norsk musikk vil forsvinne i løpet av de kommende årene.

Høyringsinstansane viser vidare til at overgangen til strøymetenester har gjort at færre høyrer på norsk musikk, og at P4 og Radio Norge ikkje vil ha allmennkringkastingsforpliktingar når FM-bandet blir sløkt.

GramArt ønskjer i tillegg at definisjonen av norsk musikk også skal omfatte «musikk fremført av norske utøvere»:

Det bør også komme en opprydning i begrepsbruken for enda klarere å presisere NRK sitt ansvar som allmennkringkaster hva gjelder formidling av norsk musikk. Her definerer også musikkbransjen selv «norsk musikk» ulikt, så derfor er det viktig at NRK har en klar presisering av sin forståelse av begrepet. Medietilsynet har tidligere påpekt at definisjonen av norsk musikk er uklar og dette støtter vi. GramArt mener at definisjonen av «norsk musikk» også må omfatte musikk fremført av norske utøvere, uavhengig av tekstspråk eller komponisters nasjonalitet.

Norsk komponistforening/NOPA/Musikkforleggerne ønskjer at det blir spesifisert eit minimumskrav som skal gjelde dei nyskapande musikkformene som ny kunstmusikk og jazz. Dei vil også at det blir spela fleire musikkprogram innanfor ulike sjangrar, og dei tilrår at NRK-plakaten blir supplert med eit krav om at NRK skal formidle musikk for born.

9.3.2 Departementets vurdering

NRK er ein viktig kulturinstitusjon og eitt av statens viktigaste verkemiddel for å nå språk- og kulturpolitiske mål. Departementet meiner at innhaldsforpliktingane, slik dei er utforma i dag, i stor grad fungerer som ein garanti for at viktige demokratiske og kulturpolitiske mål blir varetekne. Høyringa av NRK-plakaten viser at mange instansar er opptekne av at NRKs allmennkringkastingsoppdrag på ein klar og transparent måte reflekterer institusjonens samfunnsmessige rolle og tyding. Etter departementets vurdering bør NRKs innhaldsforpliktingar i hovudsak vidareførast. I det følgjande vil departementet drøfte nærare nokre tema knytte til NRKs innhaldsforpliktingar som vart særleg framheva i høyringa.

9.3.2.1 Nynorsk

NRKs nynorskkrav ligg i dag på 25 pst. Medietilsynets allmennkringkastingsrapport for 2014 viser at NRK oppfylte nynorskkravet i to av dei seks noverande hovudkanalene, P1 og NRK 2, men ikkje i dei resterande TV- og radiokanalane eller på nrk.no. Samla sett når difor ikkje NRK nynorskkravet på 25 pst. Særleg låg var nynorskdelen på nrk.no (16 %). Samstundes peiker Medietilsynet på at NRK har arbeidd med å styrkje språktilbodet sitt på lang sikt gjennom opplæring av nynorskpraktikantar ved Nynorsk mediesenter. NRK har også vunne fleire prisar for målbruk.

Departementet vil understreke at NRK har eit viktig ansvar for å formidle nynorsk og meiner at språkpolitiske omsyn klart talar for at nynorskkravet på 25 pst. bør førast vidare. Departementet føreset at NRK arbeider med å styrkje nynorskdelen på radio, TV og Internett. NRKs språkpolitiske rolle og tyding tilseier også at dette kravet blir gjort synleg som eitt av elementa i den nye overordna NRK-plakaten som departementet føreslår i kapittel 17.

9.3.2.2 Samisk

Samane har status som urfolk og er verna gjennom nasjonale lover og internasjonale konvensjonar.1 Som urfolk har samane rett til å bli konsultert i saker som kan få direkte betyding for dei, jf. Prosedyrar for konsultasjonar mellom statlige myndigheiter og Sametinget. Kulturdepartementet hadde eit konsultasjonsmøte med Sametinget 2. juni 2015, der Sametinget fremma sine synspunkt. I møtet uttrykte Sametinget forventningar om at regjeringa gjennom stortingsmeldinga bør forplikte NRK til å styrkje og utvikle det samiske medietilbodet, og leggje aktivt til rette for ei dynamisk utvikling av samiske medium. Dei uttrykte også at sendetida for barne-TV på samisk bør utvidast. I dag er NRKs samiske innhaldsforpliktinger spesifiserte i NRK-plakaten punkt 3 b) og 4 i). Der står det blant anna at NRK skal bidra til å styrkje norsk og samisk språk, identitet og kultur, ha daglege sendingar for den samiske befolkninga og jamlege program for born og unge på samisk.

Medietilsynets allmennkringkastingsrapport for 2014 viser at NRK Sápmi oppfyller krava i dagens plakat og at NRK Sápmis tilbod har blitt styrkt dei seinare åra. NRK har til dømes prioritert å utvikle tilbodet på alle dei tre samiske språka; nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk og det har vorte fleire sendetimer på radio og DAB. Kulturtilbodet på TV har også auka.

Departementet deler Sametingets syn på at NRK som allmennkringkastar har eit viktig ansvar for å tilby samisk innhald. Det er departementet si vurdering at dagens NRK-tilbod på samisk er prega av at selskapet stadig utviklar sitt tilbod for heile den samiske befolkninga. Departementet forventar at NRK vil fortsette denne utviklinga, men av omsyn til selskapets redaksjonelle fridom legg departementet ikkje opp til å uttrykke ei konkret forventning om å styrkje det samiske innhaldet. Departementet understrekar vidare at krava i dagens forpliktingar inneber at NRK skal tilby innhald på alle dei tre samiske språka. NRK må på grunnlag av redaksjonelle vurderingar ta stilling til kva av dei samiske språka som bør nyttast i eit konkret program eller innhaldstilbod.

Departementet viser elles til at NRKs forpliktingar for samisk språk, identitet og kultur er nedfelte i den nye NRK-plakaten, jf. kapittel 17 nedanfor, og at vedtektene vil bli gjennomgått i lys av desse formuleringane.

Figur 9.1 
NRK Sápmi sitt oppdrag er å lage eit godt programtilbod til samane og bidra til kunnskap om samisk kultur og samfunn til befolkninga. Det er tre samisk språk, nordsamisk, lulesamisk og NRK skal ha tilbod på alle dessa språka. Frå 2014 kunne born so...

Figur 9.1 NRK Sápmi sitt oppdrag er å lage eit godt programtilbod til samane og bidra til kunnskap om samisk kultur og samfunn til befolkninga. Det er tre samisk språk, nordsamisk, lulesamisk og NRK skal ha tilbod på alle dessa språka. Frå 2014 kunne born som snakkar sørsamisk sjå på barne-TV på sitt eiga språk for fyrste gang.

Foto: Jon-Annar Fordal/NRK

9.3.2.3 Nasjonale minoritetar

Nasjonale minoritetar omfattar grupper som «har langvarig tilknytning til landet».2 I dag er kvener/norskfinnar, jødar, skogfinnar, rom (sigøynarar) og romanifolk/taterar definerte som nasjonale minoritetar i Noreg.3

NRKs forpliktingar overfor nasjonale minoritetar er spesifiserte i NRK-plakaten pkt. 3 b):

NRK skal ha programmer for nasjonale og språklige minoriteter.

I NRK-plakaten pkt. 3 c) heiter det:

NRK skal formidle kunnskap om ulike grupper og om mangfoldet i det norske samfunnet. NRK skal skape arenaer for debatt og informasjon om Norge som et flerkulturelt samfunn.

Medietilsynets allmennkringkastingsrapport for 2014 stadfester at NRKs tilbod reflekterer det kulturelle mangfaldet i Noreg i det generelle innhaldstilbodet. For nasjonale minoritetar med eit eiga språk, slik som kvensk/finsk, har NRK kvar veke eit radiotilbod. Tenesta YR.no, har også eit kvensk språkval. Medietilsynet meiner at NRKs generelle innhaldsstrategi bidrar til å synliggjere Noreg som eit fleirkulturelt samfunn, men deira vurdering er at NRKs tilbod til nasjonale og språklege minoritetar er på eit lågt nivå.

Tilsynet føreset difor at NRK held fram å arbeide aktivt for å styrkje tilbodet til språklege og nasjonale minoritetar.

Departementet ventar at NRK følgjer opp kravet om å styrkje tilbodet til språklege og nasjonale minoritetar, men finn det elles ikkje naudsynt å spesifisere innhaldskrava til NRK ytterlegare. Departementet viser elles til at forpliktingane overfor dei nasjonale minoritetane også er nedfelte i den nye NRK-plakaten, jf. kapittel 17.

9.3.2.4 Det fleirkulturelle Noreg

Den norske befolkninga inneheldfleire innvandrargrupper og etniske minoritetar. Tal frå SSB viser at det ved inngangen til 2015 var 669 400 innvandrarar4 og 135 600 norskfødde med innvandrarforeldre5 i Noreg.

Når det gjeld NRKs ansvar for å formilde kunnskap om Noreg som fleirkulturelt samfunn, skriv Medietilsynet i allmennkringkastingsrapporten for 2014 at NRK oppnår dette gjennom å synleggjere mangfaldet i Noreg i ein generell programsamanheng. Tilsynet skriv vidare at NRK er oppteken av at personar med minoritetsbakgrunn ikkje må avgrensast til å bli representantar for det fleirkulturelle Noreg.

Ei undersøking NRK utførte i samarbeid med Institutt for medier og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo i 20126 viser at sjølv om innvandrarbefolkninga i stor grad tek i bruk norske, nasjonale medium, har dei norske TV-kanalane NRK 1, TV 2 og TVNorge lågare oppslutning i innvandrarbefolkninga enn i befolkninga totalt sett. I undersøkinga kjem det fram at NRK1 har ei dagleg dekning på 35 pst i innvandrarbefolkninga mot 55 pst i befolkninga totalt (se figur 9.2). På NRK P1 er prosentdelen 10 pst mot 30 pst i befolkninga totalt, og på nett er fordelinga 29 pst mot 13 pst. Faktorar som alder, språkkunnskap og kor lenge ein har opphalde seg i landet kan spele inn. Det kan og ha samanheng med at innvandrarar i større grad brukar medieinnhald frå andre land enn Noreg.

Figur 9.2 Dagleg dekning norske hovudkanalar 15–59 år, i pst

Figur 9.2 Dagleg dekning norske hovudkanalar 15–59 år, i pst

Kjelde: NRK og UiO Innvandrarbefolkninga består av personar med bakgrunn frå Bosnia-Hercegovina, Irak, Iran, Pakistan, Polen, Russland, Somalia, Sri Lanka, Tyskland og Vietnam

Departementetunderstrekar at NRK har ei viktig rolle som ein felles offentleg arena for heile befolkninga i Noreg. Det inneber at NRK kontinuerleg må vurdere korleis ein best formidlar kunnskap om det fleirkulturelle Noreg og avspeglar mangfaldet i befolkninga. Tala for oppslutnad om NRKs tilbod i innvandrarbefolkninga illustrerer kor viktig det er at NRK har fokus på å nå ut til heile befolkninga.

9.3.2.5 Born og ungdom

NRKs tilbod skal avspegle mangfaldet i befolkninga og appellere til alle aldersgrupper, jf. NRK-plakaten pkt. 4 e). Det står vidare i pkt. 4 i) at NRK har eit særleg ansvar for å fremje borns rett til informasjon og ytringsfridom.

Ungdom har eit fragmentert mediekonsum. Dei brukar i større grad nettbaserte tenester som nettaviser, strøymetenester og sosiale media når dei konsumerer medieinnhald, jf. kapittel 3. NRK har i dag eit breitt tilbod til born og unge gjennom NRK Super på TV, radio og nett. Statistikk frå TNS Gallup viser at mediehuset NRK totalt sett har den høgste daglege dekninga av dei norske mediehusa for aldersgruppa 12–19.7 Samstundes viser statistikken at ungdom i denne aldersgruppa føretrekkjer utanlandske TV-tilbydarar når dei benytter audiovisuelt innhald både lineært og via strøymetenester.

Departementet meiner det er viktig at NRK arbeider for å vere eit relevant medietilbod for ungdom. På oppdrag frå Kulturdepartementet har Nordiske Mediedager (NMD) utført ei undersøking blant elevar på vidaregåande skular i Noreg. NMD samarbeidde med NRKs distriktskontor for å kome i kontakt med elevane. 1893 ungdomar svara på ei spørjeundersøking om NRK, medan elevar frå 12 vidaregåande skular var med på diskusjonsmøte der dei diskuterte kva som skal til for at NRK skal vere relevant for dei. Ungdomane vart også inviterte til å lage ein ny NRK-plakat. Resultata vart presenterte på NMD Ung i Bergen 5. mai 2015. Undersøkinga viser at ungdomar ønskjer eit reklamefritt NRK, og at det skal lagast fleire program for ungdom. Dei ønskjer også meir internasjonalt innhald og at programma skal vere tilgjengelege på Internett.8

Departementet meiner det er viktig at NRK har eit godt tilbod til heile befolkninga. NRKs forpliktingar om å tilby innhald til born og unge på norsk og dei samiske språka er framheva som eitt av elementa i den nye, overordna NRK-plakaten, jf. kapittel 17 nedanfor.

9.3.2.6 Musikk

Som omtala ovanfor var mange høyringsinstansar opptekne av NRKs ansvar for norsk musikkliv. Departementet ser at den norske musikkbransjen står andsynes fleire utfordringar som potensielt kan påverke eksponeringa og lyttinga til norsk musikk. Departementet vil særleg vise til at når FM-nettet blir slokka i 2017, vil NRK vere den einaste radioaktøren med allmennkringkastingsforpliktingar. Radio Norge og P4 framleis vil etter alt å dømme halde fram med å spele norsk musikk når allmennkringkastingsforpliktingane deira tek slutt. Det er likevel ikkje sikkert at Radio Norge og P4 vil halde fram å spele minst 35 prosent norsk musikk, slik dei er forplikta til i nogjeldande konsesjonskrav.

NRK er ein dominerande aktør i radio og NRKs radiokanalar har stor oppslutnad blant lydarane. Det er difor viktig at NRK tek ansvar for å fremje norsk musikk. NRK har også teke eit slikt ansvar. I 2014 låg totalmengda av norsk musikk på NRKs hovudkanalar P1, P2 og P3 på 38 prosent, altså meir enn dagens krav på 35 prosent.

For å sikre eksponering av norsk og norskspråkleg musikk i framtida, vil departementet heve minimumskravet i vedtektene for speling av norsk musikk frå 35 til 40 prosent. Departementet legg til grunn at dette kravet gjeld for hovudkanalane NRK P1, P2 og P3. Departementet understrekar at NRK også bør sende mykje norsk musikk på alle kanalar der musikk utgjer ein vesentleg del av innhaldet. Når radiomediet blir digitalisert i 2017, vil alle NRK-kanalane kunne nå same potensielle lydarmasse. Det vil då i praksis ikkje vere skilnader i dekning mellom hovudkanalane og nisjekanalane. Departementet vil difor sjå an utviklinga og vurdere om det er behov for å utvide krinsen av kanalar som er omfatta av musikkravet i vedtektene.

Når det gjeld kva som blir rekna for «norsk musikk», vil departementet presisere at det er nok at anten utøvar, språk og/eller opphavsperson (komponist, tekstforfattar og liknande) er norsk. Norsk musikk inkluderar også norsk samisk musikk og joik.

Boks 9.1 Departementets konklusjon om NRKs innhaldsforpliktingar

  • NRKs innhaldsforpliktingar vil i hovudsak bli førte vidare i tråd med NRKs noverande allmennkringkastingsoppdrag.

  • NRKs plikt til å sende norsk musikk i NRK P1, P2 og P3 blir auka frå 35 pst. til 40 pst. NRK bør og oppnå ein høg del norsk musikk på alle sine andre radiokanaler.

Fotnotar

1.

Grunnlova § 8, Samelova, FNs konvensjon om sivile og politiske rettigheter artikkel 27 og ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i selvstendige stater

2.

https://www.regjeringen.no/nb/tema/urfolk-og-minoriteter/nasjonale-minoriteter/id1404/

3.

Nasjonale minoritetar er verna av Europarådet rammekonvensjon om beskyttelse av nasjonale minoriteter.

4.

Personar fødd i utlandet av to utanlandsfødde foreldre og fire utanlandsfødde besteforeldre.

5.

Personar fødd i Noreg av to utanlandsfødde foreldre og fire utanlandsfødde besteforeldre.

6.

Rapporten er resultatet av eit samarbeid mellom NRKs Analyseavdeling og Institutt for medier og kommunikasjon ved UiO[1]. Den er representativ for personer fra de 11 største innvandringsgruppene i Norge pr 31. desember 2011, noe som i 2011 omfatta ca. 250 000 personer[2]. Innvandringsbefolkninga er definert som 1) personer som er fødd i utlandet og som sjølv har innvandra til Noreg, og 2) personer som er fødd i Noreg av to foreldre født i utlandet som har innvandra til Noreg. Utvalet er tatt fra Folkeregisteret og det er til saman gjennomført 901 intervjuar med startpunkt for feltarbeidet 6.juni 2012. Den er gjennomført postalt og på telefon. I tillegg har dei gjennomført en tilsvarande undersøking for totalbefolkninga 15–59 år, der utvalet er på 500 personer. Totalbefolkninga er rekruttert via nettpanelet til Ipsos Synovate.

7.

TNS Gallup Forbruker & Media 2014

8.

Sjå rapporten her: https://www.regjeringen.no/contentassets/9c0871541b8648f79cf8cf317c7c6e16/ungdommens-nrk-plakat-rapport.pdf

Til toppen
Til forsida av dokumentet