Ot.prp. nr. 50 (2006-2007)

Om lov om offentlege styresmakters ansvar for kulturverksemd (kulturlova)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

I Soria Moria-erklæringa heiter det at regjeringa vil innføra ei enkel, generell lov som skal gje uttrykk for det ansvaret offentlege styresmakter har på kulturfeltet.

Framlegget om å innføra ei kulturlov går inn som eitt av fleire tiltak som regjeringa har formulert i Kulturløftet. Målet er å styrkja kulturverksemd som samfunns- og politikkområde. Det eksisterer i dag ei rekkje lover som regulerer ulike delar av kulturområdet. Til skilnad frå desse er dette lovframlegget meint å vera ei generell lov, som understrekar det ansvaret offentlege styresmakter har for kulturverksemd.

Føremålet med ei slik generell kulturlov er å gje kultursektoren større tyngd og klårare status som offentleg ansvarsområde. Lova skal framheva det ansvaret offentlege styresmakter har for å leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd, slik at alle kan få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleva eit mangfald av kulturuttrykk.

Det er lagt til grunn at lova skal vera enkel utan detaljerte føringar for løyvingsnivå, prioriteringar eller organisering av kulturområdet i staten, fylkeskommunar og kommunar.

Lovframlegget tek omsyn til at utforming og gjennomføring av kulturpolitikken ikkje berre handlar om tilhøvet mellom stat, fylkeskommune, kommune og kulturlivet. Med aukande grad av globalisering vert utforming og gjennomføring av kulturpolitikken utfordra av internasjonalt avtaleverk som EØS og WTO. Lovframlegget kan også sjåast på som ei oppfølging av UNESCO-konvensjonen frå 2005 om å verna og fremja eit mangfald av kulturuttrykk. Eitt av hovudmåla med konvensjonen er å sikra den retten enkeltland har til å utforma og gjennomføra ein aktiv kultur- og medie­politikk for å verna og fremja eit mangfald av kulturuttrykk.

Då den omfattande høyringsrunden for lovutkast og høyringsnotat var avslutta 1. februar 2007, hadde over 160 instansar kome med synspunkt på kulturlova. Det er så godt som samstemt tilslutnad til dei prinsippa som ligg til grunn for lovteksten. Fylkeskommunar og kommunar er nøgde med at lova er enkel og generell, og at ho gjev handlingsrom og fleksibilitet for å utforma og gjennomføra ein kulturpolitikk som er tufta på regionale og lokale føresetnader.

Mange institusjonar og organisasjonar meiner at lova ikkje går langt nok når det gjeld å gje konkrete føringar og pålegg om å følgja opp intensjonen i lova med økonomiske og andre ressursar. Her viser departementet til at føremålet med lova er å slå fast det ansvaret offentlege styresmakter har for kulturverksemd. Løyvingsnivå og organisatoriske løysingar skal derimot vera gjenstand for politiske vurderingar og prioriteringar.

Paragraf 1 i lova inneheld føremålet, som er å stadfesta det ansvaret offentlege styresmakter har for å fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd. Paragraf 2 inneheld definisjonar av kva som kjem inn under omgrepet «kulturverksemd». Paragrafane 3 og 4 konkretiserer at staten og høvesvis fylkeskommunar og kommunar skal syta for økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak som fremjar og legg til rette for variert kulturverksemd. I paragraf 5 vert det lista opp felles oppgåver for stat, fylkeskommunar og kommunar, og paragraf 6 slår fast at Kongen bestemmer når kulturlova skal ta til å gjelda. Jf. elles kapitla 5 og 7.

Ettersom det er tale om ei enkel lov utan detaljerte føringar for løyvingsnivå eller organisering, vil kulturlova ikkje ha direkte økonomiske eller administrative konsekvensar. Føremålet er likevel at kultursektoren skal styrkjast.

I diskusjonane om ei generell kulturlov har òg spørsmålet om grunnlovsfesting av kulturomsyn kome opp. Spørsmålet er særleg relevant i høve til dei internasjonale utfordringane som er drøfta i pkt. 2.5. I denne omgangen gjev departementet berre ei generell vurdering av spørsmålet, m.a. tufta på dei synspunkta som har kome til uttrykk i høyringsrunden. Oppfølging av spørsmålet om eventuell grunnlovsfesting skal gjerast seinare. Jf. kapittel 4.