Ot.prp. nr. 72 (2007-2008)

Om lov om endringar i utlendingslovgivinga (reglar for EØS- og EFTA-borgarar o.a.)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Arbeids- og inkluderingsdepartementet viser til lov 15. mai 2008 nr. 35 om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingsloven) og forarbeida til lova i Ot.prp. nr. 75 (2006-2007) om lov om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingsloven) av 29. juni 2007. Departementet legg no fram forslag til eit tillegg til denne lova: Kapittel 13 om særlige regler for utlendinger som omfattes av Avtale om Det europeiske økonomiske samarbeidsområde (EØS-avtalen) og Konvensjon om oppretting av Det europeiske Frihandelsforbund (EFTA-konvensjonen). Departementet foreslår også ein heimel for å kunne setje i verk forpliktingane etter direktiv 2004/38/EF heilt eller delvis innafor gjeldande utlendingslov, lov 24. juni 1988 nr. 64 om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingsloven) og rettingar i gjeldande utlendingslov § 37 om identifisering. For å kunne skilje mellom dei to utlendingslovene, vil dei bli omtalte som 2008-lova og 1988-lova framover i proposisjonen.

Til forsida