Prop. 149 S (2011–2012)

Finansiering av fv 545 i Fitjar og Stord kommunar i Hordaland

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om finansiering av fylkesveg 545 ved forlenging av eksisterande bompengeinnkrevjing på ferjesambandet E39 Halhjem – Sandvikvåg med to år. I tillegg til bompengar er det lagt til grunn fylkeskommunale midlar. Delar av dei fylkeskommunale midlane er føresett forskottert av lokalt næringsliv.

Fv 545 går på vestsida av Stord. Delar av vegen er smal og svingete. Vegen er einaste omkjøringsveg dersom E39 må stengast. Det er eit mål å gjera vegen tryggare for gåande og syklande ved å etablera gang- og sykkelveg. Fv 545 er tilkomst til E39 for dei fleste innbyggjarane i Fitjar kommune, tilkomstveg til kommunesenteret i Fitjar og lokalveg mellom Fitjar og Sagvåg. Utbygginga av vindmølleparken på Midtfjellet i Fitjar som har starta opp i 2012, har aktualisert behovet for å rusta opp fv 545. Bompengesøknaden for «Bompengepakken Stord vestside» er utarbeidd av Hordaland fylkeskommune i samarbeid med Statens vegvesen og Fitjar og Stord kommunar.