Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 130 LS (2016–2017)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

15 Frittståande skular med vaksne utan rett til vidaregåande opplæring

Utgifter som frittståande vidaregåande skular har til opplæringa av vaksne elevar utan rett til vidaregåande opplæring er ikkje omfatta av den generelle ordninga med meirverdiavgiftskompensasjon for kommunesektoren. I Revidert nasjonalbudsjett 2016, jf. Innst. 400 S (2015–2016), uttala fleirtalet i finanskomiteen at dei føreset at «[…]samtlige skoler får kompensert for den tapte merverdiavgiftskompensasjonen som følge av praktiseringen av eksisterende regelverk. Kompensasjonen skal også gjelde for de krav og avkortninger som fremsettes inntil nytt regelverk er kommet på plass, og det forutsettes at et slikt nytt regelverk gjøres gjeldende fra 1. januar 2017».

I statsbudsjettet for 2017 vart føresetnadene til Stortinget fylgde opp ved at frittståande skular fekk auka statstilskot for vaksne elevar utan rett til vidaregåande opplæring. Samstundes fekk dei frittståande skulane òg rett til kompensasjon for meirverdiavgiftsutgifter for oppføring og drift av internatdelen til skulane. Av administrative omsyn vert det gjeve kompensasjon for elevar med og utan rett til vidaregåande opplæring for internatdelen.

I behandlinga av statsbudsjettet for 2017 fatta Stortinget eit oppmodingsvedtak (forslag nr. 14 til Prop. 1 LS (2016–2017) og Innst. 3 S (2016–2017)):

«Stortinget ber regjeringen sørge for at dekningen av friskolers merverdiavgiftsutgifter for voksne elever som ikke har rettskrav på videregående opplæring blir fullt ut kompensert gjennom forhøyet tilskuddssats fra 1. januar 2017.»

Den auka tilskotssatsen for dei frittståande skulane skulle dekkje meirverdiavgiftsutgiftene for drift av skulen knytte til elevar utan rett til vidaregåande opplæring. Meirverdiavgiftsutgifter for investeringar vert i dag ikkje dekte. For å dekkje dei fulle meirverdiavgiftsutgiftene i samband med både drift og investeringar for dei frittståande skulane, foreslår departementet å utvide ordninga for meirverdiavgiftskompensasjon til òg å omfatte opplæringa av elevar utan rett til vidaregåande opplæring ved frittståande skular. Administrative omsyn taler òg for ei slik utviding av ordninga for meirverdiavgiftskompensasjon. Samstundes foreslår regjeringa å reversere auken i tilskotssatsen.

Det er intensjonen til Stortinget at dei frittståande skulane skal få dekte meirverdiavgiftsutgiftene frå 1. januar 2017. Regjeringa foreslår difor at utvidinga av ordninga for meirverdiavgiftskompensasjon får verknad frå 1. januar 2017. Dei som har rett til kompensasjon etter utvidinga kan søkje om å få dekte meirverdiavgiftsutgifter frå den fyrste halvdelen av 2017 i påfølgjande skattemeldingar for meirverdiavgiftskompensasjon.

Det er anteke at framlegget om utviding av merverdiavgiftskompensasjonsloven medfører ein auke i kompensasjonsutbetalingar på til saman 12 mill. kroner påløpt og 10 mill. kroner bokført i 2017. Utvidinga vert dekt gjennom reduksjonar på budsjettet til Kunnskapsdepartementet, jf. Prop. 129 S (2016–2017) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2017.

Departementet viser til framlegg om endring av merverdiavgiftskompensasjonsloven § 2 fyrste ledd bokstav f og framlegg om ny bokstav g. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks, med verknad frå og med 1. januar 2017.

Til toppen
Til forsida av dokumentet