Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 130 LS (2016–2017)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

4 Skattelette til pensjonistar

4.1 Innleiing og samandrag

Regjeringa ynskjer at pensjonistar skal ha ei god inntekt å leve av. Regjeringa har auka grunnpensjonen til gifte og sambuande og auka minstepensjonen for einslege. Auka grunnpensjon til gifte og sambuande og auka minstepensjon for einslege bidreg til at minstepensjonistane får ei årleg auking i alderspensjon i 2017 som er høgare enn anslått prisvekst. Pensjonistane har i tillegg fått ei skattelette på om lag 2,5 mrd. kroner under denne regjeringa. Skatteletta utgjer om lag 3 000 kroner i gjennomsnitt per person. Om lag 80 pst. av dette er letter i formuesskatten. No ynskjer regjeringa å gje ei lette i inntektsskatten for alderspensjonistar. Regjeringa foreslår å auke satsen i minstefrådraget for pensjon med 2 prosenteiningar (frå 29 pst. til 31 pst.) og å auke øvre grense frå 75 000 kroner til 81 200 kroner. Skatteletta vil betre inntektsutviklinga for pensjonistar, ei utvikling som har vore god sett over ein lenger periode, sjølv om einskilde av pensjonistane, som mange andre grupper, har fått ein nedgang i realinntekta dei siste åra.

Departementet anslår at provenytapet ved å auke minstefrådraget er om lag 840 mill. kroner påløpt og 170 mill. kroner bokført i 2017.

Departementet viser til endringar i skatteloven § 6-32 fyrste ledd bokstav b og Stortingets skattevedtak for 2017 § 6-1 andre ledd, og foreslår at endringane tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2017.

4.2 Gjeldande rett

Alderspensjonistar vert i utgangspunktet skattlagde likt med andre personlege skattytarar. Viktige unntak fører likevel til at alderspensjonistar betaler mindre skatt enn lønstakarar. Trygdeavgifta på pensjon er lågare enn på løn. Satsane er 5,1 pst. på pensjon og 8,2 pst. på løn, jf. Stortingsvedtaket om avgifter til folketrygden for 2017. Det vert gjeve eit særskilt skattefrådrag for alderspensjonistar, jf. skatteloven § 16-1 og Stortingets skattevedtak for 2017 § 6-5. Frådraget medfører at det ikkje vert betalt skatt av ein pensjon tilsvarande minstepensjonsnivå. Over dette nivået vert det betalt mindre skatt av pensjon enn av løn. Frådraget vert gradvis minka mot pensjonsinntekt over minstepensjon, slik at differansen mellom skatt på pensjon og løn vert mindre når pensjonsinntekta aukar. I 2017 utgjer skattefrådraget maksimalt 29 940 kroner og vert gradvis minka med ein sats på 15,3 pst. av pensjonsinntekt mellom 188 700 og 284 350 kroner, og med ein sats på 6 pst. av pensjonsinntekt på 284 350 kroner eller høgare. Minstefrådraget er derimot noko lågare i pensjonsinntekt enn i løn. Minstefrådrag i pensjonsinntekt vert gjeve med 29 pst., men maksimalt 75 000 kroner, medan det i lønsinntekt vert gjeve med 44 pst. og maksimalt 94 750 kroner, jf. skatteloven § 6-32 og Stortingets skattevedtak for 2017 § 6-1.

4.3 Vurderingar og framlegg

Regjeringa ynskjer å gje ei skattelette fyrst og fremst til personar med pensjon som hovudinntekt. Regjeringa foreslår å auke satsen i minstefrådraget for pensjon med 2 prosenteiningar (frå 29 pst. til 31 pst.) og å auke øvre grense frå 75 000 kroner til 81 200 kroner. Ein auke i både satsen og øvre grense i minstefrådraget for pensjonsinntekt vil gje ei skattelette til alle pensjonistar som betaler skatt av pensjonen (dei som har ei pensjonsinntekt over om lag 190 500 kroner), og som ikkje har betydeleg lønsinntekt. Dei som allereie har minstefrådrag tilsvarande øvre grense for løn, vil ikkje få skattelette.

Det vert vist til framlegg til endringar i skatteloven § 6-32 fyrste ledd bokstav b og Stortingets skattevedtak for 2017 § 6-1 andre ledd.

4.4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Provenytapet ved å auke minstefrådraget er anslått til om lag 840 mill. kroner påløpt og 170 mill. kroner bokført i 2017. Den bokførte verknaden er lågare enn dersom endringa hadde vorte vedteken i samband med statsbudsjettet for 2017. Det kjem av at ein stor del av dei som får endra skatt, truleg ikkje vil endre skattekortet. Endringa vil dermed påverke forskotstrekket i mindre grad enn dersom ho hadde vorte vedteken før skattekorta for 2017 vart skrivne ut i desember 2016.

Framlegget har ikkje nemneverdige administrative konsekvensar.

4.5 Iverksetjing

Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2017.

Til toppen
Til forsida av dokumentet