Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 165 L (2016–2017)

Lov om våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon (våpenlova)

Til innhaldsliste

5 Føremål og definisjonar

5.1 Føremål

5.1.1 Gjeldande rett

Gjeldande våpenlov og forskrift har ikkje eigen føremålsparagraf. Etter Ot.prp. nr. 66 (1959–1960) s. 2, var siktemålet med lovframlegget å føre kontroll med skytevåpen og ammunisjon, slik at desse gjenstandane ikkje kom i hendene på personar som kan valde skade. Lovframlegget skulle på den andre sida ikkje skape urimelege ulemper for dei som har eit lovleg behov for å erverve og ha skytevåpen og ammunisjon.

I Ot.prp. nr. 21 (2000–2001) om lov om endringar i lov 9. juni 1961 nr. 1 om skytevåpen og ammunisjon mv. pkt. 1.2 var behovet for å førebygge ulovlege handlingar og ulykker med skytevåpen bakgrunnen for dei lovendringar som vart gjort. Dette syner at lovgjevar den seinare tid har lagt større vekt på behovet for betre kontroll med tilgangen til skytevåpen og ammunisjon, framfor den einskilde sin rett til å erverve og ha slike gjenstandar.

5.1.2 Våpenlovutvalet sitt framlegg

Våpenlovutvalet meiner at ein føremålsparagraf vil vere hensiktsmessig for å synleggjere dei hovudomsyn som lova bygger på. Utvalet gjer vidare gjeldande at ein slik paragraf vil sette rammene for forvaltingsskjønnet og gjere regelverket meir føreseieleg.

Utvalet meiner også at føremålsparagrafen bør framheve at det sentrale omsynet bak lova er å styrke samfunnstryggleiken. For å fremje dette hovudomsynet, meiner dei at føremålsparagrafen også bør nemne at lova skal tryggje ein effektiv kontroll med privat våpeninnehav. Utvalet syner vidare til den gode norske våpenkulturen og meiner at føremålsparagrafen bør spegle samfunnet sitt ønske om å oppretthalde denne.

5.1.3 Høyringsinstansane sitt syn

Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane Statsadvokatembeter støtter at ny våpenlov bør ha ein føremålsparagraf, og meiner denne gjev viktige rammer for forvaltingsskjønnet og kan medverke til større forståing for kvifor det vert gjort negative vedtak.

Politihøgskolen, Riksadvokaten, samt Hordaland, Rogaland og Troms politidistrikt, støttar framlegget til føremålsparagraf. Rogaland politidistrikt meiner at paragrafen i større grad bør syne at lova også skal tryggje fornuftige rammevilkår for den ansvarlege og lovlydige våpeneigar.

Dei jaktskyttar- og våpensamlarorganisasjonane som har gjeve fråsegn støttar framlegget om ein eigen føremålsparagraf. Nokre av organisasjonane meiner likevel at jakt og skytesporten si betyding for samfunnet bør framhevast.

5.1.4 Departementet sine merknader

Departementet syner til våpenlovutvalet si utgreiing om behovet for ein føremålsparagraf, og kan i hovudsak slutte seg til denne. Hensikta med ei slik føresegn er dels å få fram hovudomsynet bak lova, og dels å gje føringar for den nærare praktiseringa av regelverket. For å oppfylle denne hensikta må føremålsparagrafen vere tilstrekkeleg klår.

Departementet meiner at føremålsparagrafen kan gjerast kortare enn utvalet sitt framlegg. Hovudomsynet med lova må vere å tryggje samfunnet mot feil- eller misbruk av våpen. Omsynet til det offentlege sin kontroll med erverv og innehav av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon er naudsynt for å førebygge slike hendingar, og treng etter departementet sitt syn ikkje nemnast særskilt. Vidare meiner departementet at den gode jakt- og skyttarkulturen i stor grad medverkar til at vi har høvesvis få negative hendingar med lovlege skytevåpen. Denne kulturen er i stor grad tufta på at skytevåpen er reiskap for utøving av jakt, skytesport og samling framfor å vere valdsprodukt. Departementet meiner difor at hovudomsynet med lova også femnar om det å skulle verne og utvikle denne gode kulturen for bruk av skytevåpen.

Departementet meiner vidare at det ikkje er grunn til formålsfeste den einskilde sin rett til å erverve og ha skytevåpen. Det følgjer av etablerte rettsprinsipp for inngrep mot private at politiet sin kontroll med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon må stå i høve til den risikoen som slike gjenstandar representerer. Departementet meiner difor at ei lovfesting av dette føremålet ikkje får sjølvstendig betyding. Ved at føremålsparagrafen berre omtalar tryggingsmessige forhold kjem det klart fram at behovet for samfunnstryggleik ved motstrid skal gå føre den einskilde sitt behov for skytevåpen.

5.2 Definisjonar

5.2.1 Gjeldande rett

Gjeldande våpenlov definerer kva som etter lova vert rekna for skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, jf. våpenlova §§ 1, 2 og § 3. Etter våpenlova § 6 a kan det også gjevast forbod mot å importere, omsette eller eige nærare bestemte gjenstandar som ikkje reknast for skytevåpen.

5.2.1.1 Skytevåpen

Våpenlova § 1 første ledd bokstav a til c reknar opp kva våpen som i utgangspunktet vert rekna for skytevåpen. Etter bokstav a vert våpen «[…] som med ladning av krutt eller annet drivmiddel, eller ved en mekanisk innretning kan skyte ut kuler, hagl eller andre prosjektiler […]» rekna for skytevåpen.

Etter første ledd bokstav b og c vert også andre gjenstandar som kan skyte eller sende ut nærare bestemte substansar, eller som lett kan gjerast om til slike gjenstandar, omfatta av lova sitt verkeområde.

Våpenlova § 1 andre ledd avgrensar verkeområdet i høve til definisjonen i første ledd. Etter andre ledd er skytevåpen som er gjort «[…] varig ubrukbart […]», og skytevåpen som på grunn av alder ikkje lenger kan brukast som skytevåpen og heller ikkje forholdsvis enkelt kan gjerast om til skytevåpen, unnateke frå lova sin definisjon av skytevåpen.

5.2.1.2 Våpendelar og ammunisjon

Etter våpenlova § 2 vert piper og låsekasse til skytevåpen rekna for våpendelar etter denne lova. I våpenforskrifta § 4 a gjevast det ein nærare definisjon av kva som reknast for låsekasse for ulike våpentypar og våpenkonstruksjonar, medan det i våpenforskrifta § 79 er gjeve ein nærare definisjon av nemninga «vital våpendel».

Våpenlova § 3 bokstav a til f definerer nærare kva som vert rekna for ammunisjon etter lova. Etter bokstav a vert komplette patroner rekna som ammunisjon. Det vil seie patroner med hylse, tennsats, krut og prosjektil. Prosjektil til avfyring eller utsending i gjenstandar som vert rekna for skytevåpen etter § 1, er også rekna for ammunisjon, jf. § 3 bokstav b.

Som ammunisjon reknast også hylse, som enten er satt i «[…] ladning eller tennmiddel.», jf. § 3 bokstav c. Det vil i praksis seie hylser med tennhette eller hylser som er fylt med krut eller anna drivmiddel. Bokstav d og e omfattar ulike typar gjenstandar, som er utstyrt med eksplosiv innretning for enten å sprenge, spreie gass, splintar eller lys. Bokstav f omfattar gift eller tåregassar til bruk i skytevåpen eller ammunisjon.

5.3 Internasjonale rammer

FN sin våpenprotokoll

I artikkel 3 er det gjeve definisjonar av sentrale omgrep i protokollen slik som skytevåpen, våpendeler og ammunisjon.

EU sitt våpendirektiv

Artikkel 1 fastset definisjonar av sentrale omgrep i direktivet. Definisjonane av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon samsvarar i hovudsak med FN sin våpenprotokoll artikkel 3. I tillegg er det gjeve ein definisjon av vital våpendel («essential component«), som omfattar låskasse, kammer og pipe på skytevåpen. Definisjon av våpenhandlar («dealer») i artikkel 1 nr. 2 omfattar fysiske eller juridiske personar som driv kommersiell framstilling, handel, utveksling, utleige, reparasjon eller ombygging av skytevåpen. Våpenmeklar («broker») er definert som person som ikkje er våpenhandlar, men som driv kommersiell handel eller overføring av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon.

I det reviderte EU-våpendirektiv artikkel 1 nr. 1 til 12 er det gjeve fleire nye definisjonar av sentrale omgrep i direktivet, samt at nokre av dei gjeldande definisjonane er modifisert. Artikkel 1 nr. 2 gjev ein vidare definisjon av kva som reknast for vital våpendel slik at denne definisjonen også omfattar rammestykke, sleide, sylinder, samt sluttstykke eller låseblokk til skytevåpen.

Vidare er det i artikkel 1 nr. 4 og 5 gjeve særskilte definisjonar av våpentypar som er laga for å skyte ammunisjon utan prosjektil. Med «alarm and signal weapons» reknast skytevåpen som er laga for berre å kunne skyte ammunisjon utan prosjektil (såkalla lausammunisjon, gasspatroner eller signalpatroner) og som ikkje kan gjerast om til å skyte annan ammunisjon. Omgrepa «salute and acoustic weapons» definerast som funksjonelle skytevåpen som er omgjort til å berre kunne skyte ammunisjon utan prosjektil (såkalla lausammunisjon).

I artikkel 1 nr. 6, 7 og 8 er det gjeve særskilte definisjonar av kva som reknast for deaktiverte skytevåpen, museum og våpensamlar, som i hovudsak samsvarar med definisjonen av dei tilsvarande omgrepa i våpenforskrifta §§ 1, 16 og § 21.

5.4 Våpenlovutvalet sitt framlegg

Våpenlovutvalet tilrår at ny våpenlov lovfestar definisjonar av sentrale omgrep i lova. Dette for å gjere regelverket enklare å forstå og for å klargjere lova sitt verkeområde. Definisjonane av sentrale omgrep står i lovutkastet § 3.

Utvalet føreslår å vidareføre skiljet mellom våpen og skytevåpen, slik at det kjem tydeleg fram at våpenlova også kan gjelde for andre gjenstandar enn dei som vert rekna for skytevåpen. Reglane om våpen som ikkje reknast for skytevåpen er føreslått vidareført. Utvalet sitt framlegg til definisjon av skytevåpen er i hovudsak ei vidareføring av gjeldande våpenlov § 1. Definisjonen er likevel gjort noko vidare. For å møte den teknologiske utviklinga er gjenstandar som kan skyte pilar eller stråling også omfatta av definisjonen. Vidare er deaktiverte skytevåpen også rekna for skytevåpen. Den nærare definisjonen av kva som reknast for deaktiverte skytevåpen følgjer av utkastet § 3 nr. 9, og er ei vidareføring av gjeldande regelverk. Utvalet sitt framlegg til endring av lova sitt saklege verkeområde vert nærare omtala under punkt 6.1.5.

Utvalet føreslår å vidareføre gjeldande avgrensing mot skytevåpen som grunna alder eller konstruksjon ikkje er rekna for, eller lenger kan brukast som skytevåpen, jf. utkastet § 3 nr. 2 bokstav e. Vidare føreslår utvalet å utvide definisjonen av våpendelar, slik at denne omfattar alle typar delar eller komponentar som er særskilt konstruert for eit skytevåpen, jf. utkastet § 3 nr. 3. Den vide definisjonen av våpendel gjer at utvalet føreslår ein særskilt definisjon av registreringspliktige våpendelar. Denne definisjonen vidareførar i hovudsak gjeldande definisjon i våpenlova § 2, men slik at boksmagasin med kapasitet på meir enn ti patroner for rifler og hagler og over 20 patroner for pistol reknast som registreringspliktig våpendel.

Vidare føreslår utvalet å innføre ein definisjon av kva som reknast for vital våpendel. Denne er ei vidareføring av gjeldande våpenforskrift § 79. Kva som reknast for vital del avheng såleis av skytevåpenet sin konstruksjon og verkemåte.

Utvalet føreslår å føre vidare gjeldande definisjon i våpenlova § 3 om kva som reknast for ammunisjon i utkastet § 3 nr. 6. I lovutkastet er våpenforskrifta § 44 fjerde ledd sin definisjon av tilverking teke inn i § 3 nr. 7, men slik at gjenstandar som vert omfatta av lov 14. juni 1974 nr. 39 om eksplosive varer og lov 14. juni 2002 nr. 20 om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff og om brannvesenets redningsoppgaver (brann- og eksplosjonsvernloven) vert halden utanfor lova sitt verkeområde. Reparasjon og deaktivering er nærare definert i lovutkastet § 3 nr. 8 og 9. Desse omgrepa er ei vidareføring av våpenforskrifta § 44 fjerde ledd og våpenforskrifta § 1 tredje ledd. Utvalet føreslår til sist å fastsette legaldefinisjonar av kven som reknast for våpenhandlar, våpenutleigar, våpenmeklar og våpentilverkar. Dette vil vere personar som etter våpenlova har løyve til å drive desse formene for næringsverksemd med gjenstandar som er omfatta av lova.

5.4.1 Høyringsinstansane sitt syn

Kripos meiner det er ulemper knytt til det å skilje ut skytevåpen ut frå konstruksjonstidspunkt. For mange av dei skytevåpna som i dag er friteke frå løyveplikt grunna alder kan det enkelt skaffast ammunisjon. Vidare kan det vere krevjande å fastsette når eit skytevåpen vart konstruert. Kripos nemner likevel at alder er nytta som avgrensing i andre land sitt regelverk og at framlegget harmonerer godt med dette. Når det gjeld lovutkastet § 3 nr. 4 meiner Kripos at det ikkje er hensiktsmessig å innføre registreringsplikt på boksmagasin. Om ei slik ordning likevel skal innførast, syner Kripos til at nemninga «boksmagasin» er lite dekkande, då trommelmagasin vil vere unnateke frå definisjonen.

Kripos meiner vidare at definisjonen i lovutkastet § 3 nr. 5 ikkje er treffande, då avgrensinga av vital del for haglegevær og einskilde rifler med enkeltskotlading bør knytast til om våpenet vert spent ved såkalla brekking (opning av våpenet sin låsemekanisme) og ikkje at den vert lada ved brekking. Kripos meiner også at definisjonen i lovutkastet § 3 nr. 9 av deaktiverte skytevåpen bør gjerast om, då alle våpen i prinsippet kan reaktiverast, samt at tilvisinga til kva delar som skal gjerast ubrukeleg er lite presis.

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) meiner at våpenlova sin definisjon av ammunisjon bør omfatte krut og tennmiddel, slik at regelverket overlappar brann- og eksplosjonsvernlova sine reglar for erverv og innehav av slike gjenstandar. Den nærare avgrensinga mellom desse lovene bør etter DSB sitt syn leggjast til forskrift.

5.4.2 Departementet sine merknader

Departementet er samd med våpenlovutvalet i at ei føresegn som definerer sentrale omgrep i lova gjer regelverket betre tilgjengeleg. Ei lovfesting av definisjonar gjer det likevel krevjande å oppdatere regelverket. Sjølv om hovudtrekka i den våpentekniske utviklinga har lege fast sidan slutten av 1800-talet, skjer det nyvinningar som skyv på dei tradisjonelle oppfatningane av kva som reknast for skytevåpen, våpendelar og ammunisjon.

Eit døme på dette kan vere rifler med sluttstykke som låser direkte i pipa. Nokre av desse modellane er konstruert utan nokon låskasse i tradisjonell forstand, men der nokre av funksjonane til ei tradisjonell låskasse er integrert i skjeftet. Dette syner at gjeldande regelverk sine definisjonar av løyvepliktige våpendelar ikkje er tilpassa våpentekniske nyvinningar.

Ved at utstyr for tilverking av skytevåpen i større grad vert tilgjengeleg for ålmenta gjennom 3D-teknologien, kan det tenkast at denne utviklinga vil akselerere. Difor er det viktig å utforme regelverket slik at det enkelt kan tilpassast endringar i den teknologiske utviklinga. Ved sida av reint våpentekniske forhold, kan det også vere regelteknisk uheldig å gje for detaljerte skildringar av omgrep som har eit meir ålmenngyldig innhald.

Departementet ser det difor som hensiktsmessig å avgrense legaldefinisjonane i lovframlegget § 2 til dei definisjonar som er naudsynt for å definere lova sitt saklege verkeområde. Departementet ser at dette kan gjere lova mindre utfyllande, men meiner at omsynet til eit meir fleksibelt regelverk veg opp for denne ulempa. For å bøte på denne ulempa tilrår departementet å fastsette forskriftsheimlar til å fastsette definisjonar av omgrep som ikkje er omtala i lova, sjå lovframlegget § 41 nr. 1.

Derimot er definisjon av omgrepet «skytevåpen» gjort vidare enn våpenlovutvalet sitt utkast. Grunnen til dette er todelt. For det første må definisjonen tilpassast regelverket til EU sitt våpendirektiv, slik at lova også skal gjelde for gjenstandar som kan skyte ammunisjon utan prosjektil (såkalla lausammunisjon). For det andre bør definisjonen gjerast så teknologinøytral at den femnar om gjenstandar som kan skyte eller sende ut prosjektil, stoff eller substansar uavhengig av kva innretning som kravst for å skyte med gjenstanden.

Departementet sitt framlegg til definisjon av ammunisjon er gjort noko vidare enn utvalet sitt utkast. Bakgrunnen er å klargjere at også komponentar som drivmiddel og tennmiddel omfattast av lova. Ein slik definisjon vil tryggje at det ikkje oppstår lovmessige tomrom mellom dei ulike lovene som regulerer tilgang, handtering og bruk av slike eksplosive stoff. Den nærare harmoniseringa av dei ulike regelverka vert lagt til forskrift.

I departementet sitt lovframlegg er det ikkje gjeve nokon særskilte definisjon av deaktiverte skytevåpen, men det gjevast ei tilvising til reglane i lovframlegget § 27 som regulerer når eit våpen skal reknast for deaktivert. Departementet tilrår heller ikkje å lovfeste særskilte definisjonar av dei ulike formene for næringsverksemd som etter lovframlegget vil krevje særskilt løyve frå politiet. Desse definisjonane gjeld meir ålmenngyldige forhold, som etter departementet sitt syn ikkje krev nokon særskilt definisjon for å kunne gjerast tilstrekkeleg klår.

Til toppen
Til forsida av dokumentet