Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 165 L (2016–2017)

Lov om våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon (våpenlova)

Til innhaldsliste

7 Kva våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon som skal kunne ervervast

7.1 Kva erverv av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon som krev løyve frå politiet

7.1.1 Gjeldande rett

Etter våpenlova § 7 første ledd må personar som skal erverve skytevåpen eller våpendelar ha løyve frå politiet. Vidare er det i våpenlova § 8 sett krav til løyve for å eige eller å ha skytevåpen. Nærare bestemte skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, medrekna deaktiverte skytevåpen, er heilt eller delvis unnateke frå lova sitt verkeområde og er ikkje løyvepliktig etter §§ 7 og 8, jf. våpenlova § 1 andre ledd, § 5 og våpenforskrifta § 1. Vidare er det heller ikkje krav om løyve for å ha glattbora haglevåpen med enkeltskotlading, samt løyvepliktige luft- og fjørvåpen, som er erverva før 1. oktober 1990, jf. forskrift 24. august 1990 nr. 688 om ikrafttredelse av lov av 9. mars 1990 nr. 4 om endring i lov 9. juni 1961 nr. 1 om skytevåpen og ammunisjon m.v.

Erverv av ammunisjon krev enten løyve frå politiet eller at vedkomande har lovleg tilkomst til eit skytevåpen som ammunisjonen kan brukast i, jf. våpenlova §§ 13 og 14 og våpenforskrifta § 31. Kva gjenstandar som reknast for skytevåpen, våpendelar og ammunisjon er nærare omtala i punkt 5.2.1.

7.1.2 Internasjonale rammer

Etter EU sitt våpendirektiv artikkel 7 og 10, jf. vedlegg I, skal medlemsstatane syte for at erverv og innehav av nærare bestemte skytevåpen, våpendelar og ammunisjon krev løyve frå styresmaktene. Kva skytevåpen som er omfatta av dette løyvekravet er nærare skildra i vedlegg I til direktivet, og omfattar mellom anna pistol, revolver, halvautomatiske våpen med lause magasin, samt pipe og låsekasse til våpentypar som er undergjeve løyveplikt.

For andre våpentypar er det i artikkel 8 nr. 1, jf. vedlegg I, sett krav om at medlemsstatane skal etablere ordningar med registreringsplikt, noko som betyr at den som ervervar eller har slike skytevåpen må registrere ervervet eller innehavet hjå politiet, men utan at det kravst noko særskilt løyve. Etter vedlegg I til våpendirektivet er glattbora haglevåpen med enkeltskotlading unnateke frå kravet til registreringsplikt, men slik at medlemsstatane likevel skal syte for å ha kontroll med kven som har slike skytevåpen som er erverva etter 28. juli 2010, jf. artikkel 4 nr. 5.

I det reviderte våpendirektivet er definisjonen av vital våpendel («essential component») i artikkel 1 nr. 2 gjeve eit vidare verkeområde, slik at fleire våpendelar omfattast av løyveplikta etter artikkel 7. Vidare er det i artikkel 8 nr. 1, jf. vedlegg I, sett krav om registreringsplikt for deaktiverte skytevåpen og glattbora haglevåpen med enkeltskotlading, samt at skytevåpen som er omgjort til berre å kunne skyte ammunisjon utan prosjektil skal reknast i den kategori som skytevåpenet var klassifisert i før omgjeringa.

Etter det reviderte våpendirektivet gjeld kravet til registreringsplikt for deaktiverte våpen for våpen som er deaktivert i samsvar med EU sin gjennomføringsforordning EU 2015/2403, samt at kravet til registreringsplikt for glattbora hagler med enkeltskotlading gjeld for våpen som er lagt ut for sal frå 14. september 2018, jf. vedlegg I punkt IV i det reviderte våpendirektivet. Medlemsstatane skal gjennomføre dei nye krav til registreringsplikt innan 14. mars 2021, jf. vedlegg II artikkel 2 nr. 4.

Det reviderte våpendirektivet artikkel 5b sett også krav til at medlemsstatane skal etablere ordningar med kontroll av kjøpar sin identitet ved distansehandel av løyve- eller registreringspliktige skytevåpen, våpendelar og ammunisjon. Ved slik handel skal enten ein godkjent våpenhandlar eller ein representant frå styresmaktene kontrollere kjøpar sin identitet og at vedkomande har løyve før gjenstanden overleverast kjøpar.

7.1.3 Våpenlovutvalet sitt framlegg

7.1.3.1 Erverv av skytevåpen

Våpenlovutvalet føreslår i hovudsak å vidareføre gjeldande rett. Utvalet føreslår likevel som noko nytt å innføre eit krav til løyve for deaktiverte våpen, og at desse også registrerast i våpenregisteret. Utvalet meiner at reglane for å kunne erverve og ha deaktiverte skytevåpen bør vere lik dei som gjeld for funksjonelle skytevåpen, men slik at ervervar ikkje treng dokumentere eit særskilt behov, samt at reglane for oppbevaring og transport gjerast mindre strenge. Utvalet meiner at krav om løyve og registrering også bør gjelde for våpen som allereie er deaktiverte.

7.1.3.2 Erverv av våpendelar og ammunisjon

Våpenlovutvalet føreslår å vidareføre gjeldande reglar om krav til løyve- og registreringsplikt for å kunne erverve og ha piper og låskasser til skytevåpen.

Eit fleirtal føreslår å innføre løyveplikt for våpenmagasin med kapasitet på over 10 patroner for tohandsskytevåpen (rifler og hagler) og 20 patroner for pistol og at våpenmagasin skal registrerast i våpenregisteret. Denne løyveplikta skal gjere at berre personar som har eit sakleg behov skal kunne erverve slike våpenmagasin. Fleirtalet grunngjev framlegget med at våpenmagasin i monaleg grad aukar skadepotensiale til skytevåpen og at det difor er viktig å føre kontroll med kven som har tilgang til slike våpenmagasin.

Mindretalet er samd med fleirtalet i at våpenmagasin med stor patronkapasitet gjev skytevåpen eit særskilt stort skadepotensiale. Mindretalet meiner at eit krav om løyve for erverv av slike våpenmagasin vil vere uråd å gjennomføre og tilrår å innføre eit forbod mot å erverve eller å ha lause våpenmagasin med større patronkapasitet enn seks for tohandsskytevåpen (hagler og rifler) og 18 for pistol. Utvalet føreslår til sist å lovfeste gjeldande reglar for løyve til erverv av ammunisjon utan materielle endringar.

7.1.4 Høyringsinstansane sitt syn

7.1.4.1 Erverv av skytevåpen

Oslo politidistrikt reknar med at framlegget om å innføre løyve- og registreringsplikt på deaktiverte skytevåpen vil vere særs ressurskrevjande og at det eventuelt bør vurderast kva følgjer innehav av uregistrerte deaktiverte skytevåpen skal ha. Distriktet meiner at betre kontroll med innførsel av deaktiverte skytevåpen vil kunne vere eit alternativ til registreringsplikt. Kripos og Hordaland politidistrikt gjev uttrykk for liknande synspunkt.

Vestoppland politidistrikt støttar framlegget om å innføre løyve- og registreringsplikt for deaktiverte skytevåpen.

Norges Jeger- og Fiskerforbund meiner at ei løyve- og registreringsplikt berre bør gjelde for deaktiverte skytevåpen som opphavleg har vore heil- eller halvautomatiske. Forbundet syner vidare til at framlegget vil vere kostnadskrevjande, og at ei ordning med kontroll av kven som kan erverve slike gjenstandar vil gje ein meir ressurseffektiv kontroll. Norsk Våpenhistorisk Selskap gjev uttrykk for liknande synspunkt.

Norske Reserveoffiserers Forbund meiner at framlegget om løyve- og registreringsplikt for deaktiverte skytevåpen ikkje i nemnande grad vil betre samfunnstryggleiken.

7.1.4.2 Erverv av våpendelar og ammunisjon

Politidirektoratet syner til at våpenmagasin med stor patronkapasitet er fritt tilgjengeleg i våre naboland og over internett, og meiner at framlegget om løyve- og registreringsplikt ikkje vil vere eigna til å avgrense skadepotensiale til halvautomatiske skytevåpen.

Kripos syner til at våpenmagasin med stor patronkapasitet finst i eit stort tal, og at slike magasin snøgt vert slitne ut. Kripos meiner difor at det vil være nær uråd å gjennomføre eit krav om løyve- og registreringsplikt på slike magasin. Vidare synast det til at slike magasin fritt kan ervervast frå andre land, og at framlegget difor ikkje vil ha nokon nemnande betyding for samfunnstryggleiken. Kripos tilrår at det ikkje vert innført nokon kontroll med våpenmagasin, men meiner at ein eventuell kontroll bør gjerast ved å gje personar som har eit sakleg behov for våpenmagasin med stor patronkapasitet eit generelt løyve til å erverve og ha slike gjenstandar. Rogaland og Troms politidistrikt, samt dei jakt-, skyttar- og våpensamleforeiningar som har gjeve fråsegn uttrykkar tilsvarande synspunkt.

Ingen av høyringsinstansane har fremja motsegner mot våpenlovutvalet sitt framlegg til reglar om erverv av ammunisjon.

7.1.5 Departementet sine merknader

7.1.5.1 Erverv av skytevåpen

Departementet er samd med våpenlovutvalet i at gjeldande ordning om krav til løyve for å kunne erverve og ha skytevåpen bør vidareførast, sjå lovframlegget § 5 første ledd. Departementet er vidare samd med utvalet i at kontrollen med deaktiverte skytevåpen må styrkast, men finn ikkje grunn til å innføre løyveplikt for deaktiverte skytevåpen.

Skytevåpen som er deaktivert på lovleg måte har eit vesentleg lågare skadepotensiale enn funksjonelle skytevåpen. Dette gjeld særleg etter at det er innført strengare tekniske krav for deaktivering i 2016. Dei strenge krav til deaktivering tilseier at det ikkje er behov for like streng kontroll med kven som ervervar og har deaktiverte skytevåpen. Som Kripos og Oslo politidistrikt framhevar i sine høyringsfråsegner vil det vere særs ressurskrevjande å innføre løyveplikt for å kunne erverve og ha deaktiverte skytevåpen. Departementet syner også til at EU sitt reviderte våpendirektiv ikkje fastset krav til løyveplikt for deaktiverte skytevåpen og tilrår at det berre vert fastsett reglar om registreringsplikt. Ei registreringsplikt vil bety at den som skal erverve deaktiverte skytevåpen må registrere våpenet hjå politiet, som førar opplysningane om våpenet og dei som ervervar gjenstanden i det sentrale våpenregisteret.

Departementet vil framheve at sjølv om det ikkje kravst løyve for å kunne ha deaktiverte skytevåpen, vil politiet likevel kunne nekte personar å erverve og ha slike skytevåpen om vedkomande ikkje oppfyller dei personlege vilkåra for våpenløyve, sjå lovframlegget § 31 andre ledd. Departementet reknar ei slik ordning som tilstrekkeleg for å førebygge mogelege skadeverknader knytta til innehav av denne våpentypen.

Departementet tilrår å fastsette dei nærare reglane om registreringsplikt i forskrift, sjå lovframlegget § 5 tredje ledd.

Som nemnt i punkt 7.1.2 siste avsnitt set EU sitt reviderte våpendirektiv artikkel 5b krav til kontroll av løyve og identitet ved distansehandel. Departementet tilrår å fastsette ein forskriftsheimel som gjennomfører kravet, sjå lovframlegget § 41 nr. 4.

7.1.5.2 Erverv av våpendelar og ammunisjon

Departementet sluttar seg til våpenlovutvalet sitt syn om at ordninga med løyveplikt for nærare bestemte våpendelar bør vidareførast. Departementet meiner likevel at den våpentekniske utviklinga gjer det naudsynt å kunne fastsette reglar om løyveplikt for andre våpendelar enn pipe og låskasse. Det synast her mellom anna til at einskilde våpenkonstruksjonar er laga utan nokon tradisjonell låskasse. Departementet tilrår difor at den nærare reguleringa av kva våpendelar som skal vere løyvepliktige vert lagt til forskrift, sjå lovframlegget § 6 tredje ledd.

Departementet tilrår å innføre ein forskriftsheimel til å kunne innføre registreringsplikt utan krav om særskilt løyve for erverv av nærare bestemte våpendelar. Denne ordninga vert i dag praktisert for erverv av nye piper for rifler der eigaren vil behalde den gamle pipa. Ein regel om registreringsplikt utan krav til særskilt løyve gjev politiet god kontroll med omsetnaden av våpendelar samstundes som den er mindre ressurskrevjande enn eit krav om løyveplikt. Regelen vil også kunne gjennomføre dei krav som EU sitt våpendirektiv set for kontroll med nærare bestemte våpendelar. Politiet vil kunne nekte personar å ha registreringspliktige våpendelar om vedkomande ikkje oppfyller dei personlege vilkåra for våpenløyve, sjå lovframlegget § 31 andre ledd.

Når det gjeld spørsmålet om å innføre løyveplikt på våpenmagasin, syner departementet til dei motsegner til denne ordninga som er kome i høyringa. Ingen av høyringsinstansane har ytra ønske om å vidareføre fleirtalet i utvalet sitt framlegg på dette punktet. Mellom anna Politidirektoratet og Kripos syner til at framlegget vil vere særs krevjande å gjennomføre, samt at tiltaket vil vere lite eigna til å førebygge uønskte hendingar med skytevåpen. Manglande krav til merking, og det at våpenmagasin må bytast ofte, gjer det også i praksis uråd å gjennomføre ei løyve- og registreringsplikt. Departementet er samde i desse motsegnene og følgjer ikkje opp fleirtalet i utvalet sitt framlegg om å innføre løyveplikt for våpenmagasin. Sjå også omtale i punkt 7.2.5.2.

Departementet sluttar seg til utvalet sitt framlegg om å vidareføre reglane om krav til løyve for erverv av ammunisjon, og syner også til at det ikkje har kome motsegner mot framlegget i høyringa. Regelen står i lovframlegget § 7.

Departementet tilrår til sist å gje ein forskriftsheimel til å fastsette krav til kontroll av løyve og identitet ved distansehandel, som gjennomfører kravet i EU sitt våpendirektiv artikkel 5b, sjå lovframlegget § 41 nr. 4.

7.2 Forbodne og tillatne våpen, skytevåpen, våpendeler og ammunisjon

7.2.1 Gjeldande rett

Våpenlova set ikkje forbod mot erverv av særskilte våpen skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon, men Kongen kan i medhald av våpenlova § 6 a gje forbod mot å importere, omsette eller eige nærare bestemte våpen, skytevåpen og ammunisjon. Våpenforskrifta kapittel 2 set forbod mot å erverve krigsvåpen, heilautomatiske skytevåpen, skytevåpen som er kamuflert som ein annan gjenstand, nærare bestemte ammunisjonstypar og våpen som ikkje reknast for skytevåpen. Politidirektoratet har i medhald av våpenforskrifta § 7 andre ledd fastsett ei særskilt forskrift om tillatne halvautomatiske skytevåpen, samt forbod mot nærare bestemte skytevåpen (Forskrift 9. september 2011 nr. 930 om forbudte skytevåpen og godkjente halvautomatiske skytevåpen).

For erverv til samling kan Politidirektoratet på særskilte vilkår gje fritak frå våpenforskrifta sine forbod, jf. våpenforskrifta § 16 fjerde ledd. Under føresetnad av at desse vilkåra er oppfylte kan det såleis ervervast skytevåpen til samling som ikkje er tillatne til jakt eller sportsskyting, slik som maskinpistolar og andre heilautomatiske skytevåpen. Etter våpenforskrifta § 53 og § 54 kan Politidirektoratet gje fritak frå forboda mot innførsel av nærare bestemte våpen som ikkje reknast som skytevåpen, samt frå forboda mot innførsel av nærare bestemte skytevåpen og ammunisjon. Denne fritaksheimelen har vore praktisert slik at den også kan gje fritak frå forboda mot å erverve og ha nærare bestemte våpen, skytevåpen og ammunisjon.

Til sist er det i våpenforskrifta § 23 a gjeve ein særskilt fritaksregel for erverv av nærare bestemte våpentypar til vern mot piratåtak mot norskregistrerte skip som seglar sør for 46 grader nordleg breidde.

7.2.2 Internasjonale rammer

Etter EU sitt våpendirektiv artikkel 6 kan medlemsstatane berre unnataksvis gje løyve til å erverve og ha skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon i kategori A når slikt løyve ikkje strid mot omsynet til offentleg tryggleik og orden. Kva som reknast for skytevåpen og ammunisjon i kategori A er definert i vedlegg I til direktivet og omfattar tyngre militærvåpen slik som rakettar og liknande, heilautomatiske skytevåpen og skytevåpen kamuflert som annan gjenstand, samt låskasse, kammer og pipe til slike skytevåpen. Eksplosiv og brannstiftande ammunisjon, samt ekspanderande ammunisjon til pistol eller revolver reknast som ammunisjon i kategori A. For sistnemnte ammunisjonstype er det gjort unnatak for ammunisjon som brukast til jakt eller sportsskyting.

I det reviderte våpendirektivet gjevast det strengare reglar for kven som skal kunne erverve gjenstandar som nemnt i kategori A. Etter den nye artikkel 6 kan medlemsstatane berre gjere unnatak frå det generelle forbodet mot å gje løyve til erverv og innehav av skytevåpen og ammunisjon i kategori A til nærare bestemte føremål slik som museum, vern av skipsfart, våpensamlarar og liknande. For sportsskyttarar er det gjeve ein særskilt unnataksregel i artikkel 6 nr. 6 for erverv av halvautomatiske skytevåpen med stor eldkraft, som mellom anna set krav til medlemsskap og aktivitet i godkjent skyttarforeining.

Vidare er definisjonen i vedlegg I av kva skytevåpen som omfattast av kategori A utvida slik at den også omfattar heilautomatiske skytevåpen som er gjort om til halvautomatisk funksjon, halvautomatiske tohandsskytevåpen (hagler og rifler) med kortare totallengde enn 60 centimeter, halvautomatiske rifler og hagler som kan ladast med meir enn 11 patroner, samt pistolar som kan ladast med meir enn 21 patroner. For skytevåpen med lause magasin er det patronkapasiteten til magasinet som avgjer kva kategori våpenet skal reknast i. Dette betyr at direktivet ikkje set forbod mot halvautomatiske skytevåpen med lause magasin så lenge det brukast magasin med lovleg patronkapasitet. Forbodet mot halvautomatiske skytevåpen med større magasinkapasitet enn 10 eller 20 gjeld ikkje for halvautomatiske skytevåpen som er konstruert for å bruke randtenningspatroner, noko som mellom anna betyr at skytevåpen i kaliber .22 Long Rifle ikkje omfattast av dette forbodet.

Etter vedlegg I til det reviderte våpendirektivet skal funksjonelle skytevåpen som byggast om til berre å kunne skyte lausammunisjon, eller annan ammunisjon utan prosjektil, framleis vere i den kategorien dei var i før omgjeringa. Dette betyr at skytevåpen i kategori A som gjerast om til slike mindre farlege skytevåpen framleis er forbodne i medhald av direktivet.

Etter artikkel 7 nr. 4a i det reviderte våpendirektivet kan medlemsstatane bestemme at personar som hadde løyve til å ha halvautomatiske skytevåpen som før revisjonen var definert som kategori B, kan behalde skytevåpenet i medhald av det gjeldande våpenløyvet.

Etter artikkel 10 nr. 1 i det reviderte direktivet kan berre personar som har særskilt løyve etter artikkel 6 eller 7 nr 4a erverve og ha våpenmagasin for sentertente patroner med patronkapasitet større enn 10 for rifler eller hagler og 20 for pistol. Denne regelen gjeld både for våpenmagasin som er laga for bruk i halvautomatiske skytevåpen og våpenmagasin for skytevåpen med manuell lading. Vitale våpendelar som nemnt i artikkel 1 nr. 2 reknast i den kategorien som det skytevåpen som våpendelen er meint å skulle brukast i, jf. artikkel 1 nr. 2.

7.2.3 Våpenlovutvalet sitt framlegg

7.2.3.1 Forbodne og tillatne skytevåpen

Våpenlovutvalet føreslår å vidareføre gjeldande forbod mot skytevåpen som vanlegvis brukast som krigsvåpen, heilautomatiske skytevåpen og skytevåpen som er kamuflert som annan gjenstand, og at forboda mot desse våpentypane vert lovfesta. Utvalet meiner vidare at reglane for kva pistolar og halvautomatiske hagler som skal vere tillatne fungerer godt og at desse bør førast vidare, slik at desse våpentypane er tillatne med unnatak for nærare bestemte våpentypar som vert forbodne i forskrift.

Utvalet meiner vidare at halvautomatiske rifler bør vere forbodne med unnatak av våpentypar som er særskilt godkjent i forskrift, men er usamde i kva våpentypar som skal tillatast i forskrift.

Eit fleirtal føreslår at ny våpenlov set forbod mot halvautomatiske rifler som ikkje er særskilt tillatne i forskrift, og at det leggjast til forskriftsmynda å fastsette dei nærare vilkår for godkjenning av halvautomatiske rifler. Fleirtalet føreset at forskrifta vil gjerast så streng som det til ei kvar tid reknast for naudsynt og føreslår at det i forskriftsheimelen innførast eit forbod mot halvautomatiske rifler som på grunn av sin utforming eller verkemåte står fram som særleg farleg eller ikkje har noko aktverdig bruksområde. Fleirtalet meiner at mellom anna våpenet si skottakt, om våpenet er tilpassa lause magasin med stor patronkapasitet, og høvet til å kunne montere utstyr som lasersikte, bajonett med vidare bør vere sentrale moment i vurderinga av kva som skal vere lovlege halvautomatiske rifler. Dette betyr i praksis at våpenmodellar som opphavleg er konstruert for militæret eller politiet gjerast forbodne.

Eit mindretal sluttar seg til fleirtalet sitt framlegg for regulering av halvautomatiske skytevåpen generelt, men føreslår ein snevrare forskriftsheimel for kva halvautomatiske rifler som kan godkjennast i forskrift. Dei syner til at eldkrafta, og dermed skadepotensialet, til skytevåpen aukar ved bruk av lause magasin. Mindretalet tilrår difor at berre halvautomatiske rifler som har fast eller hengsla magasin som kan ladast med inntil seks patroner, skal kunne ervervast til jakt eller sportsskyting.

Eit samla utval tilrår å lovfeste ein generell fritaksheimel, slik at politiet på strenge vilkår skal kunne gje fritak frå forboda mot nærare bestemte våpentypar.

7.2.3.2 Forbodne og tillatne våpendelar og ammunisjon, og forbod mot våpen som ikkje er skytevåpen

Våpenlovutvalet føreslår å lovfeste ein heimel til å kunne gje forbod mot erverv, innehav, omsetnad, samt inn- eller utførsel av våpendelar som gjev skytevåpen eit særskilt skadepotensiale eller som saknar ein lovleg bruk.

Mindretalet føreslår som nemnt under punkt 7.1.3 å innføre eit generelt forbod mot å erverve eller å ha lause våpenmagasin med patronkapasitet på over 6 patroner for rifle og 18 patroner for pistol.

Utvalet føreslår å lovfeste forboda etter våpenforskrifta § 8 mot nærare bestemte ammunisjonstypar, men slik at politiet på strenge vilkåra skal kunne gje fritak frå forboda.

Utvalet føreslår til sist å lovfeste eit forbod mot nærare bestemte våpen som ikkje er skytevåpen, og føreslår at dei nærare reglane om slike våpen vert fastsett i forskrift.

7.2.4 Høyringsinstansane sitt syn

Dåverande Miljøverndepartementet (MD) ønskjer eit skarpare skilje mellom dei våpentypar som kan brukast til jakt og våpentypar som brukast av militæret eller politiet. MD meiner at eit generelt forbod mot å bruke heil- eller halvautomatiske jaktvåpen vil kunne vere eigna til å skape eit slikt skilje. MD legg til grunn at jegerar ikkje treng halvautomatiske rifler for å kunne drive jakt på lovleg måte og tilrår at denne våpentypen berre skal kunne ervervast til andre føremål enn jakt. Om dette synet ikkje får gjennomslag støttar MD mindretalet sitt syn på kva halvautomatiske rifler som skal kunne ervervast.

Politidirektoratet (POD) støttar mindretalet sitt framlegg om å gje eit generelt forbod mot halvautomatiske rifler med lause magasin eller som kan ladast med meir enn seks patroner. Dei politidistrikt som har gjeve fråsegn om spørsmålet gjev i hovudsak uttrykk for liknande synspunkt. Vestoppland politidistrikt meiner likevel at halvautomatiske rifler som vert nytta i foreiningar som støttar opp om Forsvaret si verksemd framleis bør vere tillatne.

Kripos meiner at halvautomatiske rifler bør regulerast på tilsvarande måte som halvautomatiske hagler og pistolar, slik at dei er generelt tillatne med unntak for våpentypar med nærare bestemte eigenskapar. Kripos synar til erfaringar knytt til godkjenning av slike våpen, og at det ikkje er forhold som gjev grunn for å regulere halvautomatiske rifler på nokon annan måte. Kripos meiner vidare at reglane om forbod mot einskilde ammunisjonstypar bør ha fritaksheimel for erverv til samling, og at dette vil redusere politiet sitt arbeid knytta til søknader om erverv av ammunisjon til dette føremålet.

Dynamisk Sportsskyting Norge (DSSN) understrekar at mindretalet sitt framlegg til regulering av halvautomatiske rifler betyr slutten for dei skytegreiner med rifle som forbundet administrerer, og at dette framlegget er urimeleg strengt. DSSN syner også til at fleirtalet sitt lovframlegg vil gjere dei våpenmodellar som nyttast til dynamisk sportsskyting forbodne, fordi desse våpenmodellane har høg skottakt og brukar lause magasin med stor patronkapasitet.

Norges Jeger- og Fiskerforbund meiner at gjeldande ordning for godkjenning av halvautomatiske jaktrifler bør vidareførast. Våpenrådet gjev uttrykk for tilsvarande synspunkt, og meiner i tillegg at halvautomatiske skytevåpen som er godkjent i anna EØS-land bør kunne godkjennast for bruk i Noreg utan krav til fysisk kontroll.

Norsk organisasjon for jegere og skyttere meiner at halvautomatiske rifler bør regulerast på tilsvarande måte som halvautomatiske hagler og pistolar, slik at dei er tillatne med unntak for nærare bestemte våpentypar. Vidare så tilrår organisasjonen mellom anna å presisere at ekspanderande pistol- og revolverammunisjon også bør kunne brukast til øvingsskyting.

Norske Reserveoffiserers Forbund meiner at eit eventuelt forbod mot nærare bestemte våpentyper må følgjast opp med reglar om utførsel som tryggjer at gjenstandane kan omsettast i marknader der slike våpentypar framleis er tillatne.

Norsk Våpenhistorisk Selskap (NVS) meiner at våpenforskrifta utan sakleg grunn og utan politisk handsaming har gjort det langt strengare å erverve heil- og halvautomatiske skytevåpen til samling. NVS meiner at dette gjer at våpen med til dømes krigshistorisk betyding vil kunne gå tapt for ettertida, og at det ikkje er forhold kring kriminalitetsutviklinga som gjev grunn til at Noreg skal ha strengare reglar for erverv til samling enn våre naboland. NVS meiner difor at det bør gjerast eit generelt unntak frå våpenlovgjevinga sine reglar om forbodne våpen, slik at godkjente våpensamlarar skal kunne erverve heil- og halvautomatiske skytevåpen. Vidare meiner NVS at eit forbod mot nærare bestemte våpendelar bør presiserast, slik at det gjeng klart fram kva våpendelar som er forbodne.

7.2.5 Departementet sine merknader

7.2.5.1 Forbodne og tillatne skytevåpen

Forbodne skytevåpen

Departementet tilrår i samsvar med våpenlovutvalet å vidareføre gjeldande forbod mot erverv av heilautomatiske skytevåpen, skytevåpen som vanlegvis brukast som krigsvåpen og skytevåpen som er kamuflert som annan gjenstand og at forboda vert lovfesta, sjå lovframlegget § 5 andre ledd nr. 1, 2, og 4.

Departementet tilrår også å vidareføre forskriftsheimelen i våpenlova § 6 a til å kunne forskriftsfeste forbod også mot andre våpentypar, men slik at det lovfestast kva omsyn som kan grunngje eit forbod, sjå lovframlegget § 5 andre ledd nr. 5. Denne forskriftsheimelen gjev høve til å kunne vidareføre gjeldande forbod mot skytevåpen i kaliber med særskilt skadepotensiale, forboda mot halvautomatiske hagler og pistolar med særskilt skadepotensiale, krav til minste pipelengde og totallengde for skytevåpen. Sidan skytevåpen er konstruert i eit utal modellar er det vanskeleg i ei lovtekst å femne om alle våpentypar med eit særskilt skadepotensiale. Den våpentekniske utviklinga gjer det også vanskeleg å føreseie kva våpentypar som vil kome til i framtida. Forskriftsheimelen vil difor også kunne gje forbod mot eventuelle andre våpentypar, med tilsvarande skadepotensiale som dei våpentypar som er særskilt forbodne etter lovframlegget § 5 andre ledd.

Særskilt om halvautomatiske rifler

Halvautomatiske rifler har grunna stor rekkevidde og eldkraft eit særskilt skadepotensiale ved feil- eller misbruk. Gjeldande reglar set ikkje særskilte vilkår for godkjenning av halvautomatiske rifler, ut over at våpentypen ikkje er produsert for eller enkelt kan gjerast om til å gje heilautomatisk eld. Departementet er samd med fleirtalet i utvalet i at våpenlova bør forby dei halvautomatiske riflene som grunna si utforming eller verkemåte har det største skadepotensialet, men tilrår å lovfeste kva våpentypar som skal vere omfatta av forbodet.

Når det gjeld spørsmålet om kva halvautomatiske rifler som skal vere tillatne, er nesten alle dei våpentypane som etter gjeldande regelverk er godkjent for jakt eller sportsskyting, konstruert for bruk av lause magasin. Mindretalet sitt framlegg om berre å tillate erverv av halvautomatiske rifler med fast eller hengsla magasin, vil difor i praksis gjere våpentypen forbode.

Halvautomatiske rifler er grunna sin låge rekyl og enklare ladning særleg eigna for jegerar og skyttarar med fysiske funksjonshemmingar. Eit absolutt forbod mot halvautomatiske rifler vil difor kunne vere eit stengsel for einskilde sin deltaking i jakt eller skytesport. Som utvalet syner til i punkt 14.2 er det også store skilnader i skadepotensialet til dei ulike halvautomatiske riflene. Departementet tilrår difor ikkje noko generelt forbod mot halvautomatiske rifler, og meiner at avgrensinga av tillatne våpentypar bør skje ut frå andre kriteria enn om dei brukar lause magasin.

Dei halvautomatiske rifler som har største skadepotensialet, er våpenmodellar som opphavleg er konstruert for militæret eller politiet, samt andre halvautomatiske våpen som opphavleg er konstruert for heilautomatisk funksjon. Slike våpenmodellar kan gje stor eldkraft med høg presisjon, og er laga for å vere enkle å bruke og vedlikehalde. Når slike eigenskapar koplast saman med moderne siktemiddel, kan også mindre trena skyttarar utløyse våpenet sitt fulle skadepotensiale. Vidare så er desse riflene som regel oppbygd slik at sivilproduserte modellar av denne våpentypen enkelt kan gjerast om til stridsvåpen, mellom anna fordi dei ofte er tilpassa bruk av militære standardmagasin med stor patronkapasitet. Misbruk av rifler som opphavleg er konstruert som stridsvåpen, vil difor ha større skadefølgjer enn ved misbruk av andre våpentypar.

Departementet tilrår difor at det vert lovfest eit generelt forbod mot å erverve og ha halvautomatiske rifler som opphavleg er konstruert for heilautomatisk funksjon, eller for militæret eller politiet. Departementet tilrår likevel at det gjevast nærare bestemte unnatak frå dette forbodet for mellom anna sportsskyttarar og våpensamlarar.

Skytevåpen har lang levetid, og om reglane ikkje får verknad for allereie tildelte løyve, vil slike våpen vere tilgjengeleg over lang tid. Ei slik løysing vil difor langt på veg undergrave verknaden av eit forbod. Departementet tilrår difor at forbodet også skal gjelde for allereie tildelte våpenløyve. Det vert tilrådd å fastsette overgangsreglar som legg til rette for at dei som har slike våpen får ein frist på tre år etter ikraftsetjing av denne lova, til å avhende dei våpen som er omfatta av forbodet, sjå lovframlegget § 43. Sjølv om våpenet ikkje lett kan omsettast i Noreg vil dei likevel kunne avhendast til land som framleis tillatar denne våpentypen. Dei våpen som ikkje vert avhenda innan fristen, må innleverast eller deaktiverast.

Eit absolutt forbod mot denne typen rifler vil gjere det uråd å konkurrere internasjonalt i skytesportar som krev bruk av halvautomatiske rifler med stor eldkraft. Desse skytesportane organiserer per i dag ein liten del av alle sportsskyttarar med rifle, men omfattar sportsskyttarar som konkurrerer på eit høgt internasjonalt nivå. Sjølv om eit forbod berre vil gjelde for eit fåtal sportsskyttarar, vil det få store følgjer for dei få som har lagt ned store ressursar i trening og utstyr for å konkurrere internasjonalt.

Departementet meiner difor at det bør lovfestast ein snever fritaksheimel med strenge krav til aktivitet og opplæring i godkjent skyttarforbund, sjå lovframlegget § 12 tredje ledd. Ved å sette slike krav vil denne fritaksheimelen berre gjelde for aktive konkurranseskyttarar. Denne fritaksheimelen vil også gjennomføre dei krav som EU sitt våpendirektiv artikkel 6 nr. 6 set for erverv av halvautomatiske våpen med stor magasinkapasitet til sportsskyting. Dei nærare vilkår for fritak vil verte fastsett i forskrift. Det vert i tillegg tilrådd å forskriftsfeste krav til kontroll med at dei som har eit særskilt løyve til å erverve og ha slike våpen, framleis oppfyller krav til mellom anna medlemsskap og aktivitet i godkjent skyttarforeining, sjå nærare om dette i punkt 8.4.4.2 og punkt 12.1.5.

Tillatne skytevåpen

Departementet tilrår som utvalet å vidareføre gjeldande reglar om at halvautomatiske hagler og pistolar er tillatne å erverve og ha, med unntak for våpentypar med nærare bestemte eigenskapar. Forboda mot dei halvautomatiske hagler og pistolar med særskilte eigenskapar, vil verte forskriftsfest i medhald av lovframlegget § 5 andre ledd nr. 5. Andre våpentypar enn dei som er særskilt nemnt ovanfor, og som er tillatne etter gjeldande rett, vil i utgangspunktet framleis vere tillatne.

Unnataksreglar for løyve til heil- og halvautomatiske våpen til våpensamling og andre ervervsgrunnlag

Utvalet har ikkje teke uttrykkeleg stilling til kva våpentypar som skal kunne ervervast til samling, ut over at det i lovutkastet er gjeve ein generell heimel til å kunne gje fritak frå forboda mot å erverve og ha særskilte våpentypar. Ingen av høyringsinstansane har tilrådd å fastsette strengare reglar for kva våpentypar som skal kunne ervervast til privat samling.

Våpensamlingar er ofte oppbygd over tid og kan ha stor økonomisk verde. Difor er det viktig å gje føreseielege reglar for kva skytevåpen som våpensamlarar kan erverve og ha. Departementet tilrår difor å lovfeste kva våpentypar som skal kunne ervervast til samling.

Etter gjeldande våpenforskrift kan våpensamlarar som over tid har drifta samlinga på ein tilfredsstillande måte, gjevast løyve til å erverve heil- eller halvautomatiske skytevåpen, som enten er spesielt sjeldan eller som har ein særskilt historisk verdi. Slike våpen vil normalt vere eit tillegg til ei større samling av skytevåpen med mindre skadepotensiale. På grunn av vanskar med å skaffe dokumentasjon kring opphavet og bruken til kvart einskild våpen, har regelen vorte praktisert slik at det er tilstrekkeleg å sannsynleggjere at det aktuelle våpenet kan ha vorte bruka i hendingar av særskilt historisk betyding.

Departementet meiner at våpensamlingar gjev eit viktig bidrag til å dokumentere forhold for ettertida, og at denne oppgåva ikkje kan berast av det offentlege åleine. Det offentlege er difor avhengig av private initiativ for å kunne verne om gjenstandar som kan dokumentere forhold av teknisk eller historisk betyding.

Omsynet til å kunne dokumentere krigshistoria og andre forhold av særskilt historisk betyding, tilseier difor at det framleis bør vere mogeleg å erverve både heil- og halvautomatiske våpen med vidare til privat samling, sjå lovframlegget § 13 andre ledd. Gjeldande praksis med å godkjenne erverv av slike våpen i einskildtilfelle, gjer at våpensamlarar normalt berre vil ha nokre få skytevåpen med særskilt stort skadepotensiale. Departementet meiner at gode rutinar for godkjenning av våpensamlarar og etterfølgjande kontroll med samlarane, samt strenge reglar for oppbevaring, vil kunne halde skaderisikoen på eit forsvarleg nivå. Det synast her også til omtalen under punkt 8.5.5.2.

I tillegg til våpensamling er det også behov for å kunne erverve automatvåpen til andre føremål. Etter gjeldande regelverk kan det mellom anna gjevast løyve til å erverve automatvåpen til vern mot piratåtak og til museum for utstillingsføremål. Departementet følgjer difor opp utvalet sitt framlegg om å lovfeste ein fritaksheimel frå forboda mot å erverve eller å ha særskilte våpentypar, sjå lovframlegget § 10.

7.2.5.2 Tillatne og forbodne våpendelar

Departementet støttar våpenlovutvalet sitt framlegg om å lovfeste ein heimel til å kunne gje forbod mot våpendelar som gjev skytevåpen særskilt farlege eigenskapar, eller som saknar ein lovleg bruk, sjå lovframlegget § 6 andre ledd. Departementet meiner at våpendelar som aukar skytevåpenet sin eldkraft eller rekkevidde ut over det lovlege behovet normalt vil oppfylle dette vilkåret. Døme på slike våpendelar vil kunne vere skjefte som gjer pistol eller revolver om til tohandsskytevåpen (hagler eller rifler). Denne forskriftsregelen vil også gjennomføre kravet i EU sitt våpendirektiv artikkel 10 nummer 1 om forbod mot å ha våpenmagasin med større patronkapasitet enn 10 for rifler eller hagler og 20 for pistol.

Eit forbod mot særskilte våpendelar vil vere straffesanksjonert, sjå omtalen i punkt 14.6. Reglane om kva våpendelar som skal vere forbodne må difor vere føreseielege og klare, slik at dei oppfyller krava til utforming av straffebod. Departementet meiner at eit generelt forbod mot våpendelar som har nærare bestemte eigenskapar ikkje gjev ei tilstrekkeleg presis gjerningsskildring til at regelen kan straffsanksjonerast. Til sist gjer også den teknologiske utviklinga det krevjande å lovfeste forbod mot nærare bestemte våpendelar. Departementet tilrår difor å forskriftsfeste kva våpendelar som skal vere forbodne, sjå lovframlegget § 6 tredje ledd.

7.2.5.3 Tillaten og forboden ammunisjon

Departementet sluttar seg til våpenlovutvalet sitt framlegg om å lovfeste dei gjeldande forboda mot nærare bestemte ammunisjonstypar, sjå lovframlegget § 7 tredje ledd. Departementet er vidare samd med utvalet i behovet for å fastsette unntaksreglar frå det generelle forbodet mot særskilte ammunisjonstypar, sjå lovframlegget § 10. Denne unnataksregelen vil mellom anna kunne femne om produsentar av ammunisjon til militær bruk. Vidare så tilrår departementet å fastsette ein særskilt unnataksregel for patronsamlarar, sjå lovframlegget § 13 tredje ledd og den nærare omtalen av unnataksregelen i punkt 8.5.5.2.

Departementet tilrår til sist å vidareføre gjeldande forskriftsheimel til også å kunne gje forbod mot andre ammunisjonstypar enn dei som er særskilt nemnt i våpenforskrifta, sjå lovframlegget § 7 tredje ledd nr. 3. Bakgrunnen for denne tilrådinga er at det finst ammunisjon med same skadepotensiale som dei som er særskilt forbode etter våpenforskrifta. Nokre døme på dette er ammunisjon i kaliber 12,7X99 (50BMG), som grunna si store rekkevidde og slagkraft har eit særskilt skadepotensiale utan at det er omfatta av dei generelle forboda, samt ammunisjon som kan trenge gjennom verneutstyr utan at dei reknast for panserbrytande etter gjeldande regelverk.

7.2.5.4 Forbod mot nærare bestemte våpen som ikkje er skytevåpen

Departementet er samd med våpenlovutvalet i at det bør lovfestast ein forskriftsheimel til å gje forbod mot nærare bestemte våpen som ikkje er skytevåpen og kan i hovudsak slutte seg til den grunngjeving utvalet har gjeve i si innstilling, sjå lovframlegget § 8. Departementet sluttar seg også til utvalet sitt framlegg om å lovfeste ein fritaksheimel frå dei generelle forboda mot dei våpen som vert forbodne i medhald av denne forskriftsregelen, sjå lovframlegget § 10.

Til toppen
Til forsida av dokumentet