Prop. 30 L (2018–2019)

Endringar i spesialisthelsetenestelova m.m. (avvikling av meldeordninga m.m.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Departementet foreslår å avvikle meldeordninga etter spesialisthelsetenestelova § 3-3. Departementet foreslår også lovendringar som legg til rette for at dødsfall og dødsårsak kan meldast elektronisk til høvesvis Folkeregisteret og Dødsårsaksregisteret. Departementet presiserer for ordens skuld at dette er to separate forslag. I tillegg foreslår departementet å rette opp nokon tekniske feil.

1.1 Avvikling av meldeordninga etter spesialisthelsetenestelova § 3-3

Departementet foreslår å avvikle meldeordninga etter spesialisthelsetenestelova § 3-3. Føresegna seier at helseinstitusjonar som er omfatta av spesialisthelsetenestelova, utan hinder av teieplikt, straks skal sende melding til Helsedirektoratet om betydeleg personskade på pasient som følge av yting av helseteneste eller ved at ein pasient skadar ein annan. Det skal også meldast frå om hendingar som kunne ha ført til betydeleg personskade. Meldingane blir ikkje følgde opp tilsynsmessig.

Meldeordninga for uønskte hendingar er eit av fleire element som høyrer med i arbeidet med pasienttryggleik. Avvikling av meldeordninga betyr ikkje at helse- og omsorgstenesta kan slutte å ha oversikt over og følgje opp avvik og uønskte hendingar. Internkontrollplikta og forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta stiller klare krav om at verksemda skal ha oversikt over og gå gjennom avvik, blant anna uønskte hendingar, slik at liknande forhold kan førebyggast. Gjennom etablering av undersøkingskommisjon og utviding av varselordninga til Helsetilsynet vil alvorlege hendingar for heile helse- og omsorgstenesta også bli følgt opp av eksterne aktørar, både ut frå eit sanksjonsfritt læringsperspektiv og eit tilsynsperspektiv.

Stortinget har vedtatt utvida varselplikt til Statens helsetilsyn og ny undersøkingskommisjon om alvorlege hendingar. Begge skal gjelde for heile helse- og omsorgstenesta, og vil ikkje vere avgrensa til berre spesialisthelsetenesta. Departementet foreslår at den vedtatte endringa i spesialisthelsetenestelova § 3-3 a om utviding av varselordninga, finansierast gjennom dei frigjorde midla som følge av avviklinga av meldeordninga. Ei utvida varselordning inneber at alle verksemder som yt helse- og omsorgstenester får plikt til å varsle Statens helsetilsyn om alvorlege hendingar. I dag er det berre helseføretak og verksemder som har avtale med helseføretak eller regionale helseføretak som har slik plikt. Det er tatt sikte på å sette ny helsetilsynslov, medrekna utvidinga av varselsplikta, i kraft 1. juli 2019.

Forslaget om å avvikle meldeordninga blei også omtalt i Prop. 1 S (2018–2019).

1.2 Elektronisk dødsmelding

Det er utarbeidd ei felles løysing for elektronisk melding om dødsfall til Folkeregisteret og dødsårsak til Dødsårsaksregisteret. Departementet foreslår lovendringar som er nødvendige for at dødsårsak skal kunne meldast elektronisk til Dødsårsaksregisteret. Det er ikkje nødvendig med lovendring for å sende melding om dødsfall elektronisk til Folkeregisteret.

Departementet foreslår at melding om dødsårsak skal sendast elektronisk direkte til Dødsårsaksregisteret, og ikkje lenger via kommunelegen på dødsstaden. Departementet foreslår at det får heimel til å gi nærmare føresegner om korleis meldingar om dødsfall og dødsårsak skal bli gitte. Departementet foreslår også ein heimel til å gi forskriftsreglar om at kommunelegen skal kunne få tilgang til opplysningar frå Dødsårsaksregisteret utan hinder av teieplikt.